Moderniserer Kielland

Fire bøker av Alexander L. Kielland skal moderniserast i språket og tre av dei lesast inn som lydbok til 175-årsjubileet i 2024. Men det blir ikkje nokon hip hop-versjon av «Garman og Worse».

Tore Renberg les inn tre av Alexander L. Kiellands romanar i det som skal bli oppdaterte versjonar av «Gift», «Skipper Worse» og «Garman og Worse».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

«Intet er så rommelig som havet, intet så tålmodig.»

Tore Renbergs stemme smyg seg ut av høgtalarane i Arne Hovdas lydstudio på Tou Scene.

Er det litt overraskande? At Renberg les setninga slik, og ikkje på denne måten: «Ingenting e så rommeligt så have, ingenting så tålmodigt»? At han les «jeg» i staden for «eg», «ikke» i staden for «ikkje», slik Jan Inge eller Rudi i Hillevågsgjengen ville sagt?

– Me kjem ikkje vekk frå at dette er skrive i 1880-talets pompøse stil. Eg skal gi uttrykk for 1880-åra, ikkje 2022. Dette handlar om Kielland, ikkje meg. Derfor les eg, for første gong, eit lydetterliknande bokmål, seier Tore Renberg, som tidlegare også har lese inn sine eigne romanar som lydbok. På stavangersk.

175-årsjubileum

I 2024 er det 175 år sidan Alexander L. Kielland blei fødd. Det skal markerast i Stavanger. I spissen for det heile står Kiellandsenteret – som sjølv fyller fem år i 2024.

– Me vil gi fire av Kiellands mest leste og brukte bøker ei språkleg oppgradering, slik at dei blir lettare å lesa, seier Kiellandsenter-leiar Stine Honoré.

Dermed har Kiellandsenteret i samarbeid med forlaget Gyldendal gått gjennom språket i «Gift», «Skipper Worse», «Garman og Worse» og eit utval av Kiellands novelletter. Bøkene skal koma ut på ny. Og i tillegg les altså Renberg inn dei tre romanane som lydbok.

– Det er vanskeleg. Desse tekstane er ikkje skrivne for å lesast opp. Dei er veldig lite munnlege for ein 2022-kjeft, seier Renberg.

For Kielland skreiv altså eit riksmål som framfor alt liknar dansk. Han skreiv uendeleg lange setningar, ifølgje Hovda med lange, forteljande, innskotne bisetningar som tidvis har fått dei to til å måtta nøsta seg tilbake for å finna ut kva setninga eigentleg handlar om. Ja, og så var Kielland veldig glad i teiknsetjing.

Modernisering

I sum: Originaltekstane til Kielland er så godt som uleselege for eit 2022-menneske. Og sjølv om det er gjort språklege oppdateringar også før, sist i 1995, er ikkje bøkene å få tak i lenger.

Så då må Kielland moderniserast. Men kor mykje?

– Det er ein interessant balansegang mellom modernisering og bevaring. Det korte svaret er at me ikkje har tenkt å laga nokon hip hop-variant av Kielland, seier Bjarne Buset, redaktør for norske klassikarar i Gyldendal:

– Målet er få nye og yngre lesarar, men det er ei forsiktig modernisering. Til moderne riksmål.

Det betyr at «nu» er bytta ut med «nå». «Efter» blir «etter». Og etter litt om og men kom språkkonsulentane fram til at det i 2022 uforståelege ordet «pedell» skulle oppgraderast til «vaktmester».

– Du mistar nokre nyansar, men det blir forståeleg for ein moderne lesar. Målet vårt har vore å jamna ut humpar og fylla ut hola i teksten, slik at det glir lettare for lesaren, seier Buset.

Tore Renberg og Arne Hovda prøver å finna fram til lyden av 1880 – men på ein måte som kan fungera som lydbok på 2020-talet.

Lyden av 1880

Og det er altså dette Renberg prøver å få til i lydboka.

– Ingen veit korleis lyden av 1880 var. Mest sannsynleg var tonen ekstremt mykje meir prega av høflegheit og sjølvframstilling enn i dag, seier Renberg.

– Og av klasse, seier Hovda.

– Ja, typ: «God dag, Herr Overrettssakfører». Språket uttrykker også makt og kamp om makta. Her hadde Kielland ekstremt god innsikt i klassestrukturar og språk sidan han var på innsida av byens beste borgarskap, seier Renberg.

Sjølv har han vore ein Kielland-entusiast lenge – mens det er minst like lenge sidan Hovda las Stavangers store kronikør, og då på skulen. Nå er dei to jamt einige om at dette er eit bøker som held mål også i 2022. At Kielland har ein lett, kvass og morosam penn. At han på fleire område var før si tid. At han burde blitt lesen av fleire – i heile landet.

– I Stavanger skal me til dømes vera glade for at det fanst ein som skildra byen vår på den tida. Kielland var skikkeleg på; ein skarp og oppdatert observatør, heilt til han blei gammal, feit og lat, seier Renberg.

Hjelper det?

– Hjelper det eigentleg at nokre entusiastar frå foreldre- og besteforeldregenerasjonen seier at dette er skikkeleg bra greier, om ein vil ha unge folk til å lesa Kielland i dag?

– Eg drit i om dei er unge eller gamle. Me skal ganske enkelt gjera Kielland meir tilgjengeleg. Så er det opp til folket å avgjera om dei vil ha det, seier Renberg.

Honoré og Kiellandsenteret jobbar mykje med formidling og skular, og dei fire titlane er dels valde ut fordi dei er mest lesne og mest brukte i skulesektoren.

– Ærleg talt: Er det nokon som les Kielland frivillig i dag, utan at bøkene er del av eit eller anna pedagogisk opplegg?

Her må Honoré le ganske lenge før ho svarer, først litt ironisk:

– Ja. Kven gjer ikkje det? Alle skuleelevar les Kielland. Meir eller mindre frivillig.

Men Honoré meiner altså at Kielland fortener å bli lesen, også på 2020-talet – og at dei moderniserte utgåvene kan bidra til det.

– Desse tekstane er også historia om byen vår. Både «Gift» og «Skipper Worse» handlar om framveksten av det moderne Stavanger.

– Olje-Stavanger?

– Ikkje olje-Stavanger, men framveksten av byen slik han er i dag. Men her er også perspektiv på menneske og natur som er vel så relevante i dag som då. Og vår erfaring er at om skuleelevar får tekstar og problemstillingar dei kan kjenna seg igjen i, så liker dei det.

Folk er folk

På dette området har det skjedd noko også i studioet på Tou. For i arbeidet med lydboka, som ikkje berre involverer innlesing av den nye teksten, men også konsultasjonar med eldre versjonar, har Renberg og Hovda oppdaga at folk er folk, enten dei levde i 1880 eller 2022:

– Middagspraten Kielland skildrar kunne like gjerne gått føre seg i dag, seier Hovda.

– Og det viser kva slags imponerande, realistisk diktar Kielland var, seier Renberg.

Nøyaktig når bøkene kjem ut, er enno ikkje bestemt. Men dei er på plass til Kielland fyller 175.

Publisert:
  1. Tore Renberg
  2. Stavanger
  3. Litteratur

Mest lest akkurat nå

  1. Person med øks på butikk i Stavanger – én skadet

  2. Ungdommer hedret Marte (19) og Tor Martin (19) med bilkortesje: – De var så forelska

  3. Første spadestikk for mer bussvei: Se hvordan strekningen blir når den er ferdig

  4. PST frykter nye angrep fra islamister og andre miljøer – ber om tips fra folk

  5. Hvorfor rasere naturen når det har null effekt på verdens klima?

  6. Bygger ny robotbil på Bryne