Amanda til Pål Sverre Hagen

FILM: Pål Sverre Hagen fekk prisen for Beste mannlege skodespelar då Amandautdelinga gjekk av stabelen i Haugesund laurdag kveld.

Laurdag kveld fekk Pål Sverre Hagen Amanda som Beste mannlege skodespelar i filmen «The Middle Man».
Publisert: Publisert:

– Det er veldig kjekt å få pris for akkurat denne filmen. Det er ikkje til å stikka under stol at «The Middle Man» er ein slags underdog her i dag, sa Hagen då han som førstemann fekk tildelt Amanda laurdag kveld – av sjølvaste Liv Ullmann.

«The Middle Man» er skriven og regissert av Bent Hamer. Hagen spelar Frank, som får jobben med å overbringa dårlege nyheiter i ein deprimerande amerikansk småby full av ulukker. Frank tek på seg denne absurde oppgåva med ei slag sindig ro – som ofte pregar Hamers særeigne filmunivers.

– Eg er så takknemleg for at eg fekk lov til å bli ein del av Bent Hamers univers. Eg kjente meg heime der frå første gong eg såg ein Hamer-film, sa Hagen i takketalen.

Då han kom ut i pressesona med Amanda-statuetten i hendene etterpå, bad Aftenbladet han seia kva det er han liker så godt med Hamers filmar.

– Det er ein kombinasjon av det kvardagslege og magi som til saman blir fantastisk, svarer Hagen, som både meiner Hamer er ein unik filmskapar – og eit fantastisk menneske han er takknemleg for å ha fått bli kjent med.

– Du spelar ei ganske nedpå rolle i merkelege situasjonar. Er det vanskeleg?

– Det er nedpå, men samtidig ganske skrudd til. Det er eit unikt filmunivers å vera med i og veldig morosamt å jobba med, svarer Hagen.

Laurdag kveld fekk Pål Sverre Hagen Amanda som Beste mannlege skodespelar i filmen «The Middle Man».
Les også

Hamersk på amerikansk

Intens helg i Haugesund

Dette er andre gong stavangeroppvaksne Hagen får Amanda som beste skodespelar. Han fekk også prisen for rolla si i «Kon-Tiki» (2013).

Hagen fekk også si eiga stjerne i Haraldsgata laurdag formiddag, ei ære som blir nokre få utvalde filmstjerner til del. Han har også ei sentral rolle i årets opningsfilm i Haugesund, «Krigsseileren».

– Du har bra utteljing på årets festival?

– Det er verkeleg ei intens helg. Eg har maksa det i år.

Hagen var førstemann til å ta imot pris laurdag kveld, der ei rekke gjeve prisar skal delast ut, inkludert Beste norske kinofilm og Folkets Amanda. Fjorårets store suksess «Verdens verste menneske» toppa nominasjonslista på førehand, med «De uskyldige» og «Nordsjøen» på dei neste plassane.

Hagen takka også jentene og kona si framfor eit fullstappa og stivpynta Festiviteten.

– Er eg så heldig at eg blir gammal, skal eg sjå på desse statuettane og tenkja på alt det fantastiske eg har fått vera med på. Tusen takk! avslutta Hagen.

Publisert: