Ungdommens råskap
FILM: Brutalt og vondt om stakkars, sinte ungdommar som slår.
- Jan ZahlKulturjournalist
Beautiful Beings
Kinopremiere: 24.06.2022. Originaltittel: Berdreymi. Med: Birgir Dagur Bjarkason, Áskell Einar Pálmason, Viktor Benóný Benediktsson, Snorri Rafn Frímannsson. Sjanger: Drama. Regi: Guðmundur Arnar Guðmundsson. Nasjonalitet: Island, 2022. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 2 timar, 2 minutt.
Det er pinadø ikkje lett å vera ein 14 år gammal gutunge. Og det er i alle fall ikkje lettare om du veks opp utan ein farsfigur i huset – eller når farsfiguren drikk og slår om han er heime. Og når mor di lever i si eiga verd og har meir enn nok med sitt. Når du i praksis er overlaten til deg sjølv og unngår å vera heime så godt du kan.
Då er risikoen deprimerande høg for at du hamnar litt på sida. Kanskje blir du mobba og hundsa av dei andre, slik stakkars, stakkars Balli (Pálmason) blir. Eller kanskje du er ein av dei som tek sinnet ut på andre, ein av dei som slår, slik Konni (Benediktsson) gjer. Og kanskje finn du fellesskapet og samhaldet du manglar heimanfrå i ein gjeng. Sjølv om gjengen viser seg å vera destruktiv, valdeleg og vond, har du i alle fall venner.
«Beautiful Beings» handlar om alt dette, lagt til Island tidleg på 2000-talet. Om unge gutar med tung bagasje heimanfrå. Om forsøket deira på å manøvrera gjennom ei komplisert tid. Om ungdomsvald, rus og begynnande, forvirrande seksualitet. Om redsle, håpløyse og ungdommeleg brutalitet. Om sinne og redsle. Og om grunnane som ligg bak.
Manus og historie er god og truverdig. Men det som verkeleg løftar filmen opp ein divisjon og to, til ein film du hugsar, er skodespelet til desse unge gutane. Du trur verkeleg på dei. Du føler verkeleg med dei. Du ser dei, tydelegare enn dei ser seg sjølv.
Filminga bidreg også til dette. Bak kamera står norske Sturla Brandth Grøvlen, som også filma «Ett glass til» og «De uskyldige». Legg til dømes merke til korleis han filmar hender. Knyttnevar. Varme hender. Omsorgsfulle hender. Livredde, skjelvande hender.
«Beautiful Beings» hadde verdspremiere på den prestisjetunge filmfestivalen i Berlinnalen i Berlin. Der vann han Europa Cinemas Label-pris for Beste europeiske film. Det forstår eg godt.
Film- og tv-anmeldelser
Denne filmen om ungdommeleg råskap og vennskap bur du sjå
Musikalsk og visuelt fyrverkeri om Elvis
Charlotte Rampling briljerer som alkoholisert og kjip bestemor
Vår anmelder om enda en Jurassic-oppfølger: Nå må det være nok!
Er alle menn like?
Dette er Obama sin favoritt-western. Det kan eg godt forstå
Mest lest akkurat nå
Sprengningsuhell ved Auglendstunnelen – sørgående felt vil være stengt hele natta
Fra 1. juli blir det ny nettleie. Slik kan du påvirke strømregningen
I pausen på basketballkampen kom ideen. Nå kan mobiltelefonen bli hjertestarter
Egil Ingve Larsen er død
19 kunstnere mister arbeidsplassene sine i Stavanger sentrum
– Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok
Aftenbladet anbefaler
Regjeringen legger kriseplaner for rasjonering av strøm til vinteren
53-åring fra Rogaland tiltalt for nettovergrep mot 17 mindreårige jenter
– Nesten alle foreldre velger instinktivt det farligste stedet
Siktede i Birgitte-saken nekter å snakke om Tina-saken før han får tilgang til etterforskningsdokumentene