Ein fredsmeklar i kulturkrigen

Frank Rossavik er kritisk til den identitetspolitiske aktivismen. Likevel prøver han å forstå.

Frank Rossaviks bok er djupast sett ein appell om å forsona seg med at livet blir levd i gråsonane, skriv Tom Hetland i denne bokmeldinga.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Frank Rossavik:
De korrekte
Kansellering, identitetspolitikk og presset mot det liberale samfunn
195 sider
Cappelen Damm

Grade: 5 out of 6

Identitet er blitt ei heit sak i stadig meir fleirkulturelle vestlege samfunn. Diskriminerte grupper av alle slag: kvinner, homofile, transfolk, etniske og religiøse minoritetar, funksjonshemma – ja, stort sett alle andre enn kvite, heterofile menn – har stått fram og kravd sin rett. Det er ein kamp som dei fleste i utgangspunktet har sympati for. Eit meir rettferdig og mangfaldig samfunn er det jo berre bakstrevarar som kan vera imot.

Samstundes er det sider ved den identitetspolitiske aktivismen som vekker uro og motstand. Mange aktivistar har gått inn i ei autoritær offerrolle. Den påståtte posisjonen som underlegen og undertrykt gir eit moralsk overtak som i neste omgang kan brukast til å nøytralisera kritikarar gjennom mobbekampanjar, boikott, scenenekt eller yrkesforbod. «Woke» og «kanselleringskultur» er USA-importerte nyord me har fått læra oss dei siste åra.

Ei gåve til ytre høgre

Aftenposten-kommentatoren Frank Rossavik har eit godt utgangspunkt for å forstå denne aktivismen. Som homofil og med eit alvorleg handikap (han er tunghøyrd) veit han korleis det er å vera i ein minoritet.

Likevel er han blant dei kritiske. Han er uroleg for ytringsfridommen og den offentlege samtalen dersom me ikkje lenger kan snakka saman utan frykt for å trø feil. Når ei uheldig formulering, eit klossete spørsmål eller ei sakleg innvending kan føra til nådelaus stempling som «rasist» eller «transfob», blir resultatet at me dreg oss tilbake til kvar vår identitetsboble i staden for å vera nysgjerrige på kvarandre. Det er ein alvorleg fare for det opne, liberale samfunnet. Den tidlegare SV-aren er dessutan frustrert over kor lett match eit skruppellaust ytre høgre får når «absurde krav fra rare aktivister» gjer venstresida framand for arbeidarklassen.

Rossavik går gjennom ei rekkje av dei nyaste identitetspolitiske konfliktane i Norge og i utlandet. Han presenterer lesaren for det teoretiske grunnlaget for aktivismen, særleg kritisk rase- og kjønnsteori, på ein måte som er til å få forstand av. Slik fungerer boka som ei enkel og god innføring i eit emne som nok mange slit med å orientera seg i. For mindretalet som følgjer woke-debattane på sosiale medium intenst frå dag til dag, vil det derimot ikkje vera så mykje nytt.

I beste meining

Dei er nok heller ikkje Rossaviks målgruppe. For hans romslege bodskap er at me bør sjå meir avslappa på desse sakene. Det er ikkje nødvendig å ta alt opp i verste meining. Sjølv har han ofte valt å invitera nokre av dei mest høgrøysta kritikarane sine på ein prat over kaffikoppen. Av og til kjem det interessante samtalar ut av det. Det er vanskelegare å skjella ut menneske ansikt til ansikt enn over eit tastatur, med ein flokk digitale kulturkrigarar som heiagjeng.
Frank Rossavik vil også gjerne koma aktivistane i møte og forstå raseriet over urett som driv dei. Han meiner jamvel at liberale har ein del å læra, men først må dei retta ryggen og stå imot urimelege krav og kampanjar, i angst for å hamna «på gal side av historia».

Rossaviks håp kan verka naivt. Men den som har opplevd den harde aktivismen på venstresida på 1970-talet, veit at store politiske vekkingar som heimsøkjer landet fort kan skrella av seg den verste fanatismen og bli ein del av den breie politiske hovudstraumen. Rossavik har truleg rett i at den identitetspolitiske bølgja alt er i ferd med å tapa noko av si kraft.

Frank Rossaviks bok er djupast sett ein appell om å forsona seg med at livet blir levd i gråsonane. Me er ufullkomne, men får gjera så godt me kan. Han har ingen illusjonar om at menneska nokon gong vil bli fri for fordommar mot dei som er annleis. Sjølv skriv han prisverdig opent om sine eigne. Han ringer for eksempel helst til handverkarar med norsk namn, fordi han er redd at han med sin dårlege høyrsel får problem med å forstå ein utanlandsk aksent i telefonen. Men fordommar skal ein jobba med å bli kvitt. Og «den moderne, antirasistiske tilnærmingen» må jo leggja til grunn at også folk med framandarta namn snakkar flytande norsk: «Neste gang ringer jeg rørleggeren med utenlandsk navn. Så får vi lide, begge to, hvis jeg ikke forstår vedkommende.»

Publisert: