Teikneserietreff på Tou scene

Denne helga møttest teikneseriemiljøet på Tou Scene på festivalen Comnicon 2019. For det er ikkje bare Børge Lund og Øyvind Sagåsen som teiknar i Stavanger.

Rasmus Husebø (t.v.) og Tim Levang viser fram teikneseriane sine på Comnicon 2019. Foto: Jan Zahl

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Det er litt sånn Do it yourself-greie. Eg teiknar det sjølv, trykkar det sjølv og spreier det sjølv, seier Tim Levang.

Han står bak eit bord fylt av teikna trykk og tynne hefter med både «Damn Days» 1, 2 og 3. Ved sida av han held Rasmus Husebø til. Her kan du få kjøpt hans hefte med «Barnvoksen» for 100 kroner. Det er laurdag og teikneseriefestival på Tou scene i Stavanger. Comnicon 2019 er i gang med sin andre dag.

Rasmus Husebø lanserer bokversjonen av «Barnvoksen» på Comnicon 2019. Så langt har stripene bare levd på nett. Foto: Jan Zahl

Møteplass for teikneserieinteresserte

– Det starta eigentleg med at me ville laga ein møteplass for folk som var interesserte i teikneseriar. Sidan 2015 har me arrangert Comic Night kvar torsdag på Sølvberget, og så bestemte me oss for å laga ein årlig festival i tillegg, seier Husebø. Årets Comnicon er den tredje gongen dei arrangerer festival.

– Det er veldig avslappa greier. Somme lyttar bare, somme jobbar med tinga sine, me har foredrag og snakkar saman, seier Luke Barnes, som teiknar i superhelt og sci-fi-sjangeren med sitt «Snow Universe». Då han kom flyttande til Stavanger frå Stratford-upon-Avon, blei det dessutan ein fin plass å få seg venner med same interesse som han sjølv.

– Comic Night og Comnicon er ein måte å la lokale teikneserieinteresserte koma saman og diskutera, på tvers av sjanger, seier Maya Øvrebø, ei av eldsjelene bak årets Comnicon. Ho har bakgrunn frå biletkunsten, og teiknar symboltunge, ordlause teikningar.

Maya Øvrebø er ei av eldsjelene bak Comnicon 2019. Hennar teikneserieprosjekt heiter «Labyrint». Foto: Jan Zahl

Undergrunnen

Comnicon - og Comic Night på Sølvberget - er altså ein stad der teikneserieskaparar kan møtast, snakkast og høyra på debattar og foredrag. I ein sjanger der somme er ganske kjende og synlege - som Børge Lunds «Lunch» eller Øyvind Sagåsens «Radio Gaga» - men der dei fleste nok lever og virkar i undergrunnen.

Som lokale Trompet Forlag, der folka bak har gitt ut magasinet «Bare snabel» sidan 2004, men gradvis har blitt eit meir og meir profesjonelt forlag. Denne helga lanserte dei Eivind Målands bok «Finn & Co».

Espen Birkedal (t.v.) og Helge Olav Øksendal er to av teikneserieskaparane bak lokale Trompet Forlag og magasinet «Bare snabel». Foto: Jan Zahl

– Det ligg ein ganske kollektiv tankegang bak korleis me jobbar. Me er fem stykke som vekslar på å vera redaktør, seier Helge Olav Øksendal.

– Det er ein ganske kul og uvanleg måte å jobba på. Kvar redaktør får prega «sitt» nummer. Samtidig er det tydeleg at dette er «Bare snabel», seier Tim Levang.

Sidan første fanzine i 2004 har det nå kome ut 28 nummer av «Bare snabel». Foto: Jan Zahl

Marknadsplass

Men i tillegg til å vera ein møteplass der teikneserieskaparar kan utveksla erfaringar, er Comnicon også ein marknadsplass der teikneserieinteresserte kan få sjå og kjøpa teikneseriar.

Are Edvardsen lever av å selja norske teikneseriar gjennom sitt Über press. Foto: Jan Zahl

– Eg prøver å vera med på dei fleste slike teikneseriefestivalane som finst rundt om i landet, seier Are Edvardsen frå Bergen. Han lever av å driva teikneserieforlaget Über Press, og på bordet hans er det breiddfullt av bøker i alle slags format.

– Eg trykkar opp kvar bok i 1000 eksemplar, og distribuerer dei til landets bokhandlarar. I tillegg sel eg på nettet, seier Edvardsen. Og sjølv om me snakkar om ein nisje, er det fleire teikneseriebøker som sel i store opplag. Ifølgje Edvardsen har Malin Falch sin Nordlys-serie på Egmont kome i eit opplag på 57.000 eksemplar, mens det samla opplaget på hans 14 Überantologiar er på 14.500.

Über press har gitt ut ei rekke titlar. Foto: Jan Zahl

– Finst det nokon trend eller tendens i norsk teikneserie anno 2019?

– Det finst fleire. Den fremste tendensen er at det kjem fleire bøker der det går éi samla historie gjennom heile boka, framfor at ein bare samlar tidlegare striper som ikkje heng saman i ei historie. Altså at ein teiknar ein heil roman, avsluttar Edvardsen.

Les også

  1. – Dei sterkaste, drygaste forteljingane eg nokosinne har vore borti

  2. «Tips til Ungdommens fylkesting: Det er lurt å sjekka fakta og setja seg inn i ei sak før de fattar eit politisk vedtak»

Publisert:
  1. Festival
  2. Tou Scene

Mest lest akkurat nå

  1. Sjekk programmet: Slik blir 17. mai i Stavanger

  2. Nå vil politikerne prøve å redde Klepps fineste utsikt

  3. – Få har vært så hyppig i tv-ruta, som en vennlig gjest i norske hjem, over så lang tid

  4. Koronasmittet har vært i lesesal på UiS

  5. Båtparade og korps i gater - dette er 17. mai-programmet i Sandnes

  6. Rådyr på bytur