Billettrekord på Kapittel

KAPITTEL: Kapittel selde nesten 70 prosent fleire billettar i år enn i fjor. Det hadde festivalsjef Espen Røsbak aldri sett for seg.

Festivalsjef Espen Røsbak er godt nøgd med årets Kapittel, som gav ein auke i bilettsal han aldri hadde drøymt om. Foto: Anders Minge

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Eg hadde ikkje forestilt meg at dette kunne skje. Det er fabelaktig, seier Espen Røsbak til Aftenbladet.

Fem dagar litteraturfestival er over. Samanlikna med fjoråret viser tala pluss på pluss på pluss. Og eit lite minus. Det totale publikumstalet er lågare enn i fjor, med 11.907 besøkande. I fjor var det 12.537.

– Dette har ei veldig logisk forklaring. I fjor hadde me eit stort arrangement på Torget, med 2500 inviterte barnehagebarn. Det bles publikumstalet ganske grundig opp, seier Røsbak.

Opp, opp, opp

Når ein ser på billettomsettinga, har den altså gått opp med 61 prosent sidan i fjor, til 641.215 kroner. Talet på selde billettar gjekk opp med 68 prosent. Medianbesøket gjekk opp 59 prosent, mens gjennomsnittet av publikum per arrangement auka med 24 prosent. Allereie på festivalens første dag, onsdag, var det selt fleire billettar enn på heile festivalen i fjor.

– Det var veldig varmt i fjor, og fleire av arrangementa var glissent besøkte. I år har det vore mykje og godt oppmøte på mange av arrangementa. Me jobbar i ein dialogsjanger, der foredragshaldaren samhandlar med publikum. Når det kjem mange og ser på, blir det meir av ein ekte festival, ei heilt anna stemning, seier Røsbak.

Så mange møtte opp, at fleire av arrangementa i år blei utselde. Folk måtte snu i døra då Vigdis Hjorth blei intervjua av Alf van der Hagen, feministseminaret laurdag var utselt, det same var forfattarmøtet med Suzanne Brøgger, lanseringa av Tina-boka, Øisteins teikneshow - og diskusjonen om Europa fredag kveld.

– Eg må tilstå at eg aldri hadde trudd at ein Europa-diskusjon fredag kveld ville bli utseld, seier Røsbak. Arrangementet måtte flyttast til eit større lokale.

Godt, grått festivalvêr

– Skjønar du kvifor de får denne store auken i billettsal?

– Me har hatt ein jamn auke dei siste 6–7 åra, og det er tydeleg at fleire og fleire legg merke til Kapittel. Me har nok hatt flaks med passe grått vêr i år, samtidig som me har jobba systematisk i mange år. Og me har tydelegvis ikkje nådd grensa ennå.

Tidlegare var fleire av Kapittel-arrangementa gratis, men Røsbak meiner litteraturarrangement skal kosta pengar.

– Arrangementa våre har ein eigenverdi, dei er ikkje reine boklanseringar. Dermed meiner eg dei skal kosta litt, seier han.

– Kva har du lært til neste år?

– Mange småting. Tala er viktige, fordi dei gir ein boost til sjølvtilliten. Men det viktigaste for oss er kvaliteten på arrangementa og innhaldet. Kor godt me treff med tema, spissing, korleis folk fungerer på scenen. Eg går jo rundt og ser på mykje, og legg merke til mange detaljar som kunne blitt betre.

– Ditt høgdepunkt på festivalen?

– Eg tok meg fri torsdag og såg Laibach-konserten. Det var eit kulturfenomen som var moro å presentera. Og så syns eg det var veldig kjekt på feministpanelet, ikkje minst då eg såg publikumsresponsen. Og så var samtalen med Suzanne Brøgger flott. Men eigentleg er det umulig å plukka ut eitt høgdepunkt.

Publisert:
  1. Kapittelfestivalen
  2. Litteratur

Mest lest akkurat nå

  1. Minst 100 smittede ved 15 skoler og fem barnehager i Stavanger

  2. Bensinstasjon-ansatt koronasmittet - ber kunder være obs

  3. Folkemengder jublet da Derek Chauvin ble dømt for drapet på George Floyd

  4. Vil utvide Europas største steinbrudd – naboene fortviler

  5. Ordførerne diskuterer koronatiltakene fredag

  6. 63-åring tiltalt for drapsforsøk i Sandnes