Tore Renberg byr på meir mørkt vanvit i sin fjerde roman om Hillevågsgjengen.
Men han meiner det som skjer i den verkelege verda er verre.

Meir mørk moro frå Hillevåg

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Tore Renberg (f. 1972)

Forfattar og musikar frå Stavanger.
Debuterte med kortprosasamlinga «Sovende floke» i 1995.
Har sidan gitt ut ei rekke romanar, barnebøker og skrive tekstar for film og scene.
Har også gitt ut musikk. Vunne ei rekke prisar, sist Bokhandlerprisen (for andre gong) for nynorskromanen «Tollak til Ingeborg».
Aktuell med fjerde bind i Teksas-serien: «Assalam Alaikum».

– Når me seier at det ikkje kan vera så gale i den verkelege verda som det eg skildrar i desse bøkene, så tek me feil. Den verkelege verda er alltid verre enn litteraturen. Ingen forfattar kunne dikta opp Kampen-saka (der Jonny André Risvik i 2010 blei mishandla til døde av vennene sine. Red. merk), seier Tore Renberg.


Denne helga kjem fjerde bind av Renbergs såkalla Teksas-bøker. I dette romanuniverset møter me den (halv)kriminelle Hillevågsgjengen, med den karismatiske, KrF-veljande og veltalande tjukkasen Jan Inge i front. Ved si side har han den alt anna enn skjønntalande, velutstyrte og sexfikserte Rudi. For ikkje å snakka om søstera Cecilie, som Jan Inge har leigd ut til alslags mannfolk opp gjennom oppveksten – og som nå drøymer om å bli sjukepleiar. Saman driv dei Mariero Moving.

Lik i hagen

Men når «Assalam Alaikum» startar i januar 2013, har dei eit nedgrave lik i hagen, eit par parterte kroppar i fryseboksen – og 15 stolne kilo heroin dei må bli kvitt for å kunna bli streite.

Ja, og så held det på å rakna seriøst for Jan Inge.

– Eg skriv om «taparane» – som me kalla dei på 1980-talet. Eller «utanforskap», som me kallar det i dag. Etter å ha skrive om til dømes Jarle Klepp gjennom middelklasseoptikken i ti år, fekk eg behov for å sjå andre folk, visa litterær omsorg for dei som fell utanfor, seier Renberg.

Les også

Porno, snusk og glad­vold

BOK: En forrykende, karnevalesk og morderisk underholdende bok 4 om Hillevågsgjengen.

Ekstreme bøker

Teksasbøkene er på mange måtar ekstreme. Dei er både morosame, mørke, komiske, tragiske og groteske – på ein og same gong. Og så er her kolossalt mange folk – så mange at Renberg har eit hundre sider langt notat for å halda orden på kven folk er og bakgrunnshistoria deira.

– Dette har vore ein uttalt ambisjon for meg heilt frå eg begynte på dette universet. Eg har villa skriva ureine romanar, djupt satirisk, halsbrekkande realisme som sparkar i alle retningar og der det er masse folk og fleirstemt. Det er eit unorsk format, eg har lite anna å lena meg på. Det er litt jazz.

– Eller pønk?

– Det er for avansert til å vera pønk. Det er jazz. Eller progrock. Genesis med Peter Gabriel.

Hillevåg Porn

Her kjem ein spoiler: I «Assalam Alaikum» får me vita at faren til Jan Inge og Cecilie, som drog frå ungane etter at mora var død, slett ikkje jobba med olje i Houston, Texas, slik me og dei heile tida har trudd. Southern Oil var ikkje eit oljeselskap, men eit pornoselskap.

– Jan Inge og Cecilie var ikkje oljeungar, men pornoungar. Dei visste det berre ikkje sjølv, seier Renberg – som har visst heile tida.

Men nå kjem altså faren heim, med ambisjon om å starta pornoselskapet «Hillevåg Porn» i huset der ungane hans bur. Dermed er det kolossale mengder grapsen porno og grisete språk i «Assalam Alaikum». Så mykje at Renberg glatt innrømmer at dette nok ikkje er for alle.

– Men skal eg skriva fram verda til desse menneska, er ikkje dette eit drygt språk, seier Renberg.

Pornoens randsoner

I arbeidet med den nye romanen har Renberg studert pornoverda. Bestilt nokre pornomemoarbøker på Amazon. Djupgoogla seg inn i pornoens randsoner.

– Det har vore veldig ubehageleg. Det kjennest rart å senda ungane på skulen og så setja seg til macen og søka opp ATM (Ass to Mouth. red merk.), «Double Penetration» eller «fisting». Det er grenser for kor mykje sånt du toler på ein dag, seier Renberg.

Ein kan jo le litt av å «måtta» googla på porno som ein del av jobben. Men latteren set seg fort fast i halsen.

– For ganske raskt ser du jo at jenta på skjermen berre er 20 år. At ho er dottera til nokon. Du skjønar kor mykje kokain som må vera med i spelet for desse karane. Det minner litt om då eg måtte setja meg inn i skrekkfilmuniverset. Du blir ganske raskt både mett og kvalm, seier Renberg.

Det litterært interessante ligg ikkje minst i å gå inn i korleis desse menneska har hamna her, korleis dei har blitt slik – og her kjem det mørke forklaringar i den nye romanen. Og så ligg det mykje og godt dramatisk materiale i å sjå korleis det går når desse utstøytte frå tid til anna krasjar med resten av samfunnet. For Renberg tek utgangspunkt i verkelege hendingar, i ting som faktisk har skjedd i Stavanger, og så diktar han vidare – slik Alexander L. Kielland i si tid gjorde, frå den same byen.

Meir Teksas?

Teksastrilogien har med den nye romanen blitt ein kvartett. Om det blir fleire bøker i serien, kjem ifølgje forfattaren an på om han har krafta og energien som skal til for å halda kvaliteten og drivet oppe.

– Somme trur kanskje at eg sit og skriv dette med festhatt og -fløyte, at desse bøkene er eit overskotsprosjekt for meg som forfattar. Men sanninga er at dei er ekstremt krevjande og utmattande å skriva. Meir utmattande enn «Frå Tollak til Ingeborg», som berre inneheld éi stemme, seier Renberg.

Ambisjonen om at Teksas-bøkene skal bli filmatisert, ligg også fast.

– Nordisk Film har kjøpt opsjon på bøkene. Rosenberg-brørne Petter og John Christian frå Åsen i Stavanger jobbar med manus og foto. Eg er også involvert. Så prosjektet er under utvikling – sjølv om me så langt ikkje har nokon regissør, seier Renberg.

Dermed skal du ikkje sjå bort frå at det kan bli meir teksas i Hillevåg, i ei eller anna form.

– Eigentleg går det imot min natur å gå inn i slike lange løp, for eg er ein utolmodig og kavete type. Men så har det blitt slik likevel. Og eg har mange tankar om korleis det går med Jan Inge. Så me får sjå.

Publisert:
  1. Litteratur
  2. Porno
  3. Tore Renberg

Mest lest

  1. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  2. Flere europeiske land melder om omikronsmitte

  3. Ryfylke har fått sin første vingård

  4. Wirak varslet snø over Vinterland, og det fikk han