Når barnet ditt forsvinn

BOK: Amerikanar bruker Russland og thriller-sjangeren til å fortelja noko heilt anna.

Julia Phillips er aktuell på norsk med romanen «Alt som ble borte». Foto: Nina Subin

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Julia Phillips: Alt som ble borte. Roman. 324 sider. Omsett av Hege Mehren. Pax Forlag.

Likte du dei såkalla mosaikkfilmane frå 90-talet, der «Short Cuts» og «Magnolia» kanskje er dei mest kjente? Då kjem du til å elska Julia Phillips’ (f. 1988) debutroman «Alt som ble borte» … neidå, det er nå jammen ikkje sikkert. Men sikkert er at denne boka er komponert på liknande måte som desse filmane. Der ulike, frittståande historier tangerer kvarandre, med mål om å skapa ein større heilskap og innsikt.

Utgangspunktet er ei forsvinningssak med dei to søstrene Aljona (11) og Sofija (8), som ein augustdag blir bortført frå ei strand på Kamtsjatka-halvøya nordaust i Russland. Eit augevitne hevdar ein mann tok dei med seg i ein svart bil. Utgangspunktet kan òg seiast å vera thriller-sjangeren, der me som lesarar ventar oss ei spenningsmetta opprulling henimot den sjokkerande avsløringa der helten går inn all guns blazing og alle brikker fell sirleg på plass. I staden får me noko heilt anna.

Sakte oppbygd intrige

I staden får me ein sakte oppbygd intrige som beveger seg lenger og lenger bort frå det dramatiske anslaget, i ein slags sniglehus-aktig komposisjon. Etterforskarane og dei næraste pårørande blir vage statistar i utkanten av handlinga. I staden tar meir perifere kjenningar av desse figurane over, i månad for månad framover. September: Tenåringen Olja blir nekta å ha kontakt med venninna Diana av mora Valentina, leiar for administrasjonen på skulen i Petropavlovsk. Oktober: Katja, venninne av augevitnet, er på telttur med Max, og byrjar å tvila på om denne noko uvørdne forskaren på vulkanologisk institutt er kjærastmateriale. November: Nemnde Valentina oppdagar innimellom rutinebesøka til etterforskar Kolja (som ikkje fører noko med seg) ei blemme på brystet som ikkje vil gro. Desember …

Utvidar thrilleren

Høyrest det trivielt ut? Høyrest det keisamt ut? Vel, ein kan i alle fall ikkje skulda forfattaren for å driva med overforbruk av cliffhangers. «Alt som ble borte» er knappast ein thriller, trass i at forlaget påstår det. Phillips brukar og utvidar i staden spenningssjangeren, både når det gjeld innhald og form. Den kreative oppbygginga kan virka noko oppkonstruert i starten, og dei stadige perspektivskifta til nye personar gir ei kjensle av å vera vitne til ei endelaus rekkje introduksjonar. Etter kvart som ein går i stadig nye sirklar i sniglehuset, ser ein derimot effekten: Nye personar med nye historier skaper ei meir overliggjande forteljing: Russiske jenter blir ikkje berre bortført av framande menn, dei blir haldne i sjakk av kjente menn: ektefellar, kjærastar eller brør. Og mødrer, for den saks skuld. Og er du noko anna enn kvit russar, blir du nedprioritert.

Forfattaren har budd fleire år i Russland, og klarer på ein fin måte å mana fram eit røft miljø med ein diskret eim av vodka, sylteagurk, patriarkat og kaldsleg omgangstone, men unngår karikaturane. Det kan minna litt om Jonathan Franzens framstillingar, der alle lir på kvar sin kant, om enn ikkje like skarpt vinkla og originalt.

Når handlinga til slutt sneiar innom den etterletne mora på slutten, eit snautt år etter, er derimot skildringane på sitt sterkaste. Den bitre røynda blir då ikkje berre russisk, men like gjerne amerikansk, eller frå kor som helst i verda. Som etter ein god mosaikkfilm på 90-talet sit ein først igjen med eit inntrykk av at dette var ganske fiffig og kreativt. Og deretter med ei kjensle av noko komplekst og ubestemmeleg, som den tradisjonelle thrilleren vanlegvis ikkje tilbyr.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. En siddis slåss best i nye Adidas

  2. Underholdende familiesaga om rase og identitet

  3. Ho skal ha ros for å gå mot trenden

  4. Gripende og provo­serende om Kielland-saken

  5. Vel­skrevet og over­bevisende debut­roman

  6. Ei skikkeleg morosam bok!

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Litteratur
  4. Bøker
  5. Roman