Fransk familiedrama

FILM: Familiefesten går ikkje heilt etter planen, nei.

Publisert: Publisert:

Det bli vel så mykje krangling og drama som dans og fest når mor sin 70-årsdag skal feirast.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 4 out of 6

Familiefesten

Originaltittel: Fête de famille. Med: Catherine Deneuve, Emmanuelle Bercot, Vincent Macaigne, Cédric Kahn, Laetitia Colombani. Sjanger: Komedie / Drama. Regi: Cédric Kahn. Nasjonalitet: Frankrike, 2019. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time 41 minutt.

Det ser så lovande ut: To gutungar opnar porten til ein lang allé som fører fram til eit fantastisk hus ein stad på landsbygda utanfor Bordeaux. Inne på kjøkkenet står bestemor Andréa (Deneuve) og lagar mat. Heile storfamilien skal samlast for å feira at ho blir 70 år: Den rike broren med kone og barn. Kunstnarbroren med nok ei ny dame. Og så dukkar halvsøstera som har vore borte dei siste åra overraskande opp.

Så blir det familiedrama meir enn familiefest, for heller ikkje denne familien er utan konfliktar, løyndomar og skavankar - slik alle familiar jo er.

Tidvis kan «Familiefesten» sjå ut som klisjeen av ein «fransk film» - foreviga i Ylvis sin klassiske parodi «Jacues et Florentine» - sjekk den på YouTube! Her er masse fektande franske armar, heftige kranglar, komplisert amour og ein stille scene med stirring ut i regnet. Her er fransk matlaging, fransk natur, fransk lynne. Og så er her eit element av fransk intellektualitet, ein slags metadiskusjon om kva slags film den eine broren, bohemen Romain, eigentleg er i ferd med å laga.

Regissør Kahn, som sjølv spelar sonen Vincent, lukkast i å få fram dei store kjenslene hos skodespelarane. Samtidig syns eg det blir litt merkeleg kor kort det er frå ekstremt dramatisk krangling til å oppføra seg som om ingenting har skjedd. Greitt nok at mora, spelt av legendariske Deneuve, prøver å glatta over konfliktane og gjerne vil ha god stemning på 70-årsdagen sin, men det er vel grenser for kor mykje gode miner og slett spel det er mulig å leggja for dagen når delar av familien raknar framfor auga dine.

Ja, og så er det dette kompliserte med sjanger. Er det mest komedie eller mest drama? Kan ein vera begge delar på éin gong? Set latteren seg litt i halsen når problema viser seg å vera alt anna enn noko ein kan le av?

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Et nytt smittetilfelle i Sola, tre i Stavanger

  2. Korona-virus knakk eventbyrået hennes

  3. Se video: Derfor er Sola og Stavanger konserthus farget i rødt i kveld

  4. Hver 10. bil er borte: Koronapandemien har påvirket trafikken.

  5. Eigersund: Omstridt rådmann går av

  6. Haaland byttet ut etter mål og assist. Så vant Bayern supercupen: – Kjenner meg paff

  1. Anmeldelse
  2. Film
  3. Filmanmeldelse