Biblioteka i digital bakevje

Norske bibliotek får ikkje låna ut e-bøker – og inga digital løysing er i sikte. Den avgrensa prøveordninga som så vidt kom i gang i fjor, blir ikkje forlenga.

Publisert: Publisert:

Kulturhussjef Marit Egaas på Sølvberget meiner biblioteka er i ferd med å hamna i ei digital bakevje. Ikkje kan dei låna ut e-bøker – og nå går også det fysiske bokutlånet ned. Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

— På e-bokområdet står biblioteka heilt på utsida. Me vil tilby Stavangers befolkning digitalt innhald i Språkåret 2013, men har ingen e-bøker å låna ut, seier kulturhussjef Marit Egaas.

— Me er mange år på etterskot allereie. Eg har jobba både i musikkbransjen og avisbransjen, og veit kor farlig det er å sitja på gjerdet. Mens stadig fleire får lesebrett og venner seg til å lesa bøker der – på engelsk – har biblioteka ingenting å tilby. Me er heilt i bakevja, seier nettredaktør Øyvind Berekvam på Sølvberget.

Les også

Stort fall i bibliotekutlånet

Begge trur nedgangen på 11 prosent i utlån på Stavanger bibliotek i 2012 blant anna har med at dei taper i den digitale konkurransen. Dei fryktar biblioteka skal mista den digitale generasjonen.— Fallet er størst for CD-ar og film, der den digitale konkurransen frå kommersielle aktørar er sterkast. I USA sel ein nå fleire e-bøker enn paperbacks. Det er bare eit spørsmål om tid før denne trenden når Norge også, seier Berekvam.

Slutt før det starta

Like før jul blei det klart at prøveordninga med å kjøpa inn e-bøker parallelt med fysiske bøker på enkelte utvalde bibliotek ikkje blir forlenga, etter at Forleggerforeningen og Forfatterforeningen stilte nye vilkår. På grunn av tekniske problem, kom ikkje ordninga i gang før i desember, med Buskerud fylkesbibliotek og Ryfylkebiblioteket som dei første til å tilby utlån av 160 utvalde titlar som e-bok fram til 1. juli i år. Nå kjem ingen nye titlar, og kva som skjer etter 1. juli er det ingen som veit.

Biblioteksektoren har ikkje ein gong lukkast i å koma til forhandlingsbordet

— Då eg begynte på Sølvberget i 2007, skulle me vera med på eit prosjekt med utlån av e-bøker – noko som illustrerer at teknologien eksisterte allereie då. Men prosjektet blei aldri noko av, og sidan har ingenting skjedd. Biblioteksektoren har ikkje ein gong lukkast i å koma til forhandlingsbordet, der forleggjarane og forfattarane sit og bestemmer alt, seier Egaas.

Ho skjønar at forlaga kan vera skeptiske til å låna ut nye e-bøker gratis på biblioteka, og skjønar at både forlag og forfattarar vil ha vederlag.

— Men me meiner dei er veldig dumme som ikkje set seg til forhandlingsbordet med biblioteka, seier Egaas, som meiner biblioteka framfor alt kunne teke seg av breidda.

— Bokbransjen er veldig bestseljarorientert. Nokre få, populære titlar blir pusha og sørgjer for overskota, mens vårt kulturbidrag kunne vera å formidla alle dei andre bøkene. Bokhandlarane legg til dømes ikkje to pinnar i kross for å selja ny barnelitteratur, seier Egaas, som meiner biblioteka kunne spelt ei viktig rolle for den norske e-bokas gjennombrot.

Farse eller tragedie?

Så langt er det uvisst om ein bør le eller grina over den norske e-bok-historia, der det lenge knapt fanst titlar, og der løysingane for å få tak i dei har blitt systematisk slakta. Og mens engelskspråklige e-bøker er billege, er norske nesten like dyre som papirvarianten. Sjølv om bokbransjen retorisk har erklært seg entusiastiske til e-bøker, har dei færraste utanfor bransjen blitt overtydd over at ein faktisk meiner det.

Det er framfor alt Apple som styrer kva e-bøker me har tilgang til i Norge i dag.

— Det er framfor alt Apple som styrer kva e-bøker me har tilgang til i Norge i dag. Eg har tilgang til all litteratur i verda via Apple Store – og nokre få norske, seier Berekvam, som lurer på korleis biblioteka skal oppfylla Biblioteklova når dei ikkje kan tilby digitalt innhald for utlån:

— Me skal fremma opplysning og utdanning gjennom å stilla "bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet". Kjem ikkje e-bøker inn under denne definisjonen, skjønar eg ingenting.

Frustrasjonen er stor i heile biblioteknorge.

— Me har eit stort problem med at me ikkje får tilgang til norske e-bøker. Kan me ikkje tilby digitalt materiale, hamnar me heilt klart i ei bakevje, seier biblioteksjefen i Bergen, Leikny Haga Indregaard.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  2. Jakob Ingebrigtsen sikret seg kongepokalen

  3. Haalands langspurt overskygget alt. Det gikk et gisp over fotballverdenen.

  4. Trafikken går som normalt igjen på E39

  5. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  6. Ser du hvor dette huset har en skjult oase?