Poetisk universalkur mot pandemi og alle andre plager

BOK: Du treng ei diktbok denne hausten. Sjansane er store for at det nettopp er Ingrid Nielsens dikt du treng.

Aftenbladets meldar gir terningkast seks til Ingrid Nielsens diktsamling «Den andre Jakobsstigen».
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Grade: 6 out of 6

Ingrid Nielsen: Den andre Jakobsstigen. 58 sider. Gyldendal.

Kva tekstar trengst i det fragmentariske flimmeret vi kjenner som samtida? Kva litteratur kan trøysta oss når koronakeisemda set inn og tvingar inn distansar mellom oss eller når vi misser heilskapen av syne og når store forteljingar ikkje lar oss samlast oss rundt eit felles bål? For denne meldaren verkar det som Stavanger-diktaren Ingrid Nielsens andre samling nettopp gir svar på slike spørsmål. Det er nemleg ikkje alltid dei lange linjene som tel. Desse dikta gir glimt av ting frå omgivnadane våre som vi kjenner att men aldri heilt har forstått. Med Ingrid Nielsen som tolk blir vi rikare på augeblikk å halda tak i, rikare på håpet om at det finst noko bak, eit større rom og meir meining.

«Den andre Jakobsstigen» er ei kortfatta diktsamling, ordna i tre bolkar som alle kvart på sitt vis både femner vidt og går tett på det menneskelege. Dette er dikt som spør om ting eg ikkje visste at eg lurte på, slik gode dikt skal og som insisterer på å komma innanfor, sjølv om diktar-eg-et ikkje veit «hva som er bak/revebjellene, albueskjellene/måkenebbene», blir svaret å «snu dem, se/bak». Diktarens vakre forslag til kva som måtte vera bak det vi ser og sansar grip hjarta, og opnar alltid for eit framhald i den som les!

Dikta er sanselege små ord-portar ut av det evinneleg presserande «her og no». Det finst så mykje vi andre berre hastar forbi, rørsler vi oppfattar i augekroken. Nielsen stiller dette rett framfor oss: ekornets uutgrundelege auge, til dømes, og tårnseglarens sensuelle svev, dei vert her til avgjerande aktørar og vegvisarar. Sentrallyriske tema vert turnerte med naturkjennarens fine blikk for det som veks i det skjulte, som i diktet «Fjellflokk» om den vesle blomen som før vart kalla jakobsstige, som kanskje er blitt redusert til ugras, men som hos Nielsen vert smidd om til eit håp: «Finnes det andre stiger, bare uten navn?»

Boktittelens Bibelallusjon finst att som ein raud tråd med håp om og dragning mot det transcendente som eit stille pulsslag, men aldri tippar det over i ferdige svar. Når Nielsen skriv om døden i eit av bokas høgdepunkt, «Her begynner en hage», ser vi håpsdiktaren tydeleg. Her loddar diktaren djupt, og finn ord som lindrar og held saman tilværet i møte med det overveldande fråværet etter nokon ein har mista. Representativt for samlinga er håpet uttrykt på overraskande og kraftfullt vis «…din nye barndom med blomster- mønsteret i et soveromstapet, ripssaft strømmende ut av en sil og frøkapsler store som plommer.»

I ei tid der livet vert innskrenka, distansert og isolert treng vi faktisk dikt som dette.

Publisert:
  1. Litteratur
  2. Bokanmeldelse
  3. Dikt
  4. Anmeldelse
  5. Bok

Mest lest akkurat nå

  1. Da den hostende babyen ble lagt inn, ble legene forbløffet. 2000–4000 små barn kan bli innlagt i Norge i vinter, tror FHI

  2. Det moren hørte gjennom døren avdekket et pedofilt nettverk gjennom 20 år

  3. Uten­landske nyhets­byråer om Norges gjen­åpnings­helg: – Volde­lige kamper og opp­tøyer

  4. Båt på grunn ved Sandøya i Stavanger

  5. Dobbelt­draps­dømt (20) døde i fengsel

  6. Hyllet Viking-innbytterne etter Molde-poeng: – Impon­erende