Dyster lesning, flott roman

BOK: Eldgamle Napoli er sjølv hovudpersonen i denne visuelt stimulerande romanen, sett om til norsk av Elena Ferrantes faste omsetjar.

Wanda Marasco er ein prisvinnande italiensk lyrikar, dramatikar og romanforfattar. Nå er hennar «Kompaniet av dikta sjeler» ute på norsk.

  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Wanda Marasco: Kompaniet av dikta sjeler. Roman. 231 sider oversatt av Kristin Sørsdal. Samlaget.

Idet «Kompaniet av dikta sjeler» av Wanda Marasco (1953, debut 1977) opnar, sit dottera Rosa ved senga til si nettopp avlidne mor og snakkar til henne. Sidan fattigjenta Vincenzia Umbriello kom til Napoli like etter den andre verdskrigen for å gå i teneste, forsørgja seg sjølv, og ikkje minst koma bort fra den fælslege mora og søskenflokken i det fattigslege eittromshuset på landet, har ho budd der, i dei bratte og kronglete gatene, i hus som held kvarandre oppe ved å lena seg mot kvarandre, i naboskap sydande av alle former for liv og med historia bokstaveleg lag på lag til stades med minningar tilbake til oldtid, og nabokjerringar som følgjer med og veit alt om alt og alle i nabolaget.

Frå ho kjem til Napoli som 17-18-åring og lar seg dåra av ekteskapsløfte mens ho blir besvangra av kontormannen Rafael Maiorane, som sjølv er av mølletne, fallerte og dekadente overklassefolk, fortoner omstenda i Vincenzinas liv seg som tvang og skjebne. Ved senga til den utanda mora går dattera Rosa nå i eg-form i sprang og kast gjennom livet hennar slik ho ser for seg seg at det har vore, og slik mora opplevde det.

Her er bolkar frå 1940-, 50- og 60-tal, og dei utvidar seg til også å bli Rosa si eiga livshistorie der ho sit ved mora si dødsseng, sjølv aldrande og med eit liv som heilt til nå – parallellforskyvt – liknar på moras, med ektemenns sjukdom og død, i slit, forsaking og fornedring, i armod, hat, mistru og redsle.

Romanen femnar store emne og motsetnadsforhold, som by-land, klasse, fattig-rik, herre-tenar, skam og «blodets hovmod». Men mest av alt er kanskje den eldgamle byen Napoli med sine trapper, krinklar og krokar, plassar og torg sjølv hovudpersonen i denne visuelt stimulerande romanen med anar i den filmhistoriske stordomstida til italiensk neoralisme.

Det er ikkje tilfeldig at det er Elena Ferrantes norske omsetjar, Kristin Sørsdal, som lar Samlaget framføra denne norske omsettinga av «Kompaniet av dikta sjeler», i vellukka norsk språkbunad.

Publisert:
  1. Roman

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger letter på tiltakene fredag, men sier nei til skjenking

  2. Sandnes, Sola og Randaberg trosser faglige koronaråd: - Blir helt feil, mener Stavanger

  3. Finland stenger grensa mot Norge

  4. Strand: Lastebil skal ha veltet i et sandtak

  5. Kondis­professor knuser fem myter om vekt og for­brenning: – Det er helt feil

  6. Tom Tvedt har fått ny jobb – kaster seg inn i saken som splitter Jæren