Venninnevondskapen

BOK: Original form, men elles litt lite nytt om det vonde venskapet.

Monica Isakstuen er aktuell med romanen «Mine venner».
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Monica Isakstuen: Mine venner. 270 sider. Gyldendal.

«Vennskap krever at det verken finnes misunnelse eller gjerrighet», heiter det i sitatet, men ein slik utopisk landskap står Monica Isakstuen fjernt i hennar heftige basketak med venninneforhold i vårens roman «Mine venner». Omslaget hintar til barndomens minnebøker, snedig illustrert med rosa barberblad, og vi skjønnar fort at boka sin «jeg»-person ikkje kjem frå dette utan sår.

Det begynner også som i ei krigssone, i raseriets raudglødande indre, i ei mental heksegryte av hemntørst og med eit fossefall av forbanningar. Boka sin hovudperson er fanga mellom venninna som har kapsla henne inn i fortruleg nærleik og ein kjærast som ho likevel ikkje var klar til å bryta med. Dette sistnemnde forholdet spelar ei fullstendig underordna rolle, for romanen krinsar intenst rundt utforsking av vennskap generelt og venninnerelasjonen spesielt. Kor lojal skal ein eigentleg vera mot bestevenninners råd? Kor vert andre vener av når «den eine» funklande venninna feiar inn i livet og rullar ut løysingar og konklusjonar for alt viktig? Ja, kva er eigentleg venskap, til sjuande og sist? Desse, og mange andre spørsmål får ein tenkt over i møte med Isakstuens uvanlege romanform, som dels vert fortalt gjennom eg-personens refleksjonar og dels vert spelt ut som eit ekko av tidlegare tiders teater-kor.

At Isakstuen får sagt mykje både treffande og sjølvransakande om venskap og relasjonar, er det inga tvil om. Ho er både nådelaus og treffsikker gjennom eg-personen sine mange tankestraumar: « … det er vel ingen som tvinger folk til å være venner kan man innvende vel prøv selv, på den ærligheten en sånn innstilling krever nei jeg kan ikke drikke kaffe med deg hvorfor ikke fordi jeg ikke har lyst hvorfor ikke jeg vet ikke det ville være den sanne versjonen, en sann begynnelse på det som ville blitt et sosialt selvmord…». Det er såleis først og fremst dei ubehagelege sidene ved venskap som her vert utforska, dette uforklarlege at om ein er aldri så fri, så finst usynlege band og usagde lover som kan føra til sosiale gisselsituasjonar som absolutt er ein studie verd. Her går Isakstuen tett på, men studien tilfører, trass treffsikre observasjonar og ei original form, litt for lite nytt. 

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  2. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  3. Anmelderen er imponert: En historisk roman av de sjeldne!

  4. Kunnskapsbasert og entusiastisk om viking­tida

  5. Hun jobber som advokat for Google. Så skrev hun en roman som virkelig tok av

  6. Han har anmeldt 27 av Saabye Christensens bøker. Denne gang er han ikke helt fornøyd

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Roman
  4. Anmeldelse
  5. Litteratur