Knausgård går i vante spor

Denne gongen var ikkje omvegen verdt heile turen, skriv vår bokmeldar om Karl Ove Knausgård si siste roman.

BOK: Underhaldande og velskrive, men utan augeopnande erkjenningar av den oppsiktsvekkande sorten.

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Karl Ove Knausgård: Ulvene fra evighetens skog. Roman. 776 sider. Forlaget Oktober.

«Omvegar fører lengst,» skreiv ein klok mann ein gong i tida. I møte med Karl Ove Knausgårds (f. 1968) litteratur har me vent oss til at omvegane både kan bli dratt langt (skriva over 3500 sider om eige og andre sitt privatliv) og samstundes føra langt (fornya romansjangeren og bli internasjonal superstjerne).

Det siste bidraget i så måte er «Ulvene fra evighetens skog,» der handlinga strekkjer seg over nærare 800 sider, meir enn 30 år, to kontinent og nesten heilt inn i The Twilight Zone. Denne frittståande oppfølgjaren til «Morgenstjernen» held med andre ord på stemninga av undergang og det smått overnaturlege. Katastrofen ligg og lurar på to plan: Den store i utkanten av handlinga, den vesle på det personlege planet.

Ungdommeleg uro

I første del av romanen kjem dette til uttrykk ved at tidspunktet er april 1986, like før atomreaktoren i Tsjernobyl går i lufta. Hovudpersonen Syvert veit ingenting om denslags, opptatt som han er av å feira grundig at han nettopp har dimma frå militæret, spela fotball, forelska seg i lokale sørlandsjenter, krangla med ei kjederøykande mor og ein nerdete veslebror. Og med ungdommeleg uro venta på at noko, eitt eller anna, skal skje. Då det som skjer er at den ukrainske apokalypsen inntreff, registrerer 19-åringen det lett fråverande via Dagsnytt-meldingar på radioen. Og er meir opptatt av at Maradonas Argentina skal møta det norske landslaget på Ullevaal.

Då den for lengst avdøde faren så kjem til Syvert i ein draum, skyt handlinga fart. På nærast Frøken Detektiv-aktig manér sporar den drøymande sonen etter kvart opp ei bunke russiske, handskrivne brev i ei kiste på gamle løa på garden. Funnet reiser stadig fleire spørsmål om kva slags business den gåtefulle faren eigentleg dreiv med då den kalde krigen var på sitt mest botnfrose. 

Russland. Nå

Andre del går føre seg i Russland i nåtida, der den bitre biologen Alevtina tenker tilbake på den tapte akademiske karrieren sin. I staden for å utføra grensesprengande forsking visnar ho hen med rutineprega undervising for umodne førsteårsstudentar. Fritida går med til å vera åleinemor for ein sjølvsentrert hockey-kvalp som framleis bur heime og har få andre interesser enn å svinga kølla. Det stundar mot 80-årsdagen til faren hennar, ein far som har brydd seg meir om musikken og bøkene sine enn henne. Stemninga kunne knapt vore meir laber då den sprø poetvenninna Vasilisa dukkar opp. Gjennom henne blir lesaren kjent med dei minst like sprø sovjetrussiske, medisinske forsøka på å overvinna døden og aldringa. 

Oppfyller så denne siste romanen dei tilsvarande høge forventningane ein måtte ha til Noregs litterære morgonstjerne? Svaret mitt er eit rungande både òg.

Alt dette er berre noko av det ein skal halda styr på i dei to handlingsforløpa, og du kan jo gjetta om dei på eitt eller anna tidspunkt kryssar kvarandre. Både volumet, ambisjonane og kjenslene er som sedvanleg store i eit Knausgård-verk, og tematikken er ikkje mindre grandios; ein kan ana at det er noko bortimot «meininga med livet.» Oppfyller så denne siste romanen dei tilsvarande høge forventningane ein måtte ha til Noregs litterære morgonstjerne? Svaret mitt er eit rungande både òg. 

Underhaldande og velskrive

Det har blitt hevda at Knausgård kan skriva 20 sider om kva tema som helst og gjera det leseverdig, og han provar påstanden igjen i denne utgjevinga. Første del er eit kjærleg skildra nostalgidykk til 80-talet, der berre lydsporet av The Cure manglar for å gjera den ungdommeleg hudlause stemninga komplett. Absolutt underhaldande og velskrive, men i lengda litt glatt: ein saknar friksjonen og faenskapen ein blei kjent med i «Min kamp.» Og ein kjenner igjen teknikken litt for ofte: vekslinga mellom inngåande skildringar av realismeskapande detaljar som kaffikoking eller fiskepinnesteiking, tankesprang som fører handlinga fram og tilbake i tid og lange dialogar over fleire sider. Handverket eller saumen har med tida blitt for synleg.

I andre del verkar det som ambisjonane er skjerpa, særleg på det tematiske planet, der ei slags problematisering av vitskapen si rolle som forståingsramme kan merkast. Likevel verkar det som Knausgård, trass ei litt anna innpakning, framleis krinsar rundt mykje av same litterære motiv som for eit tiår sidan: Kva saknet etter ein manglande farsfigur gjer med ein. Fleire av dei kortare handlingstrådane bidrar elles med lite til historia, og kunne vore kutta utan sakn. Og eit 30 sider langt essay midt i handlinga overraskar ingen lenger. Kanskje er det tid for at Knausgård gjer eit brot i forfattarskapet, både innhalds- og formmessig.

Fleire enkeltformuleringar er derimot minneverdige one-liner-ar, som: «Det tomme begjæret etter å fylle tomheten, det var livet» eller «Det er klart du ikke tror på kjærligheten. Du vokste jo opp med din mor og meg.» Det finst fleire av dei, men for få i løpet av 776 sider. Denne gongen var ikkje omvegen verdt heile turen.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Sprudlende flott roman

  2. Et lite mesterverk

  3. Klimaangst og økosorg

  4. Innfrir igjen

  5. Varg Veum er krimlitteraturens norske helt – nå prøver han seg på et mysterium fra virkeligheten

  6. Eks-stortings­politikar debuterer som for­fattar – vår kritikar er passe nøgd

  1. Bokanmeldelser
  2. Karl Ove Knausgård
  3. Litteratur
  4. Bokanmeldelse
  5. Anmeldelse