Underhaldande sexprat

FILM: Gammal gris kjøper ung, farga prostituert. Og diskuterer.

Den pensjonerte religionslæraren (Emma Thompson) kjøper ein ung prostituert (Daryl McCormack) for å prøva sex ho aldri opplevde i ekteskapet.
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

GOOD LUCK TO YOU, LEO GRANDE

Kinopremiere: 26.08.2022. Med: Emma Thompson, Daryl McCormack. Sjanger: Komedie / Drama. Regi: Sophie Hyde. Nasjonalitet: Storbritannia, 2022. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 37 minutt.

Sjekk denne ideen til ein langfilm i 2022: 55 år gammal gråhåra enkemann bestiller ei ung, farga og overjordisk vakker prostituert kvinne for å ha sex på måtar han aldri fekk oppleva gjennom eit langt ekteskap. Mannen vil ikkje ha nokon på sin eigen alder, legg ikkje skjul på at han er ute etter ein ung kropp. På eit visst tidspunkt i filmen kallar han seg sjølv «a seedy old pervert». Filmen er skriven og regissert av menn.

Etter #metoo og i dagens kjønns- og kulturpolitiske landskap: Hadde det vore mogleg å laga ein slik film? Korleis ville han blitt tatt imot? Ville han blitt sett på som problematisk eller eit friskt innslag i filmfaunaen?

Akkurat det får me aldri eit sikkert svar på. Men med «Good Luck To You, Leo Grande» på kino får me i alle fall demonstrert at det fint går an når kjønnsrollene er snudde om. Når det er ei 55 år gammal enke (Emma Thompson) som bestiller ein overjordisk vakker ung, farga og prostituert mann (Daryl McCormack) for å ha sex på måtar ho aldri fekk oppleva gjennom 31 års ekteskap i misjonærstilling.

Dette høyrest kanskje ut som ein vaksenfilm i tydinga sexfilm. Og ja: Det er ein vaksen film. Og ja: Det handlar ein heil del om sex. Men det er framfor alt ein snakkefilm om og for vaksne. Heldigvis ein intelligent, interessant og morosam snakkefilm som handlar om langt meir enn å ha seg. Om lyster, skam, sjølvtillit, aldring og kva tilgangen på eller mangelen av eit seksualliv kan gjera med eit liv og eit menneske. Bør, til dømes, sexarbeid legaliserast, nærast bli ein del av det offentelege tenestetilbodet i kommunen?

Dei to hovudkarakterane bryt sjølvsagt også med dei stereotype oppfatningane av ein sexkjøpar og ein sexarbeidar. Ho, den eldre, ganske så forknytte pensjonerte religionslæraren som for første gong i livet prøver å gjera noko vilt og interessant. Han, den modellpene prostituerte som viser seg å vera både reflektert rundt si eiga rolle og ha ei tunge som både er vittig, veltalande og, ehm, ja …

McCormack er god i si rolle. Men Thompson er direkte briljant i ein film som i form er svært enkel: 90 prosent går føre seg i eit hotellrom, med dei to. Sånn sett liknar dette meir på filma teater enn ei filmatisk forteljing.

Men du treng kanskje ikkje meir når ideen er god – om enn lite truverdig – manuset smart og skodespelarane gode.

Publisert: