Ikkje berre ein fisk

Bok: Villaksen er ein del av kulturen vår. Derfor gir Lars Kvamme han enno ein sjanse.

Publisert: Publisert:

– Biografien om laksen er ei spennande, velskriven og kunnskapsrik historie om ein fisk som har spela ei viktig rolle både økonomisk og som del av vår kultur. Foto: Pål Christensen

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Grade: 5 out of 6

Lars Kvamme: Laks – en biografi

236 sider

Pax Forlag

SAKPROSA: Mennesket og villaksen har eksistert saman i 30.000 år. Men er det slutt nå? Vil laksen finna sin plass i rekka av tamde husdyr, saman med kua, hesten, grisen og sauen, redusert til «biomasse» og eksportprodukt?

Når ei slik uro er utgangspunktet for ei bok, kunne ein frykta ein overdose av sentimental naturromantikk, med tilhøyrande utfall mot homo sapiens og det moderne samfunnet som kjenner prisen på alt, men ikkje verdien av noko.

Ei slik bok har ikkje Lars Kvamme skrive, sjølv om han så avgjort er villaksens mann. Biografien om laksen er ei spennande, velskriven og kunnskapsrik historie om ein fisk som har spela ei viktig rolle både økonomisk og som del av vår kultur. På imponerande vis kombinerer Kvamme biologi, geologi, klimakunnskap, mytologi, historie, språkvitskap og matkultur i sitt portrett av laksen – frå han skilde lag med gjedda i evolusjonen for om lag 100 millionar år sidan til han i dag er blitt utgangspunkt for ein milliardindustri.

Det er rett og slett fascinerande folkeopplysning. Men eg saknar fleire illustrasjonar – nokre kart blir for sparsamt. Korleis ser for eksempel det 25.000 år gamle risset av ein laks i ei grotte i Dordogne i Frankrike ut? Det skulle eg gjerne visst. 

Norge avgjer

Undervegs gjer Kvamme journalistiske avstikkarar til Frankrike, Skottland og USA og møter menneske som kjempar for å ta vare på restane av før så rike laksestammar. Det er ein motstraums kamp. I Penobscot-elva i Maine har det vore tradisjon for å gi alle amerikanske presidentar ein laks i gåve. Den siste som fekk, var George Bush senior i 1992.

Slike reportasjeelement kan lett føra framstillinga inn i ei bakevje, men gjer det ikkje her. Dei er nøye utvalde, og byggjer opp under det som er forfattaren sin hovudbodskap, nemleg at lagnaden til den atlantiske villaksstammen blir avgjort i Norge. Det er hos oss me har dei fleste levande lakseelvane, men det er også her me har den største oppdrettsnæringa i verda. Over 99 prosent av laksen har vakse opp i merdar. Er det rom for villaksen ved sida av?

Med sikker sans for dei gode eksempla tar Kvamme oss med til Vosso – elva som i si tid skaffa stamfisk til den gryande oppdrettsnæringa, men der laksen i dag er utrydda. Tidlegare Bergens Tidende-redaktør Kjartan Rødland er guide til historia om glanstida for laksefisket på Bolstadøyri, då dei engelske lakselordane kom med toget frå Bergen på jakt etter den store fangsten. Kvart år reinsar Rødland risset av ein rugg på 28 kilo som bryggerieigar Henry Charrington fekk meisla inn i ei steinhelle utanfor det gamle vertshuset i 1911.

Optimist

Og kanskje har Kvamme rett i at om noko skal kunna redda villaksen, så er det kulturen omkring laksefisket. Ikkje berre historia, men at fisket framleis er tilgjengeleg for folk flest. Engasjementet frå tusenvis av fritidsfiskarar er til sjuande og sist eit betre forsvar for laksen enn forskarar, naturforvaltarar og byråkratar, meiner han.

Kvamme vil gjerne vera optimist. Han er ingen fiende av oppdrettsnæringa, den er komen for å bli. Dei store økonomiske ressursane til næringa gjer det også mogleg med ein forskingsinnsats som også vil kunna koma villaksen til gode. Om ikkje alle i oppdrettsnæringa har eit sentimentalt forhold til villaksen, så har dei i alle fall sterke økonomiske motiv for å få lakselus og rømming under kontroll.

La oss håpa forfattaren har rett, og at ikkje biografien over villaksen blir historia om eit avslutta liv.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Helsedirektoratet jobber for å innføre koronatesting på flyplasser og på grensa

  2. Bekymret Solberg varsler koronainnstramminger

  3. Storstevne kan gå i vasken for Team Ingebrigtsen

  4. Viking har signert ny keeper

  5. Tre personer fra Stavanger testet positivt for koronaviruset etter å ha reist med Color Line

  6. Myndighetene kommer trolig med munnbind­anbefaling fredag

  1. Laks
  2. Bok
  3. Bokanmeldelse
  4. Sakprosa