Vakkert, klokt og vart

BOK: Bakgrunn og røynsler sameinest med utdanning til vaksen persondanning i denne varme, kjenslevare og jordnære romanen.

Tormod Haugland er aktuell med romanen «Om livet på jorda».
  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Tormod Haugland: Om livet på jorda. 288 sider. Roman. Oktober.

Tittelen på Tormod Haugland (1962, debut 1994) sin siste roman er ikkje akkurat smålåten: «Om livet på jorda» angir eit tema så digert at det nesten kan oppfattast ironisk, men er i bokas hovudsak avgrensa til nokre nokolunde overskodelege, skilsetjande år i forfattarens eige liv, sett retrospektivt. Dei er elles meir enn spennande og interessante nok, og Haugland maktar å gjera dei om til ein like fin roman som dei han alt har skrive med utgangspunkt i eigen bakgrunn og eige livsløp.

«Om dyr og syn» frå 2017 er første bandet i det som nå har vakse til å bli ein serie, og femnar over heile tre tiår. Den handlar om eg-forteljaren Tormods oppvekst på ein liten gard på vestlandet, der han nesten er fødd til å bli bonde på heimegarden, til han bryt over tvert og blir verande i byen han studerte, som forfattar. Neste romanen, «Om søvn og mørke», har ei like stort tidsspenn, men har dei to tyngdepunkta sine omkring oppvekst og då han valde å søka seg inn på Skrivekunstakademiet i Bergen. Det avgjorde livsløpet hans vidare.

«Om livet på jorda», som årets roman heiter, er frå det han kallar sin «skapande fase, men det var ikkje eg som skapte, eg var den som skulle skapast», og har blitt ei sjeldsynt vakker, klok og var framvising av eit menneskes formative år. Det handlar om danninga og utdanninga av den guten Tormod Haugland var og den mannen han skulle bli. I dei åra som femnar skoletida hans, utviklar han seg frå å vera ein småbrukargut med førindustrielle førestillingar og verdiar for produksjon og kvalitet, samstundes som han strevar med å frigjera seg frå sosiale, kulturelle og moralske band som tradisjonelt pla halda familie og samfunn saman.

I denne danningsromanen om «kunstnaren som ung mann» maktar Haugland å sameina hyperrealistisk skildring av dyre- og gardsliv med ein like imponerande kjenslenes og psykologiens realisme, i det «spennet mellom attrå og skam» som så mykje av tankane og kjenslene hans slitst med dei åra lesaren følgjer han frå vidaregåande over folkehøgskole til eittårig jordbruksskole.

Han ser på livet som sjølvmotseiande og ironisk, men han torer likevel heile tida i gi seg i ettertenksamt kast med både kjærleik og elsk, draumar og drikk («makt og kjærleik» = intrigar), klassisk norsk bildekunst og poesi, livsvarig merkt som han alt er av møtet med ei hulder i utmarka ein dag då han enno bare var ein gut.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  2. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  3. Anmelderen er imponert: En historisk roman av de sjeldne!

  4. Kunnskapsbasert og entusiastisk om viking­tida

  5. Hun jobber som advokat for Google. Så skrev hun en roman som virkelig tok av

  6. Han har anmeldt 27 av Saabye Christensens bøker. Denne gang er han ikke helt fornøyd

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Bøker
  5. Roman