Diktatoren klar for Hovedscenen

Verdspremieren på teaterversjonen glapp. Men onsdag har Rogaland Teater urpremiere på sin heilt eigne versjon av «Chaplin: Diktatoren». Som ikkje har noko som helst med 2017 å gjera?

Diktatoren Adenoid Hynkel (Lars Funderud Johannessen) held sin store tale, flankert av sine fremste menn (t.v. Glenn André Kaada, t.h. Svein Solenes).
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fire år gammel

– Charlie Chaplin var ein av verdas mest kjende filmskaparar i 1940. Det var heilt ekstraordinært at han brukte sin posisjon og si rolle til å laga ein så eksplisitt politisk film som «Diktatoren». Han fekk masse motstand, seier Morten Joachim.

Sist Aftenbladet snakka med Joachim, var han på teatret med si eiga framsyning «Fire begravelser og ett bryllup». Sidan sist er han blitt teatersjef for Haugesund teater, men nå er han tilbake i Stavanger som manusansvarleg og regissør for «Chaplin: Diktatoren». Rogaland Teater trudde dei var dei første i verda til å setta opp teaterversjonen av Chaplins filmklassikar frå 1940, men blei slått av eit dansk komedieteater. Norgespremieren i Stavanger blir likevel ein heilt eigen versjon:

– Me har laga vår eiga tolking av filmen, men ser også på Chaplins eigen livsperiode og utfordringane han møtte, seier Joachim.

– Dette er ingen look alike-konkurranse. Eg spelar Chaplin på min måte. Vil du sjå filmen «Diktatoren» og Charlie Chaplin, gjer gjerne det, men me har altså laga vårt eige stykke, vår eigen variant, seier Lars Funderud Johannessen, som spelar Chaplin.

Lars Funderud Johannessen spelar Charlie Chaplin i «Chaplin: Diktatoren».

Politisk film

Charlie Chaplin begynte å skriva på «Diktatoren» i 1938. Adolf Hitler sat med makta i Tyskland, men det hadde ikkje brote ut nokon krig.

– Innspelinga begynte omtrent samtidig med at Tyskland invaderte Polen, i september 1939. Chaplin hadde eit sterkt samfunnsengasjement og blei oppteken av å laga politisk film og ta ansvar, seier Joachim.

Korleis var responsen på den åpenbare spisse satiren over Adolf Hitler - med Chaplin sjølv i rolla som Adenoid Hynkel, diktator i Tomania?

– Responsen var blanda. Chaplin møtte masse motstand i USA og England, der mange var redde for å fornærma Hitler og der filmen blei sensurert. Store delar av Hollywood samarbeida med det tyske nazipartiet heilt fram til 1941 for å få tilgang til den tyske kinomarknaden, svarer Joachim.

Mange amerikanske kinoar nekta å setta opp filmen. Chaplin meinte det var så viktig å få filmen ut til folket at han ville bygga eigne kinoar. Men så gjekk president Franklin D. Roosevelt ut og støtta filmen offentleg, og ting snudde.

Regissør Morten Joachim (t.v.) syns det blir for enkelt å dra parallellar mellom 1940 og 2017.

Samtidskommentar?

– De set opp dette stykket i ei tid der mange bekymrar seg over den politiske utviklinga i verda og folk som president Trump, ein populist som viser forakt for mange demokratiske prinsipp. Er det ein parallell mellom 1940 og 2017?

– Det blir for enkelt å dra parallellar til 2017. Chaplin gjekk til åtak på demagogi generelt..., startar Joachim.

– ... der fell jo Trump inn, smett Funderud Johannessen inn.

– ... til ei viss grad. Trump er bare del av eit større bilete. Å gjera ein parodi på Hitler i vår samtid er på eitt vis sjølvforklarande - utan å dra parallellar til Duterte, Putin, Trump eller andre «sterke menn». Dette er mykje meir komplekst og interessant enn Trump. Han er ingen massemordar eller diktator. Han er bare ein populist, held Joachim fram.

Les også

Glenn André Kaada ny teatersjef

Satirens rolle

Joachim kjøper heller ikkje parallellen mellom Chaplins politiske satire og alle satirikarane som herjar med Trump, til dømes på «Saturday Night Live».

– Det er ikkje politisk farlig å tulla med Trump i USA. Men det var politisk farlig for Chaplin, seier han.

– Chaplin tok ansvar som kunstnar og laga eit politisk stykke kunst som kommenterte samtida. Gjer de også det?

– Eg har ikkje noko godt svar på det. Me anerkjenner Chaplins posisjon og ansvarskjensle. Om me belyser noko i samtida, kan eg ikkje svara på, seier Joachim.

– Alle teaterstykke kommenterer alltid samtida si, seier Funderud Johannessen.

– Men de må vel ha nokre intensjonar med å setta dette opp nå?

– Vår intensjon er å belysa Chaplins bodskap. Han ba oss vera vakne for populisme, og fokusera på menneskerettar og humanisme. Den beste måten å heidra den bodskapen på, er å prøva å forstå kunstverket hans og gjenskapa det på ein nyansert måte, svarer Joachim.

Frå neste veke av er det diktatorsesong på Rogaland Teater.
Publisert: