Spinnvill spionhistorie
FILM: Fascinerande spionhistorie frå krigen. Men det blir for mykje snakk.
- Jan ZahlKulturjournalist
OPERATION MINCEMEAT
Kinopremiere: 06.05.2022. Med: Colin Firth, Matthew Macfadyen, Kelly Macdonald, Penelope Wilton, Johnny Flynn, Jason Isaacs. Sjanger: Drama / Krigsfilm. Regi: John Madden. Nasjonalitet: England, 2021. Lengde: 2 timar, 7 minutt.
«Operation Mincemeat» er så vanvitig at du nesten skulle trudd filmen var basert på ei bok av James Bond-skapar Ian Fleming, og ikkje på ei sann historie. Historikarar har kalla operasjonen den kanskje mest vellukka villeiingsoperasjonen under heile 2. verdskrig. Kven hadde ideen? Ian Fleming.
Me kjem tilbake til det.
Året er 1943. Dei allierte planlegg å gå i land i Europa for å gå til motangrep mot Hitler og hans allierte. Den britiske statsministeren Winston Churchill meiner Sicilia vil vera den beste staden. Problemet er at Hitler også er klar over at Sicilia vil vera den beste staden, og dermed har sendt store styrkar dit.
Så: Kan dei allierte lura Hitler til å tru at angrepet i staden vil koma i Hellas, slik at han flyttar soldatane sine dit?
Dette arbeidet tek etterretningsoffiserane Ewen Montegu (Firth) og Charles Cholmondeley (Macfadyen) fatt på i ein bortgøymd, hemmeleg kjellar i London. Dei har med seg ein liten stab – og ein vanvitig plan få andre har tru på: Dei vil plassera eit lik utkledd som britisk militæroffiser i sjøen utanfor Spania. Liket skal ha ei dokumentveske festa til kroppen med tilsynelatande hemmelege dokument om at invasjonen kjem i Hellas. Planen er at dokumenta skal falla i tyskaranes hender.
Historia er ellevill – og sann.
Korleis fungerer så dette som film? Vel, her er særs dyktige skodespelarar, akkurat så britiske og korrekt som du ville forventa av offiserar frå 40-talet. Det heile ser også særs bra ut, enten me er i London, i Spania eller til havs.
Problemet er at det bli vel mykje snakking, særleg den første dryge timen. Det store mantraet i all historieforteljing er «show, don´t tell»: Du skal laga scener der folk gjer noko og slik viser sin karakter og motivasjon, i staden for å fortelja det med ord. I «Operation Mincemeat» er det uendelege dialogar der karakterane snakkar om planen sin og kva som skal skje. Før det endeleg skjer. Då er det, til gjengjeld bra.
Og Ian Fleming? Han jobba faktisk i etterretningstenesta i marinen, og er med i filmen, der han noterer villig vekk både om Q og M. I 1939 fekk han i oppdrag å koma opp med idear til korleis ein kunne villeia fienden. Ein av ideane var å droppa eit lik med falske dokument bak fiendens linjer …
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Har bodd på Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
Jærbanen stengt etter hendelse
Årets folketog i Stavanger
Falt på elsykkel og slo hodet
Se bildene fra russetoget her