Autisten og familiekollapsen

BOK: Eit nytt lidingsskrik av ein roman, med innebygd appell til eit samfunn som ikkje yter så mykje som det lover.

Olaug Nilssen blei nyleg brageprisnominert for romanen «Yt etter evne, få etter behov». Foto: Kristian Jacobsen

  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Olaug Nilssen: Yt etter evne, få etter behov. Roman. 191 sider. Samlaget.

For tre år sidan gav Olaug Nilssen (1977, debut 1998) ut romanen «Tung tids tale». Den handlar om ei mor og sonen hennar, om å vera mor til ein tilbakeståande niåring som treng pleie, tilsyn og omsut heile døgnet, og koss det slit henne stadig lengre ned når samfunnet sine løfter om praktisk og økonomisk hjelp, ikkje blir oppfylte. Den fekk ho Brageprisen for.

Haustens roman, «Yt etter evne, få etter behov» er nominert til same prisen. Nå har barnet blitt dei tre åra eldre og er på veg inn i puberteten. Benjamin, som han heiter her, er stor og sterk, språklaus og uregjerleg, med eit forskrekkeleg sinne, og eit konstant behov for distraksjon og påskjønning (lesebrett og snop), og bleier.

Med minnesglimt og tilbakeskodande referat strekker nåtidshandlinga seg over ei veke. Med tung realisme fører ei rad personar, kvar i sine kapittel, i eg-form ordet, alle med sin versjon om livet sitt med Benjamin som omdreiingspunkt: Det er mor til Benjamin, som etter ni år med han ikkje kan meir, og har overlate Benjamin til søstera Rakel og offentlege avlastingsordningar, mens ho sjølv oppheld seg i senga og et seg stadig feitare.

Dei siste tre åra har Rakel hatt Benjamin og vore i arbeid elles også. Rakel har alltid ofra seg for andre, aldri sagt eit bebreidande ord til nokon. I løpet av romanen går det greitt – heilt til det ikkje går lenger, og ho sjølv tar ut. Yngstesøstera, Lea, gjer alt ho kan – og det er det meste – for ikkje å bli hefta med Benjamin: Har ho kanskje ikkje nok med mann og to eigne barn, som kanskje kan bli forkjølte og må haldast heime frå skolen. Desse damene har ei egoistisk, knallhard og sjølvgod mor som heller ikkje vil blandast inn i noko som er vondt, vanskeleg og leit. Far deira er eit mehe.

Det skal ikkje forundra lesaren at skildringa av Benjamin blir ei pinefull og klaustrofobisk forteljing om ein familie som totalkollapsar. Det hjelper ikkje særleg at dei alle kjem frå ein pietistisk ståstad, under kraftig nedsliting, den også. Tittelen på romanen er eit politisk slagord som melder at denne forteljing også skal lesast som ein pamflett. Viss bokas siste setning står til truande, er det likevel håp for alle, og vi inviterast med på ikkje mindre enn eit under.

Publisert:
  1. Roman
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Bok
  5. Litteratur

Mest lest akkurat nå

  1. I livet er hun vant til å bestemme. Når Carina skal leke, vil hun bli domi­nert

  2. Økt smitte på Gosen skole, 80 personer må i karantene

  3. Gabriel og Mikael ble bare ett og syv år. Faren nektet å la historien slutte der

  4. FHI har aldri sett noen lignende: En overraskende effekt av om­fattende smitte­vern­tiltak

  5. Haaland målløs i viktig Dortmund-seier

  6. Korona ga milliard­gevinst i Rogaland – nå tjener Helgø Meny «endelig» penger