Påfyll for hjernen
SAKPROSA: Laurdag går Sakprosafestivalen av stabelen i Stavanger. Du kan læra om alt frå intellektuelle inspirasjonskjelder, via ligging og legging og til matdyrking på Påfyll, Bokhuset og Sølvberget.
- Jan ZahlKulturjournalist
– Nei, me må tidleg opp i litteraturens verd også. Få ungane på skulen, gjera ritene våre, seier Jan Inge Reilstad når Aftenbladet ringer festivalsjefen (ganske) tidleg torsdag morgon.
Eh … ritene!?
Men altså: Laurdag går Sakprosafestivalen av stabelen i Stavanger, for sjuande år på rad. Norsk faglitterær forfattar- og oversettarforeining (NFFO) samarbeider med lokale krefter som Reilstad, og har invitert ei røys forfattarar som skal snakka om ei brei vifte bøker og tema.
Seks styrkeøvingar for hjernen
Høgt og lågt
Det spenner frå det ganske så akademiske og teoretiske til det – bokstaveleg talt – jordnære. Du kan høyra den intellektuelle tungvektaren Rune Slagstad fortelja om sine inspirasjonskjelder som tenkjar, i samtale med Mímir Kristjánsson. Men du kan også høyra Dennis Asbjørnsen fortelja om korleis du kan skapa ein etande hage.
– Sjølvberging er jo i skotet. Du er vel ein sånn som dyrkar urter i hagen, seier Reilstad, og har plutseleg snudd rollene i dette intervjuet.
– Ikkje eg. Men kona har planta urter på terrassen.
– Nettopp!
20.000 følger Dennis (23) sin kjøkkenhage på Hundvåg
Journalisten må ta tilbake kontrollen. Media kan ikkje la seg driva rundt i manesjen på denne måten:
– Kva er høgdepunkta i år?
– Me har berre høgdepunkt på programmet i år. Det startar eit nytt høgdepunkt kvar halvtime, frå klokka 11 og til seint på kveld, humrar Reilstad.
Prosess og begjær
Dagen startar med Bjørn Olav Jahrs bok om prosessen mot Viggo Kristiansen, held fram med ei blodfersk bok frå lokale Pelikanen forlag som har fått tittelen «Forfølgelsen av Julian Assange».
I tillegg til det intellektuelle, det jordnære, dramatiske rettsprosessar – og resten i smågodt – kan du også få deg ein dose kjærleik og begjær. Psykoanalytikar Siri Erika Gullestad skal snakka om begjærets rolle i liva våre, mens Catrin Sagen kjem med ein slags overlevingsguide til paret som småbarnsforeldre. Altså når ein går frå å vera mest oppteken av ligging til å driva mest med legging.
Sjølv skal Reilstad blant anna snakka med Audun Myskja, som nyleg har gitt ut ei bok om tibetanske riter, utvikla av tibetanske munkar og rekna som ei slags kjelde til evig ungdom.
Den hvileløse jakten på ro
– Dette er ei form for sjølvhjelpsbøker, men mykje meir. Myskja er utdanna lege, solid planta i vestleg tradisjon. Men så har han vakse på seg ei interesse før austleg tradisjon. Dette må jo vera interessant for folk flest i ein travel kvardag?
– Så det var derfor du starta dagen med riter?
– Ja, eller det var jo Terje Vallestad som lærte meg dette, for 14–15 år sidan. Eg har vore litt av og på. Har du prøvd riter?
– Nei, er du galen!
– Galen? Nei, det burde du prøva. Du må i alle fall koma på den samtalen!
Mest lest akkurat nå
Mistet førerkortet etter farlig forbikjøring
Ertvaag-familien dro inn 84 millioner - tar 23,5 millioner i utbytte
Ingve Bøe slakter tv-ekspert etter Tripic-episoden
Enighet mellom byggherre og utbygger om Sola Arena - Folkehallene punger ut med 49 millioner kroner
Reisende risikerer å ikke få alt refundert
Daglig leder ferdig i klubben