Dyrisk bra frå Island
FILM: Liker du islandsk natur, dyr og mystikk, skal du sjå «Lamb».
- Jan ZahlKulturjournalist
LAMB
Kinopremiere: 28.01.2022. Med: Noomi Rapace, Hilmir Snær Gudnason, Björn Hlynur Haraldsson, Ingvar Eggert Sigurðsson. Sjanger: Drama / Skrekkfilm. Regi: Valdimar Jóhannsson. Nasjonalitet: Sverige / Island / Polen. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 43 minutt.
Island, altså. Fascinerande stad. Vilt. Vakkert. Vulkansk. Og så er dei drivande gode historieforteljarar.
Maria (Rapace) og Ingvar (Snær Gudnason) er eit barnlaust par som lever på ein gard langt unna alt. Garden ligg i storslått natur. Bileta av fjella, grasbakkane, skyene og vêret er i seg sjølv verdt kinobilletten. Eg fekk lyst til å dra til Island igjen.
Men menneska lever ikkje aleine i naturen. Dei er også omgjevne av dyr. Hestar, sauer, ein hund, ein katt. Nok ein gong blir eg slått kor fascinerande det kan vera å sjå på dyr på film. Som i fantastiske «Gunda» – den prisvinnande dokumentaren blant anna om ein gris – blir du i «Lamb» sitjande og tenkja på kva dyra tenkjer. For det er heilt soleklart at det skjer ting der, i dyreverda.
Ein dag blir eit heilt spesielt lam fødd. Eit lam Maria og Ingvar tek til seg som sitt eige barn og kallar Ada. Du treng ikkje vera professor i bibelkunne for å reflektera over namna. Maria. Ada.
Ja, eg veit at det høyrest heilt skrudd ut. Det same tenkjer Maria og Ingvar – i det minste i starten.
Og dette er jo på mange måtar heilt skrudd. Men her ligg nettopp noko av det vellukka med filmen. At debutantregissør Valdimar Jóhannsson og medforfattar Sjón – ein av Islands fremste forfattarar – klarer å laga eit truverdig, mytologisk univers av noko som er heilt skrudd. For Maria og Ingvar blir dette merkelege naturleg. Og som sjåar kjøper du også etter kvart ideen. Som i sanning ein original idé, ein original film.
Det blir ikkje sagt veldig mykje. Men bileta talar for seg. Naturen, dyra, menneska inngår alle i eit stort og mektig heile, og du skjønnar at her går føre seg mykje. Du skjønnar at dette blant anna handlar om foreldreskap. Du skjønnar det gjennom særs gode skodespelarprestasjonar. Og gjennom filming som endåtil får det til å sjå ut som om dyra er skodespelarar.
Men at dette skal vera ein skrekkfilm, forstår eg lite av. «Lamb» er tidvis urovekkande og uhyggeleg, men også inderleg og tidvis komisk. Dette er langt meir elegant enn horror som får deg til å hoppa i stolen.
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Har bodd på Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
Jærbanen stengt etter hendelse
Falt på elsykkel og slo hodet
Årets folketog i Stavanger
Se bildene fra russetoget her