Nye, lokale bøker ute

Terje Torkildsen, Bjørn Arild Ersland, Per Dybvig, kommunelegen i Sola og Karl Ove Knausgårds stavangerbaserte forlag Pelikanen byr alle på nye bøker i mars.

Publisert: Publisert:

Terje Torkildsen er aktuell med ungdomsromanen «Isla Bonita». Foto: Marius Vervik

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Dobbel Upris-vinnar Terje Torkildsen er ute med ny ungdomsroman. "Isla Bonita" handlar om 16 år gamle Carlo, som reiser til Syden med den rare kunstnarmora si. Han ser fram til ei roleg ferieveke i varmen, men Isla Bonita viser seg å vera ei øy full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Kan det vera livsfarleg å bli forelska?

Terje Torkildsen er komikar og forfattar frå Stavanger, og har gitt ut ei rekke ungdomsbøker sidan debuten med "Marki Marco" i 2008 - som han også fekk Uprisen for. Den same Uprisen fekk han for "Dystopia III", som kom i 2012.

Les også

– Sensasjonelt med to nominerte frå Rogaland

Les også

Bok: Sex og drikk og mobbing i ny serie frå Terje Torkildsen

Les også

- Bra å lesa mørke ungdomsbøker

Ny barnebok frå Ersland og Dybvig

Bjørn Arild Ersland og illustratør Per Dybvig er ute med ny biletbok for barn. "Bjørnen sover" handlar om alt bjørnen gjer før han legg seg. For korleis kan ein bjørn sova gjennom heile vinteren utan å eta, drikka eller gå på do? Korleis fungerer bjørnekroppen? Kva er det siste innan bjørneforsking.

Både Ersland og Dybvig er særs kritikarroste og prisløna for barnebøkene sine. I 2016 blei dei både nominerte til Brageprisen og Kulturdepartementets barnebokpris for boka "Hvor gammel blir en tiger?"

Les også

Bjørn Arild Ersland ble lei av å sykle til jobb i regnvær og begynte heller å jobbe hjemmefra

Les også

Per Dybvig og Bjørn Arild Ersland nominert til Brageprisen

Les også

Skreiv roman etter veddemål om nye joggesko

Kommuneoverlegen i Sola romandebuterer

Kommuneoverlegen i Sola, May Sissel Vadla frå Årdal, debuterer som romanforfattar på det lokale forlaget Publica. Romanen "Det som sies høyt" er ifølgje forlagsomtalen ei vakker forteljing om sorg og sakn, om nye og gamle band, om å halda seg oppreist sjølv om livet trykkar ein ned. Vadla seier til Strandbuen at boka ikkje er prega av action og svære, dramatiske hendingar, men handlar meir om stillferdig ettertanke enn store kjensler.

To nye, svenske frå Pelikanen

Stavangerbaserte Pelikanen forlag byr på to nye bøker før påske, begge omsette frå svensk: "Nede for telling" av Martin Holmén er ifølgje forlaget kvalitetskrim og ein beinhard, moderne noir. "Den befridde familien" av Josefin Olevik er ei debattbok som diskuterer kva ein familie er, om foreldreskap og familierelasjonar.

Boka er omsett av brageprisvinnar Monica Isakstuen, som også har skrive forordet. Olevik og Isakstuen kjem til Stavanger og Kåkå kverulantkatedralen 10. april.

Publisert:

Les også

  1. Småbarnsmor på randen

  2. Made in Sandnes

  1. Roman
  2. Barnebok
  3. Bøker
  4. Litteratur
  5. Bjørn Arild Ersland