Polar-litteratur snudd opp ned

BOK: Ein polar-roman full av komikk og med få oppdagingar.

Publisert: Publisert:

– Det beste med denne romanen er språket, skriv Aftenbladets meldar om Magnus Grova Søilens «Flaskeladden i Eskimopolis». Foto: Photographer: Eirik Apeland

  • Kristin Auestad Danielsen
    Forfattar og dramatikar
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Grade: 4 of 6 stars

Magnus Grova Søilen: Flaskeladden i Eskimopolis. Roman. 373 sider. Tiden norsk forlag.

Er du mett av den pretensiøse polarlitteraturen og likar smart harselering over macho-nasjonalistisk identitet, med svært fiks og leikande språkbruk, så er dette boka for deg. Men ikkje forvent handling, spaningskurve og eit såkalla heilstøypt verk, til det er boka kanskje litt uferdig og best på mikronivå.

Boka handlar om ein mann som druknar i gjeld og i eit desperat forsøk prøver å selje bestefaren si dagbok frå ein polarrekspedisjon frå 1932 til Øst-Grønland som ledd i Noregs forsøk på å hevde rett på dette området. Boka startar med at dette barnebarnet skriv eit forord til denne dagboka som han har tenkt å sende til eit forlag, der han sit i København ein vårdag i 2022. Resten er 350 sider med dagbok. Dagbok over kvar einaste dag til denne bestefaren som har som oppgåve å skrive eit kompendium over polarekspedisjonens medlemmer.

Ein kan kanskje kalle denne boka ein historisk anti-roman. Med det meiner eg at denne romanen prøver å utfordre konvensjonelle lesingar av Historia. Vårt bilete av norsk polarhistorie er full av heroiske menn som vann over andre ekspedisjonar med betre teknologi, ekstremt mot og usliteleg kameratskap. Denne boka vil gjerne opponere mot dette bilete ved å skildre ein polarekspedisjon utan konkret mål og meining med eit småleg, komisk og brakkesjukt mannskap. Den minner meg om “Imperium” av Christian Kracht eller “Äldreomsorgen i Övre Kågedalen” av Nikanor Teratologen. Desse romanane prøver også å skrive om europeisk nasjonalistisk tankegods på ein måte som både skapar forståing og utfordrar lesaren i kva som er lov å ytre idag.

Det beste med denne romanen er språket. Det er ei blanding av hundre år gammalt bokmål ispedd bergenskdialekt med ord og vendingar eg aldri har høyrt før. Det er veldig ofte morosamt. Her eit utdrag der hovudpersonen har mista votten sin og får kjeft frå ekspedisjonsførar Troye:

“Og så, skrikende høgt på ustemt felestreng: “Du har fordømt plikt til å dra omsorg for dine kamerater! Spleis båndet, det er en ordre!” Mannen er fanden ikke riktig rett! Vel følger det av ordtøkets 12. ledd at den som elskar age, elskar kunnskap, men den som hatar refsing, han er faavis - dog: Et røket våttevånd fem meter fra fjertlunken koie! Farlig?! Tett mumling på gul steming til resten av sjauen med bikkjene før vi gikk til skaff.”

Vi får referat av diskusjonar rundt muhammedanismen, den ariske rase, oljebegeistring, undring over nyvinningar som trafikklys og coca cola frå Amerika. Her er flauser og skrøner og innføringar i tredvetals kosthaldsdiskusjonar og HMS. Dagboka sluttar i eit såkalla samanbrot for den stakkars bestefaren. Altså brått og ut i ingenting. Lesaropplevinga skiftar mellom humring og skumlesing over kjedelege passasjar. Eg hadde gjerne lese meir om barnebarnet frå 2022. Fekk han gitt ut boka og sletta gjelda si? Det seier denne romanen diverre ingenting om.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Vil bytte bort 2. pinsedag som fridag

  2. Politiet nedringt om festklager

  3. Nok en Bryne-gutt skal spille for Sandnes Ulf

  4. – Jeg har vært interessert i planter så lenge jeg kan huske

  5. – Håper dette gir en god avslutning for elevene

  6. Ruset mann kjørte feil vei i Ryfast

  1. Roman
  2. Litteratur
  3. Bokanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. Bøker