R.o.l.f.K.r.i.s.t.i.a.n.L.a.r.s.e.n.b.l.i.r.d.r.a.m.a.t.i.k.a.r
Torsdag debuterer Rolf Kristian Larsen - sist sett i «Heimebane» - som dramatikar, når «l.i.f.e.g.o.e.s.o.n.» har premiere på Det norske teatret i Oslo.
- Jan ZahlKulturjournalist

– Eg har gitt beskjed heime om at eg ikkje er heilt tilrekneleg denne veka, seier Rolf Kristian Larsen.
Torsdag er det urpremiere på hans første teaterstykke. Ikkje som skodespelar, men som dramatikar.
– Eg blir overdrevent glad for ting denne veka. Og overdrevent irritert. Eg har jobba med dette stykket i mange år. Endeleg kjem det på ein scene. Det betyr mykje for meg, seier Larsen.
«l.i.f.e.g.o.e.s.o.n.» handlar om ei 50 år gammal dame - spelt av Heidi Gjermundsen Broch - som har vore enke i 20 år.
– Ho har levd i skuggane i byråkratiet, har gått heim etter jobben, har ikkje levd. Så får ho vita at ho har kreft i hjernen, at ho allereie lever på overtid. Me følgjer henne den siste natta i livet, følgjer eit menneske som er desperat etter å leva.
Dette høyrest kanskje tungt ut. Men ifølgje dramatikaren er det også eit positivt, naivistisk og ganske morosamt stykke.
– Du løftar fram eit uglamorøst, vanleg menneske - som samtidig strevar med eksistensielle og fellesmenneskelege spørsmål?
– Ho får ei plutseleg oppvakning, som nokon kvar av oss kunne trengt. Skrollar me for mykje? Ser me for mykje tv? Gjer me for mange av dei same tinga? Tenkjer du gjennom dette, kan det koma interessante svar. Eg håper mange kan kjenna seg igjen, seier Larsen.
Lang prosess
Første gong Larsen fortalde Aftenbladet om «l.i.f.e.g.o.e.s.o.n.», var på 32-årsdagen 18. mai 2015. Då skulle han ha ei prøvelesing på Dramatikkens hus - der han for tida er ein av fleire husdramatikarar - og håpa det ville vera regissørar, teatersjefar eller dramaturgar i salen som kunne koma med tilbakemeldingar.
Stort drama-stipend til Rolf Kristian Larsen
– Kva har skjedd på dei 3,5 åra som sidan har gått?
– Før lesinga var manuset 125 sider. Innan det blei selt til Det norske teatret, var det 77 sider. Etter samtalar med regissør Frank Kjosås, er den endelege versjonen 72 sider. Eg har altså stroke mange sider.
– Har det blitt betre, eller gjer det mest vondt å stryka?
– Det er blitt betre. Eg elskar å stryka.
Larsen syns ofte teater kan bli litt langt, og er nøgd med å ha kome ned i 1 time og 10 minuttar.
– Eg har jo vore uerfaren som dramatikar, og har vore gjennom ein prosess sjølv også, der eg har skjønt meir av kva som måtte vekk.
Då stykket til slutt var ferdig, gjenstod ein lang prosess for å få sett det opp på eit stort teater.
– Dei skal lesa og vurdera. I tillegg er programmet lagt mange år fram i tid. Første ledige sjanse var nå, seier Larsen.
Har halde seg unna
Sjølv veit han ikkje heilt kva han får sjå når han møter opp på premieren torsdag.
– Eg tok tidleg eit bevisst val om å halda meg unna i prøveperioden. Eg har sagt til regissør og skodespelar at dei må føla seg frie, at dei ikkje må føla at min tekst er hellig, men at dei må leika seg, ha det moro og vera rampete.
Larsen deltok på første leseprøve, sidan har han halde seg unna.
– Eg ville vera der og setja ein liten kammertone - men eg sa nesten ingenting. I staden sat eg der og koste meg og tenkte at dette vil nok gå veldig bra.
Meir dramatikk
«l.i.f.e.g.o.e.s.o.n.» blir ikkje det siste me får sjå frå dramatikar Larsen. Han har fire stykke som ser ut til å få premiere innan 2020 er omme.
– Så det ser ut til å gå veldig bra med dramatikarkarriera. Det har hjelpt å vera husdramatikar på Dramatikkens hus.
– Du er klar over at me set punktum i slutten av kvar setning, ikkje mellom kvar bokstav?
– Hadde du lese sjølve manuset, ville du eksplodert. Tittelen er skapt som blikkfang - og kanskje med ei meining som kjem fram i framtida ein gong. Sjølve manuset har eg skrive som eg vil. Der er det mange brot på grammatiske reglar der.
«l.i.f.e.g.o.e.s.o.n.» skal gå ut året på Det norske. Og slår det skikkeleg godt an, går det ut i neste år også.