Levande om norsk holocaust

FILM: «Den største forbrytelsen» viser fram menneska, om enn litt eindimensjonalt, i det norske holocaust.

Carl Martin Eggesbø og Eilif Hartwig spelar brødrene Harry og Isak Braude, som blir arresterte og sett i Berg fangeleir i 1942. Foto: Agnete Brun/Fantefilm

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Den største forbrytelsen

Med: Jakob Oftebro, Kristine Kujath Thorp, Eilif Hartwig, Carl Martin Eggesbø, Michalis Koutsogiannakis, Pia Halvorsen, Silje Storstein, Nicolai Cleve Broch, Axel Bøyum, Anders Danielsen Lie, Mads Ousdal. Sjanger: Drama / Spenning.
Regi: Eirik Svensson. Nasjonalitet: Norge, 2020. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 6 minutt.

Statistikk har sine grenser. Det er nesten ikkje til å halda ut at omtrent 72 millionar mista livet under 2. verdskrig. Det er frykteleg å vita at holocaust - nazistanes folkemord på jødane - tok livet av seks millionar. Og det er rystande å tenkja på at av dei 773 norske jødane som blei deporterte til Tyskland under krigen - 529 av dei på skipet Donau 26. november 1942 - så overlevde berre 38.

Men på eitt tidspunkt risikerer statistikken berre å bli tal. Korleis skal me kunna sjå for oss og føla med 72 millionar, seks millionar eller 773 enkeltmenneske, med familie og venner?

MS Donau frakta 532 norske jødar til kontinentet 26. november 1942. Foto: Karl Erik Brøndbo/Fantefilm

Dette gjer Marte Michelets bok «Den største forbrytelsen» (2014) og filmen basert på boka, som har premiere denne jula. Her går me frå dei store tala og statistikken og ned på det vesle, nære og menneskelege nivået.

Me blir kjende med familien Braude. Før krigen. Mens dei er ein ganske så vanleg - om enn glansbileteaktig - norsk, jødisk arbeidarfamilie på Grünerløkka i Oslo. Me møter mor, far og fire vaksne barn, alle med sine håp og draumar for livet. Den første halvtimen får me sjå livsgleda deira, blir kjende med dei - slik at me skal kjenna det i magen når det me veit skal koma kjem. Klassisk forteljartriks, altså.

For oss som i ettertid sit med fasiten kan det tidvis vera lett å gløyma at dei som har opplevd dramatiske hendingar i historia ikkje visste kva som skulle skje. Folk som levde i mellomkrigstida visste ikkje at dei levde i mellomkrigstida.

Michalis Koutsogiannakis gjer ei sterk rolle som familiefaren Benzel Braude, som flykta til Norge frå Litauen for å få eit betre liv. Foto: Agnete Brun/Fantefilm

Dette er noko av det filmen lukkast med å få fram. Korleis enkeltmenneska prøver å navigera i ein forvirrande og uoversikteleg situasjon. Bør dei bli i Norge eller bør dei flykta? Får dei vera i fred, eller er dei i fare? Er det noko i rykta som går? Og når dei blir arrestert: Kvifor blir dei tekne? Kva skal skje med dei?

Interessant nok er fleire av dei mest sentrale rollene spelt av mindre kjende fjes i norsk filmsamanheng, mens dei mest profilerte skodespelarane spelar birollene. Anders Danielsen Lie er politiinspektør Knut Rød, Mads Ousdal statspolitisjef Karl A. Marthinsen og Nicolay Cleve Broch som leirkommandant i spissen for ein gjeng norske sadistar.

Det er forfriskande og godt å sjå denne blandinga av nye og kjende fjes saman. Jakob Oftebro levera ei ny, sterk rolle som sonen og boksaren Charles.

Les også

Jakob Oftebro: – Det er kanskje det viktigste jeg har gjort som skuespiller

Charles Braude var Norges beste boksar i si vektklasse før krigen, og Jakob Oftebro gjekk gjennom eit omfattande treningsprogram for å spela rolla som Charles. Foto: Agnete Brun/Fantefilm

Ein kan nok innvenda at biletet som blir teikna er ganske så svart-kvitt og passar godt inn i tradisjonen for korleis me fortel om krigen, i denne som i så mange andre filmar: Dei onde er berre onde, dei gode er berre gode. Det er sjølvsagt ingen tvil om kven som var overgripar og kven som var offer i holocaust, men framstillinga risikerer også å vippa over i klisjear.

Det heile er flott filma, med overtydande 40-talskoloritt både frå arbeidarklasselivet og Oslo sentrum. Dette forsterkar det autentiske preget og ønsket om å visa fram noko som er så historisk korrekt som råd.

Så mens desse stakkars, levande menneska - som altså har levd, som faktisk har opplevd dette - strevar med si eiga forvirring, med fornedring, håp og redsle, der dei blir samla saman av norske politifolk og tvungne ombord på MS Donau, sit me der i kinostolen og veit korleis dette skal gå. Og fordi filmen lukkast i å visa oss levande menneske - og ikkje kjem med statistikken før rulleteksten er på veg - kjenner me det i magen. Slik ein god film skal få oss til å gjera.

Sånt får du ikkje til med statistikk.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. Jakob Oftebro

Mest lest akkurat nå

  1. Over natten ble denne grusbanen til en perfekt isflate. Hvem som har laget den er et mysterium

  2. Folkehelse­instituttet bommet kraftig på smitte­tall i julen

  3. Ber folk slutte med «smitte-shaming»: - Gapestokken ble faktisk avskaffet for mange år siden i Norge

  4. Fine skiforhold i Sirdal, men ekstrem­kulde ødelegger idyllen

  5. Ti sjåfører fikk bot på E39

  6. Mann døde etter å ha fått tre over seg i Gyland