Ostehøvling av kulturbudsjettet

Rådmannen foreslår stort sett å vidareføra kulturbudsjettet i Stavanger. Men år med jamn ostehøvling av dei offentlege kulturbudsjetta gjer stadig meir vondt.

Publisert: Publisert:

Adm. dir. Siri Aavitsland ved Museum Stavanger er glad for auka investeringsmidlar. Problemet er bare at museet manglar pengar til drift - og det problemet blir ikkje løyst i rådmannens forslag til kulturbudsjett i Stavanger. Foto: Fredrik Refvem

– Det er dessverre ostehøvelkutt på alle kantar i stavangerbudsjettet. Budsjetta og kutta i kultur- og idrettsdelen utgjer bare ein brøkdel av heilskapen. Men for dei det gjeld, kan det opplevast dramatisk, seier Annamaria Gutierrez (V), leiar i kommunalstyret for kultur og idrett i Stavanger kommune.

Gutierrez tykte det var knallhardt å lytta til rådmann Per Kristian Vareides skildring av dei økonomiske utsiktene i Stavanger kommune.

– Det var skummelt å høyra rådmannen snakka om «stille før stormen» og dei mørke skyene i horisonten, seier Gutierrez. Men dette er dermed noko av forklaringa på at kulturbudsjettet nærmast er flatt, utan store kutt eller tillegg.

Flatt kulturbudsjett

Handlings- og økonomiplanen legg opp til eit kulturbudsjett på vel 160 millionar kroner kvart år dei neste fire åra. For 2017 foreslår rådmannen å auka driftstilskotet til Museum Stavanger for å drifta Holmeegenes - ei sak kulturstyret denne veka sende tilbake til ny behandling. Rogaland teater, Stavanger symfoniorkester og MUST får også auka sine tilskot i tråd med auken statsbudsjettet legg opp til. Problemet er bare at auken er så liten at han ikkje dekker lønns- og prisveksten til neste år.

– Me er glade for auken i investeringsbudsjettet, som til Grafisk museum. Men vår store utfordring er at me ikkje har pengar til å oppretthalda nivået på dagens drift, seier administrerande direktør Siri Aavitsland ved MUST. Ho seier økonomien har vore stram heilt sidan museet blei konsolidert i 2010, og at dei gjennom fleire år har argumentert for eit museumsløft. Men i staden for ein auke av driftsmidla har år med ostehøvelkutt ført til at museet både har måtta nedbemanna og omorganisera.

– Kva skjer om de ikkje får midlar til å oppretthalda dagens aktivitetsnivå?

– Me vil måtta vurdera å nedbemanna endå meir. Kanskje må me stenga eitt av musea. Eg veit ikkje på dette tidspunktet, svarer Aavitsland - som likevel minner om at budsjettet som er lagt fram bare er rådmannens forslag.

– Nå set me vår lit til politikarane og dei forhandlingane som skal koma dei neste vekene. Me skal oppdatera dei grundig på museets situasjon, seier Aavitsland.

Les også

Tidenes døllaste kulturbudsjett?

Forslag, ikkje fasit

Også Gutierrez er tydeleg på at rådmannens forslag bare er eit forslag til budsjett, og at den politiske prosessen startar nå.

– Nå må me sjå på kva som bør endrast, seier Gutierrez, som ikkje vil seia noko om kva punkt ho eventuelt vil gjera noko med i kulturbudsjettet.

Det aller, aller meste av kulturbudsjettet er bundne opp i kommunens faste forpliktingar til dei store kulturinstitusjonane. Rundt 64 av dei 160 millionane går til Sølvberget, 24 millionar går til MUST, den same summen får Symfoniorkesteret, mens Rogaland teater får 19 millionar av kommunen. Det samla tilskotet til produksjon og formidling av kunst, til arrangement og festivalar, samt kulturstyrets eigen disposisjonskonto til diverse kunst- og kulturprosjekt - altså pengar som går til det såkalla «frie feltet» - er på til saman 10 millionar kroner. Rådmannen foreslår å kutta i kulturstyrets konto.

– Me ser det same frå år til år: Kommunen må følgja opp forpliktingane til institusjonane i byen, mens det frie feltet lir. Tvert om trengs det ei styrking på dette feltet, seier Gutierrez, som saman med fleirtalet klarte å auka potten med ein million kroner i fjor.

– Jobben for oss lokalpolitikarar blir nå å forhandla lokalt - og lobba nasjonalt for at Stavanger får betre uttelling på statsbudsjettet. Det har me ikkje vore gode nok på mens Stavanger hadde god råd, seier Gutierrez.

Kultursjef Arnfinn Bjerkestrand i Stavanger kommune konstaterer at signalet frå statleg hald er redusert vekst i dei offentlege budsjetta til kulturinstitusjonane framover, mens ein satsar på kulturnæring og frivilligheit.

– Det betyr auka press på økonomien til institusjonane, og mindre støtte til det frie feltet. Kultursjefens jobb blir då å jobba for å auka rammene i nedgangstidene - og samtidig setja kunstnarar og institusjonar i stand til å tena pengar frå andre stader enn det offentlege, seier Bjerkestrand.

Publisert: