Ingrid Lønningdal skal utsmykke det nye torget på SUS

I ein konkurranse med tre andre kunstnarar vart det til slutt Ingrid Lønningdal som vann det store kunstprosjektet, står det i ei pressemelding fredag.

Publisert: Publisert:

Ingrid Lønningdal er glad for tilliten og klar for å jobbe vidare med kunstprosjektet i Stavanger. Foto: Porsgrunns Dagblad

  • Marie Håland
    Journalist

Det nye sjukehuset er bygga opp rundt eit sentralt torg, og her skal det bli kunst. Kunstprosjektet har ei kostnadsramme på maks sju millionar. No er det bestemt at det er bergensaren Ingrid Lønningdal sin me får sjå.

I ei pressemelding frå Helse Stavanger står det at Lønningdal sitt forslag er eit omfattande kunstnerisk grep med både måleri og skulpturar, og det kjem til å ha stor innverknad på korleis det vil vere å besøkje det nye sjukehuset.

Hennar kunstprosjekt «Rotasjoner» består av mellom anna eit stort, fargerikt takmåleri under det nye overbygget på torget, i tillegg til fleire skulpturar. Ho har teke utgangspunkt i sjukehusbygga som eit slags solur, og fargane går frå blått til gult og raudt.

Les også

Fire lokale kunstnere skal smykke ut SUS sin nye hovedpulsåre

Prosjektdirektør for nye SUS, Kari Gro Johanson, er nøgd med korleis det skal bli.

– Det er fint å sjå at det ligg ei omsorg i verket. Det er vakkert, i menneskeleg skala, og det lagar gode rom, seier ho i pressemeldinga.

Kunstnaren sjølv er både overvelda og glad for tilliten juryen har gitt ho.

– Det kjennest betydingsfullt å bidra til at det nye sjukehuset skal bli til ein god plass for både pasientar, tilsette og besøkjande. Eg ser fram til å jobbe vidare med det i Stavanger.

Skisser frå atelieret: Forma som går igjen i måleriet og i skulpturane til torget er basert på Ringen som bind sjukehusbygga samen. Foto: Ingrid Lønningdal

Lønningdal konkurrerte mot Cassius Fadlabi, Ole Martin Lund Bø og Spencer Finch. Juryen bestod av representantar frå Koro, sjukehuset, prosjektet og arkitektane bak bygget.

– For oss har det vore viktig at kunsten stiller seg til menneska som bruker sjukehuset, og at kunsten skal vere ein positiv distraksjon, vekke nysgjerrigheit og vere ein mogleg samtaleopnar, seier leder for juryen, Koros kurator Marie Danielsen Jølbo.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Oppfordrer til Halloween-feiring for de minste barna

  2. Sykefraværet gikk ned, men ikke nok. Nå får de en sjanse til

  3. Klar melding til egen minister: Grav ut Domkirken!

  4. Silje fikk topp­karakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i kles­butikk

  5. Gutt påkjørt på Bryne

  6. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  1. Kunst
  2. Stavanger
  3. Stavanger Universitetssjukehus (SUS)
  4. Helse Stavanger