Velskrive og vondt

BOK: Demonstrerer eit suverent atterhald som metode for å gi innblikk ei brutal fortid.

Aftenbladet meldar gir full pott til danske Iben Mondrups roman «Tabita».
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Grade: 6 out of 6

Iben Mondrup: Tabita. 392 sider. Omsett av Trude Marstein. Pax forlag.

Det er ein dyster bit av dansk historie ho har gitt seg i kast med i si siste utgjeving, Iben Mondrup. Haustens bok er forfattarens sjuande roman og den første som er omsett til norsk, eg legg gjerne til: omsetjinga er eit prikkfritt stykke arbeid av Trude Marstein. Denne romanen fører oss tett på tilhøvet mellom dansk og grønlandsk kultur frå midten av 1960-talet. Vi følgjer ein grønlandsk familie i Upernavik, ein tettstad på den barske nordvestkysten av Grønland, ein familie som etter kvart får tette band til det danske kjøpmannsparet Eva og Berthel. Den grønlandske familien si forteljing utgjer romanens pulsåre, det er først og fremst gjennom kvinnene historia kjem fram. Med nærgåande kjennskap til kulturen (forfattaren har sjølv levd store deler av oppveksten sin på Grønland), formidlar Mondrup eit bilete av ein kultur som sjeldan slepp til orde. Det er ei brutal historie om makt og kulturelle overgrep som utfaldar seg både som eit overordna system og som mellommenneskelege forsøk på «å retta ut ei hand» men der dei asymmetriske relasjonane gir tragiske utslag.

Vi følgjer altså fleire generasjonar grønlandske kvinner; Rosine, dottera Abelone og hennar dotter igjen; romantittelens Tabita, som på mange måtar vert ein menneskeleg konklusjon på det beinharde livet i eit grønlandsk samfunn utan tryggleiksnett, og den endå verre løysinga; når ho og broren under svært uklare forhold vert adopterte og tekne med til «trygge» Danmark av Eva og Berthel.

Mondrup maktar først og fremst å legga band på seg som ein svært engasjert forteljar med ei sterk historie på hjarta. Vi får så absolutt detaljane og det groteske, men alt vert porsjonert ut på ein svært effektfull måte, både som frampeik og tilbakeblikk. Mondrup unngår dei mange fallgruvene som gjerne finst når historier om overgrep skal forteljast. Ho insisterer på å gje samansette og truverdige framstillingar av alle involverte og motiva deira. Romanens Eva, til dømes, kunne fort ha blitt ein sjablong av ei kulturelt hovmodig kjøpmannsfrue, men i romanen vert ho eit menneske med blanda motiv og sitt heilt eige raseri. 

Det går ein understraum av sanseleg brutalitet gjennom heile romanen, frå eit rallande dødsleie i opningssatsane, via Abelones dramatiske fødsel på eit badegolv, til Tabitas harejakt mot slutten av romanen. Heile vegen held Mondrup både tak i den intense handlinga og relasjonane i romanen og samtidig greier ho å formidla det større biletet av kulturell fortrenging, forvrenging og raseriet som følgjer av dette. Tabita sitt liv skal reparerast i Danmark, men realiteten er at det vert rasert. Ho vert skilt frå bror sin, språket sitt og hamnar ironisk nok i det mest primitive av miljø berre at dette er godt skjult av ein besteborgarleg fasade. Mondrup gir eit skakande, truverdig og svært leseverdig innblikk i konsekvensane av slik kulturell rasering.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Roman
  4. Litteratur

Mest lest akkurat nå

  1. Stigende koronatall: Flere innlagt og flere smittet

  2. Flere pasienter utviklet spredning av kreft mens de deltok i norsk kreftstudie. – Vi er veldig lei oss

  3. Mange hoster. Slik finner du lettere ut hvilket luftveisvirus du er smittet av

  4. Her sto det en hytte. Så forsvant landskapet rundt, bit for bit. Nå får eieren ikke bygge den opp igjen

  5. Mikal Stømne (24) gikk ned 84 kilo på egen hånd. Fem grep ble avgjørende.

  6. Berntsen skryter av tidligere vikingelev: - Jostein er en flott kaptein