Gammal nazist blir som ny

BOK: Originalt, fascinerande og stilsikkert til tusen om livsvalet til han som ikkje vann.

Hanna Dahl, født i 1977, er fra Modum. Hun debuterte med novellesamlingen «Rønneimperiet» i 2015, som ble nominert til Brageprisen.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Hanna Dahl: «Kraft». Roman. 152 sider. Gyldendal.

Då Hanna Dahl (f. 1977) debuterte med novellesamlinga «Rønneimperiet» i 2015, blei ho nominert til Brageprisen. Rett nok har eg ikkje lese debuten, men eg kan ikkje skjøna anna enn at andreboka «Kraft» må vera ein minst like god kandidat til slik heider.

Her møter me norske Olav, SS-veteran og tidlegare frontkjempar, som 50 år etter krigen ser tilbake på opplevingane sine og prøver å finna ut kvifor det blei som det blei. Samstundes gjenfortel han kva som skjedde under det aller siste oppdraget, Operation Schneehund, på Finnmarkskysten. Der Olav som leiar for ei gruppe av dei såkalla sølvrevane blei sende undercover i april ’45, utan å vita at riket dei kjempa for, var i ferd med å gå under. Med hovudpersonen sine vekselvise kommentarar i ettertid, følgjer me seks menn i stødig marsj mot der Untergang.

Forfattaren har basert romanen på historiske dokument og er «inspirert av virkelige hendelser,» i følgje etterordet, men handlingane og figurane er i stor grad oppdikta. Forfattaren surfar slik sett på dokumentarisme-bølgja som har blitt populær òg innan skjønnlitteraturen dei seinare åra.

Styrken til Dahl er at ho i svært stor grad klarer å vera sjølvstendig i høve til stoffet ho har fordjupa seg i. Ho bruker krigshandlingane og ettertida meir som eit slags råstoff eller bakgrunn, tar så eit steg opp, og klarer dermed å skapa eit uavhengig og ikkje minst spesifikt skjønnlitterært verk. På denne måten handlar «Kraft» etter kvart ikkje lenger om «Krigen,» det handlar om «noko anna.» 

Kva dette «anna» er for noko, vil eg ikkje seia så mykje om, då det øydelegg noko av premissen for romanen. Ein anar likevel at livsval, skyld og soning står sentralt, og at både handling og tematikk har noko til felles med til dømes Jonathan Littells «De velvillige».

Det diffuse, smått gåtefulle og såpestykke-aktige kan her seiast å vera mykje av poenget med romanen, og i den samanhengen er «Kraft» framfor alt ei oppvising i suveren karakter- og miljøskildring. Dahl er gjennomført stilsikker og klarer å mana fram både krigssituasjonane og refleksjonane i ettertid på ein usedvanleg overtydande måte.

Verktøyet hennar er ei tørr, nøktern, nærast likesæl språkføring. Hovudpersonen Olav er eit høgdepunkt i så måte. Ekstremt velformulert, like vrien å få tak på. Han leitar, skriv, kanskje like mykje for eigen del som for oss lesarar. Han er ikkje interessert i å pleasa deg. Han er ikkje ute etter å oppfylla forventningane dine.

Rett nok blir forfattaren og ikkje minst Olav vel flittige med Stefan Zweig-referansane utover, og slutten kjennest hakket for konkluderande og forsonande til å passa inn med resten. Likevel har eg ikkje lyst til å vera for nazi med slike detaljar, men heller seia at det er lenge sidan eg har lese noko så heilstøypt og stimulerande frå ein norsk forfattar.

Manuset var til slutt nærast herpa av kulepenn-understreka vendingar og formuleringar som fortener heider, men som det dessverre ikkje er plass til å omtala har. Eg gir meg difor avslutningsvis hen til ein sjeldan salutt av positivitet: Sånn skal det gjerast! Du er eit førebilete for alle som skriv i denne sjangeren, Hanna Dahl!

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. En skattkiste for bergensere. Er det bra, eller?

  2. Eks-stortings­politikar debuterer som for­fattar – vår kritikar er passe nøgd

  3. Rogalands svar på Mr. Bean på verdens ver­ste syden­tur

  4. Krigen var ikke så fredelig som disse bildene viser

  5. Vilt fabu­lerende, over­skudds­preget og under­holdende om Ibsen

  6. Han kjempet for demo­krati, ble feng­slet, tort­urert og havnet i Stav­anger. Diktene hans er vakre!

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse