Mørkt og godt frå Gilead

TV-SERIE: «Handmaid’s tale» held same høge – og mørke – nivå i sesong fire.

June (Elisabeth Moss) og medsøstrene hennar søker tilflukt på ein trygg gard inne i Gilead. Eller er det eigentleg trygt der?
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

«The Handmaid’s Tale» sesong 4

HBO Nordic. 10 episodar. Premiere 29. april. Serieskapar: Bruce Miller. Med: Elisabeth Moss, Joseph Fiennes, Ann Dowd.

I overfloden av tv-seriar som har fløyma over verda dei siste åra, er det interessant å merka seg at nokre få av dei held eit anna og høgare nivå enn det aller meste som flimrar over skjermen. «The Handmaid’s Tale» er ein av desse.

Så også sesong fire av den mørke, dystre serien, basert på Margaret Atwoods bøker frå det dystopiske Gilead, ein gong kjent som USA. Her blir fruktbare kvinner haldne som slavar av eit forkvakla kristenfascistisk regime. Kvinnene har mista alle sine rettar og eksisterer utelukkande for å føda barn for den herskande klassen.

Gjennom tre sesongar har me følgt June (Elisabeth Moss) og medsøstrene hennar i kampen for å overleva og koma seg ut av dette helvetet av eit liv. Men då dei i sesong tre endeleg lukkast med fluktplanane og kunne klyva om bord på eit fly fullt av Gilead-barn som skulle fly til Canada, valde June og nokre av medsøstrene hennar altså å venda tilbake til Gilead.

Er hemnen søt?

Her startar sesong fire. Kvinnene kjem seg til ein trygg gard. Og mens Gilead-regimet er rasande på tapet av dei verdfulle barna og fast bestemte på å straffa kvinnene som stod bak, er June og hennar flokk opptekne av hemn. Her dukkar ei ny og moralsk interessant problemstilling opp i serien: Kva er det legitimt for desse ofra å gjera mot andre? Kva slag menneske blir hemnarane? Blir også dei moralsk forkvakla, eller er det rimeleg at dei tek igjen med same mynt?

Og kvifor valde eigentleg June fridomen, ektemannen og barnet i Canada bort? Kvifor drog ho tilbake til Gilead?

Kvinnene vil ha hemn over sine overgriparar i sesong fire.

Godt handverk

Det er ikkje alltid lett å setja fingeren nøyaktig på kva som skil dei verkeleg gode tv-seriane frå dei som berre er ok eller under middels. Men i tillegg til å ha skapt eit truverdig, dystopisk univers som både kan tangera reelle fellesmenneskelege og politiske problemstillingar, er sjølve filmhandverket her av høgaste kvalitet.

Skodespelarane, med Elisabeth Moss i spissen, spelar igjen glitrande godt. Ein skulle kanskje tru at ein etter tre sesongar og vel 30 timars dramatikk kunne enda opp med å gå noko på tomgang og glippa litt på spenninga i historieforteljinga. Men etter ein bitte litt treig start med episode éin av den nye sesongen, er eg hekta grundig på igjen etter dei tre episodane HBO har sendt ut til kritikarane på førehand. Igjen lurer eg genuint på korleis dette skal gå.

Men i tillegg til sine store spørsmål og drivande dramaturgi, har «Handmaid’s Tale» lukkast i å skapa eit særeige estetisk univers. Alt det hjarteskjerande og vonde som skjer, er så vakkert filma og komponert at det er ei nyting berre å sjå på bileta.

Det er i det heile tatt ein tv-serie med sjølvtillit som vender tilbake til skjermen denne veka. Same kor mørkt og vondt det er å sjå på, er «Handmaid’s Tale» også i fjerde sesong særs godt tv.

Publisert: