Frå livsens stup og avgrunnar

ROMAN: Arne Ruset omdannar sine mange einskildhistorier til éin, heilskapt, roman.

Publisert: Publisert:

  • Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Grade: 5 of 6 stars

Arne Ruset: Nattferje frå Åfarnes. Roman. 187 sider. Solum Bokvennen.

Ein stad i Arne Rusets (1951, debut 1973) roman av året ber ein gammal kjenning av den eg-forteljande skrivaren av «Nattferje frå Åfarnes» han om å vitja den perifære kjenningen si mor der ho bur for seg sjølv. Motviljug gjer han det, og kjem fram til eit hus som ligg i mørke, og ei gammal kvinne som sit i eit mørkt rom. Ho er blind, og treng ikkje lys.

Når ho ønsker å sjå denne eg-forteljaren, er det fordi ho veit at han er forfattar, og nå vil ho at han skal skriva ned og fortelja noko forvitneleg frå livet hennar, noko som kan bli verande etter henne. For det er ein skikk i bygda at når folk kjenner at deira levedagar snart er til endes, står dei fram i forsamlinga og fortel det dei hugsar som høgdepunktet i livet sitt. Når den gamle kvinna nå treng hjelp av ein diktar, er det fordi ho i heile si tid ikkje har opplevd noko som helst, tykkjer ho.

Denne episoden er ei av mange i rammeforteljingane rundt dei ti stykka som både utgjer ei novellesamling, og der rammeforteljingane samstundes bind dei saman til ein heilskapleg roman som eg-forteljaren sjølv kunne bruka til status og oppgjer over eige liv. Om han ikkje maktar eller tør det, vil nok lesaren gjera det for han etterkvart som forteljingane dannar eit mangefasettert portrett av ein sjølvsentrert og tilknept mann som strever, med sorg og saknad, med skuld og anger, flukt og forsømming. Alle sorgene og sutene som ligg på han, hemmar han i det same skrivearbeidet og den forfattarskapen som gjer at kona nå har fått nok, og forlate han.

Av det heile skaper Arne Ruset ein finurleg konstruksjon som, når den tiande «teksten», som novellene er kalla, er nedteikna, har tatt lesaren med til utkantane av ei vestlandsbygd og den hytta han har lånt for å få denne romanen skriven. Det er ein sinnrik konstruksjon, og mens Ruset fyller ut biletet av den namnlause forteljaren sin, serverer han den eine gripande og spennande historia etter den andre frå stup og avgrunnar i menneskelivet.

Ei eller to av dei er kanskje i det fiksaste laget, men kvar seg og til saman gjer dei inntrykk på både kjensler og ettertanke og hjelper lesaren i «Kunsten å lytte» til både eigne og andres fiktive liv, som det siste stykket heiter.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Svært saktegående kø på E39 gjennom Ålgård

  2. Kjørte i 142 km/t - mistet lappen

  3. Regjeringen vil åpne for reiser til Danmark – i dialog med andre nordiske land

  4. Følg med på nyttår rundt i distriktet på våre webkameraer

  5. Regjeringen blar opp 26 milliarder kroner - sjekk tiltakene for Rogaland

  6. Spedbarn døde av covid-19 i Sveits

  1. Litteratur
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse