Klassisk romantisk komedie
FILM: Liker du ein god, gammaldags romantisk komedie? Då kan du trygt sjå klisjéfesten «Marry Me».
- Jan ZahlKulturjournalist
MARRY ME
Kinopremiere: 11.02.2022. Skuespillere: Jennifer Lopez, Owen Wilson, Maluma, Chloe Coleman. Sjanger: Komedie / Romantikk. Regi: Kat Coiro. Nasjonalitet: USA, 2022. Aldersgrense: For alle. Lengde: 1 time, 52 minutt.
Romantiske komediar, altså. Der har du ein skikkeleg hat-elsk-sjanger. På den eine sida: Kven kan motstå å gli ned i setet i kinomørket med popkornet og sjå to (vakre) menneske få kvarandre – mot alle odds! På den andre sida: Kor teit og urealistisk er det mulig å laga film om to (vakre) menneske som får kvarandre – mot alle odds!
«Marry Me» er ein sånn film. Du kan kryssa av for alle klisjeane i oppskrifta til ein god, gammaldags romantisk komedie. Men dermed fungerer filmen også – nettopp som ein god, gammaldags romantisk komedie.
(Eg kan like godt innrømma det: Den filmen eg har sett flest gonger, er ein romantisk komedie. Faktisk tidenes beste romantiske komedie. Eg kjem tilbake til den.)
Kat Valdez (Jennifer Lopez) og Bastian (Maluma) er songarar og superstjerner. Dei lever eit liv i glitter, blitzregn og konstant innhaldsproduksjon til diverse sosiale medieplattformer. Når «Marry Me» startar, skal dei gifta seg, på scenen, tv-overført til millionar av menneske, mens dei syng sin nye duett «Marry Me».
I publikum står den skilde mattelæraren Charlie (Owen Wilson). Ikkje fordi han er fan, men fordi han er far og er med dottera på konsert. Tilfeldigvis står han der med ein plakat der det står «Marry Me!» på akkurat rett tidspunkt. Altså når det begynner å skje dramatiske ting mellom Kat og hennar tatoverte smørpus av ein latinosongar og storsjarmør.
Slik møter superstjerna med det elleville livet, fullt av assistentar, kamera og luksus mattelæraren med ei dotter, ein hund og ein gjeng ungdomsskuleelevar som øver til mattekonkurranse. Det er worlds colliding, sjølvsagt. Det kan jo aldri bli dei to. Det er heilt urealistisk. Det er mot alle odds!
Men okei. Om du aksepterer sjangeren – og klisjeane – så fungerer «Marry Me» etter oppskrifta for romantiske komediar. Først etablering av kor ulike dei to er. Gradvis bli kjent, opna for å endra seg. Då dukkar det opp ny motstand, ny krise. Ja, og så kan du jo gjetta korleis det går til slutt.
Det heile er stor og proff Hollywood-produksjon i alle ledd. Flott filma, fantastiske kostyme, superstjerner som spelar (og syng) bra. Her er eit smart manus. Mitt enkle krav til ting som kallar seg «komedie» er at eg skal le. Eg lo.
Men i tillegg til den romantiske komedien byr «Marry Me» på små dosar samfunnssatire og livsvisdom, slik at det ikkje blir heilt hjernedødt. Sjølv om det ikkje er ei veldig djup innsikt å visa at Det gode livet neppe går føre seg online.
Her er forresten lett å få assosiasjonar til den romantiske tragedien «A Star is Born». «Marry Me» startar på eitt vis der den slutta; der Lady Gaga har blitt superstjerne.
Eigentleg kjennest «Marry Me» litt som eit «blast from the past». Dei romantiske komediane hadde si stordomstid på 1990-talet – det same tiåret både Lopez og Wilson slo gjennom på film. Nå er Lopez 52 år og Wilson 53, og i staden for unge vaksne er det altså godt vaksne som kjempar med den kompliserte kjærleiken i 2022. (Maluma er sånn sett reine barnerovet med sine 28 år.)
Men temaet er altså evig aktuelt, med både komisk og underhaldande potensial – også i 2022. Her er referansar til fleire andre filmar i sjangeren. Og når slutteksten begynner å rulla, dukkar den aller tydelegaste referansen til tidenes beste romantiske komedie opp. Nemleg «Da han møtte henne» frå 1989.
På det tidspunktet må eg bare innrømma at eg framleis kan lika ein god, gammaldags romantisk komedie.
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Har bodd på Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
Jærbanen stengt etter hendelse
Falt på elsykkel og slo hodet
Årets folketog i Stavanger
Se bildene fra russetoget her