Laga film om dei ureine, dei utstøytte, dei spedalske

Som barn såg Hallgeir Skretting lysbilete av spedalske på Madagaskar på misjonshuset på Varhaug. Som vaksen har han laga film om den bibelske sjukdommen - som ligg nærare oss enn du skulle tru. Torsdag blir filmen «De utstøtte» vist gratis på Stavanger kino.

Publisert: Publisert:

Hallgeir Skretting og Turid Borgen intervjuar spedalske Eloi, som bur i leprakolonien bygd av norske misjonærar på Madagaskar.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Ja, desse misjonsfilmane har visst blitt mitt lodd i livet, flirer Hallgeir Skretting: - Men eg meiner dette er ein viktig del av norsk kulturhistorie - og ikkje minst for oss rogalendingar.

Den tidlegare NRK-fotografen er nå professor ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger. I 2015 kom han med filmen «Film fra hedningeland», der han reiste til Madagaskar for å finna ut korleis det gjekk med ein av personane frå dei gamle misjonsfilmane.

– Meininga var at eg skulle ha med dei spedalske i den første filmen, men så blei det ikkje plass. Samtidig følte eg at det låg meir materiale her, seier Skretting.

Film om dei utstøytte

Dermed laga han «De utstøtte», som hadde premiere på Bergen internasjonale filmfestival i september, og som torsdag blir vist på Stavanger kino, med ein etterfølgjande panelsamtale.

Hallgeir Skretting har både forska på og laga eigne filmar med utgangspunkt i dei gamle misjonsfilmane på Misjonshøgskolen i Stavanger.

Som i «Film fra hedningeland» har også «De utstøtte» sin bakgrunn i Skrettings djupdykk i misjonsfilmarkiva på Misjonshøgskolen i Stavanger - som igjen hadde sitt utspring i at han og kollega Turid Borgen i 1992 skulle laga eit program i samband med 150-årsjubileet til Det norske misjonsselskap, NMS. Norske misjonærar engasjerte seg nemleg sterkt i dei spedalske på Madagaskar då dei starta si verksemd der på 1890-talet. Dei bygde opp ein eigen leprakoloni der dei spedalske fekk bu - og som framleis til ei viss grad eksisterer, sjølv om det i dag står til forfalls. Dermed møter me i filmen spedalske gassarar - som den dag i dag tek vare på norske julekort, eitt av dei med oppskrifta til fattigmann.

Julienne bur framleis i den norskbygde leprakolonien på Madagaskar. Blant hennar kjæraste ting, er postkort det står «God jul og godt nyttår» på.

Spedalske Vestlandet

– Det som likevel overraska meg, var at parallelt med spedalskepidemien på Madagaskar, hadde me det same her på Vestlandet, seier Skretting.

På 1850-talet hadde nemleg Norge det høgaste talet på leprasjuke i heile Europa. Sjukdommen fanst kun på Vestlandet, og Bergen hadde det største leprahospitalet av alle større byar. Det var også her lepra-bakterien skulle bli oppdaga, av legen Henrik Armauer Hansen. Spedalskheit blir derfor også kalla «Hansens sjukdom».

Det som kanskje var endå meir overraskande, var at det fanst nordmenn som hadde leprabasillen heilt fram til vår tid. Den siste, norske spedalske døydde i 2002 på Sotra - men ville til sin døyande dag vera anonym fordi stigmaet stadig var så sterkt.

Møtte levande spedalske

– Det blei viktig for meg å laga denne filmen nå, mens det framleis lever folk her i landet som har levd med spedalske, seier Skretting, som også har vore i Spania og besøkt Europas siste leprakoloni, utanfor Valencia.

– Det var også viktig for meg å få leprapasientar i tale. Men då måtte eg altså til Madagaskar og Spania. Felles for leprapasientane, frå bibelsk tid til i dag, er det sterke stigmaet og utstøytinga dei som får sjukdomen opplever.

Frisøren som klypper leprapasientane i Spania opplever å mista kundar. Mannen som måtte flytta frå landsbyen då han blei sjuk på Madagaskar, har ikkje sett mora si på 15 år - før Skretting og filmmakarane får til eit møte. Eit møte som er fanga på film og som er ganske vondt å sjå på.

Eloi måtte dra frå landsbyen sin utan å få sagt farvel til mora. 15 år seinare dreg han, med hjelp frå dei norske dokumentarfilmskaparane, tilbake for første gong. Det blir eit møte som både er vondt og godt.

Sjølv om lepra kan høyrast historisk ut, eksisterer sjukdomen den dag i dag, med over 200.000 nye tilfelle registrert kvart år, framfor alt i India. I Rogaland er det ikkje lenger misjonsfolket, men den vietnamesiske foreininga Armauer Hansen for Vietnam som samlar inn pengar til støtte for spedalske i heimlandet.

Medisinsk mysterium

Det finst effektive og gratis medisinar mot lepra, men den dag i dag veit ingen nøyaktig korleis sjukdomen smittar eller kven som blir smitta - bare at 95 prosent av oss ikkje kan få lepra.

– Spedalskheit er ein fattigdomssjukdom, sannsynlegvis knytt til kosthald og levekår. Det er ingen prestisje knytta til sjukdommen, og vanskeleg å få pengar til medisinsk forsking, seier Skretting.

Sjølv om den siste norske spedalske er død, Verdas helseorganisasjon har ein plan om ei leprafri verd i 2030 og Madagaskar etter militærkuppet i 2009 «bestemte» at det ikkje var fleire tilfelle av lepra i landet - sjølv om det blir meldt opp mot 2000 nye tilfelle årleg - er ikkje banda til sjukdomen heilt borte, heller ikkje i Rogaland.

– Kvar ny prest me har fått på Madlamark har - med eitt unntak - hatt bakgrunn som misjonærar frå Madagaskar. Og til panelsamtalen etter filmen på torsdag har me funne ein lege på Klepp som har jobba med spedalske i Kamerun. Så sjølv om dei blir færre, finst det ennå folk som har hatt kontakt med spedalske.

http://api.schibsted.tech/proxy/content/v3/publication/sa/multimedias/c3c691bd-eb78-45df-aca6-0431c7f6d5fb%20
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Tidligere Bryne-spiller har alvorlig sykdom. Her har han akkurat fullført gåturen fra Bergen til Oslo.

  2. – Nå er det nesten litt for stille

  3. Stavanger-politiker legger seg flat etter å ha kalt Abid Raja for «klovn»

  4. Trump omgjør fengselsdommen til Roger Stone

  5. Cruisesjef: Flere skip klare til å seile mot Stavanger

  6. Folk unngår hverandre og naboer har sluttet å hilse. Verdensarvområdet splitter øysamfunnet

  1. Madagaskar
  2. Film
  3. Universitetet i Stavanger