Mange spørsmål, få svar om jødedeportasjonane 

BOK: Espen Søbye vil ta både Marte Michelet og seg sjølv i forsvar. Det lukkast ikkje særleg bra.

Det tyske skipet Donau tok 530 norske jødar til utryddelsesleirane. Bildet er tatt i november 1942 i det båten forlet Oslo.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Espen Søbye: Hva vet historikerne? Om hjemmefronten og deportasjonen av jødene. 355 sider. Forlaget Press.

Striden om Marte Michelets bok «Hva visste hjemmefronten?» om jødedeportasjonane i 1942 vil visst ingen ende ta. Først var det intens debatt etter utgivinga i november 2018. I fjor kom det ein ny runde, då historikarane Elise B. Berggreen, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen (BBT) gav ut motboka «Rapport frå ein gjennomgang av «Hva visste hjemmefronten»». Der vart Michelet skulda for sitatfusk, feiltolking av kjeldene og grunnlaus stempling av enkeltpersonar. Skal ein tru BBT, stod det lite att av Michelets oppsiktsvekkjande påstandar om at heimefronten i god tid fekk vita om jødearrestasjonane hausten 1942, og kunne ha gjort langt meir for å berga fleire.

Men nå kjem det sanneleg ei motbok til motboka. I boka «Hva vet historikerne?» tek filosofen, forfattaren og kritikaren Espen Søbye Michelet i forsvar.

Marte Michelet har fått hard kritikk etter si kontroversielle bok om deportasjon av norske jøder. No tek Espen Søbye henne i forsvar.

Forsvaret gjeld ikkje berre Michelet, men også Søbye sjølv. Han har skrive eit rosande forord til pocketutgåva av boka hennar, og han har vore med i to juryar som har gitt henne prisar. 

Søbye er open om dette, og at han har teke klar stilling skal ikkje diskvalifisera han frå å engasjera seg i debatten. Prisverdig nok deler han også dei til dels sjølvkritiske refleksjonane sine undervegs med lesaren. Søbye forsvarer heller ikkje Michelet i tjukt og tynt. Han ser at ho har gjort feil, og at stilen hennar er for skråsikker.

Samstundes meiner Søbye at det er noko «autoritært» over kritikken mot Michelet, og at ho er blitt møtt av eit «saklighetstyranni» som overskuggar dei viktige spørsmåla ho har stilt. Dette er problematisk, for få har vel kritisert Michelet for spørsmåla. Det er heller svara ho gir som ikkje står for nærmare gransking, slik blant andre BBT ser det. 

I verste meining

Søbye er ingen romsleg lesar. Han tek det meste i verste meining, og det kan vera nyttig når ein skal gå ein tekst grundig etter i saumane. Men han er søkt og selektiv, og ikkje alltid like kritisk til kjeldestoff som passar med hans eigne oppfatningar – slik han også skuldar BBT for å vera. Og for ofte glir han over i insinuasjonar og pedanteri, som irriterer lesaren utan å overbevisa om at forfattaren verkeleg har eit poeng.

Eit par eksempel: Prisinspektør Oscar Stockfleth-Andersen har fått ein stor del av æra for at det vart sendt ut varsel om dei første jødearrestasjonane 26. oktober. Til Dagbladet etter krigen sa sekretæren i Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, Harry Koritzinsky, at denne mannen «skylder vi jøder meget, (…) takket være ham ble mange jøder reddet». 

Søbye meiner heile varslinga er oppskrytt, og at Stockfleth-Andersen har overdrive si rolle for å redda sitt eige skinn. Han var nemleg medlem av Nasjonal Samling i vel tre månader i 1940/41. Søbye spør om dei som går god for Stockfleth-Andersen, har sett «hvilke andre brev som ligger i denne politimannens mappe hos Rikspolitisjefen? Det har ikke jeg heller, men det finnes noen andre mapper, det kan være verdt å ta en kikk i dem.» 

Kan ikkje Søbye gi klar beskjed, burde han ha halde seg for god til den slags mistenkeleggjering. Søbye følgjer også i andre tilfelle parolen om «eingong nazist, alltid nazist», utan særleg omsyn til motiv og seinare handlingar.

Småleg pirk

Ein annan stad kastar han seg ut i ein lang taleksersis for å visa at talet på norske jødar som vart redda frå deportasjon, er overdrive. Bjarte Bruland og andre som har skrive om dette, skal nemleg ha rekna med det som nazistane kalla «halv- og kvartjødar», som ikkje skulle sendast til dødsleirane.

Nå innrømmer Søbye for så vidt at ein ikkje kunne vera sikker på dette i 1942, og han har stor respekt for dei som risikerte livet i flyktningtransportane. Då verkar det unødvendig med slikt småleg pirk. 

Espen Søbye stiller mange spørsmål, fleire og meir detaljerte enn Michelet. Men han har lite å by på av svar. Ja, det er faktisk ganske overraskande at ein mann av Søbyes kaliber ikkje har fått has på større vilt i jakta på BBT sine feil. Lange utlegningar om ganske perifere spørsmål kompenserer ikkje for mangelen på nye, substansielle argument i dei sentrale. Marte Michelet har fått lite hjelp av denne motboka.

Publisert:
  1. Andre verdenskrig
  2. Bokanmeldelse
  3. Jødehat
  4. Marte Michelet

Mest lest akkurat nå

  1. Inviterer til gjen­åpnings­feiring i Stavanger lørdag kveld

  2. I verste fall står hele Nye SUS ferdig på Ulland­haug først i 2040

  3. Da Haaland kom, så verdens­mesteren hans store svakhet

  4. Nå er huset og fasaden total­endret: – Folk kjører sakte forbi for å se

  5. – JESSSSS! Endelig slutt på å være politi

  6. Bøttet inn mål i storseier