Gæsahúðin og hárgreiðslu

Mette Karlsvik sin siste roman går ikkje heilt i hop. Heller ikkje språkleg.

Mette Karlsvik er fødd i Bodø og voks opp på Frei på Nordmøre.
  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Mette Karlsvik: «Surtsey». 131 sider. Roman. Samlaget.

Mette Karlsvik (1978) debuterte i 2005 med romanen «Vindauga i matsalen vender mot fjorden». Den fekk ho Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Etter det har det blitt fleire prisar til denne særs produktive forfattaren som kvart einaste år – i mange sjangrar – har gitt ut (minst) ei bok eller medarbeidd i ei.

Eg veit ikkje om nokon norsk forfattar som nyttar Island, islandsk stofftilfang, islendingar, islandsk landskap, liv og historie, jamvel islandsk språk, så titt og trutt som Mette Karlsvik (til dømes i romanen «Bli Björk» frå 2011, nominert til Nordisk Råds pris, og seinast i fjor med kunstnarromanen «Meieriet»).

Med «Surtsey» overgår ho seg sjølv, ikkje bare ved å skildra skapinga av islandsk landskap og topografi. Ho står for sjølve skaparverket: Etter eit vulkanutbrot steig nemleg øya Surtsey opp av havet ein dag i november 1963. Utbrotet varte innpå fire år før Surtsey – til slutt i underkant av 3 kvadratkilometer – var blitt så stor som ho er nå. I denne roman gir Karlsvik det bibelske proporsjonar og lar det skje på éin (annan) dag. Og for godt mål lar ho dei to hovudpersonane, ungdomane Sóley og Viðar oppleva det på nært hald i ein liten båt på havet like ved.

Det er jonsok, og ungdommane på Heimaey festar på Tollbua. Dei er ikkje stort meir enn konfirmantar, men etter lokal skikk skal det nå drikkast og knullast. Men Sóley og Viðar er ikkje heilt der. Ho er liten og spe, sein inn i puberteten, helst asosial; han er alt forbi å ha glede av sanselaus fyll og fest. Dei to ser kvarandre i mylderet, går fra festen, og på eit hugskott stel dei ein liten båt som ligg lagleg til ved kaia; drar ut på sjøen.

Dette formar Karlsvik til ei dramatisk og vâr historie både om dei eruptive, ytre naturkreftene og dei to unges samtidige oppleving av eit anna menneske og kjærleiken. Men for romanen blir det meir problematisk når ho også opnar for dei heilt store økologiske perspektiva og i sakprosadelar ved sida av forteljinga om landet som med eitt blei større og kjærleiken som oppstod mellom dei to, syner koss nytt liv veks fram på naken lava.

Verre er det at romanen nesten krev eksamen frå «språkleg nordisk» av lesaren, så pepra som teksten er med islandsk: «hárgreiðslu» ein stad kan gi ein «gæsahúðin» ein annan. At Sóley «blir fælinn og hlauper bort til skrentinn», er på den andre sida fullt forståeleg, og derfor skaperi i ein norskspråkleg roman.

Publisert: