Underhaldande Gucci-drama

FILM: Stjernelag med Lady Gaga i spissen om arv og intrigar i motehuset Gucci.

Sekretæren Patrizia (Lady Gaga) kaprar motehusarvingen Maurizio Gucci (Adam Driver) i «House of Gucci».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

HOUSE OF GUCCI

Kinopremiere: 26.11.2021. Med: Lady Gaga, Adam Driver, Jared Leto, Jeremy Irons, Jack Huston, Salma Hayek, Al Pacino. Sjanger: Krim / Drama / Thriller / Biografi. Regi: Ridley Scott. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 40 minutt.

For oss som elskar tv-serien «Succession» (og streng tatt til andre også): Her kjem historia om intrigar, familiekonfliktar og arv i motehuset Gucci. Basert på verkelege hendingar.

Eg er jo ikkje blant dei som nokosinne kjem til å eiga – eller interessera meg for – eit Gucci-produkt. Men filmen om det legendariske, italienske motehuset interesserer meg. Både fordi historia inneheld det aller meste du kan krevja av ei god historie – og fordi ho blir fortalt av særs gode skodespelarar og av regissørlegenda Ridley Scott (som blir 84 år 30. november).

Filmen startar med at Patrizia Reggiano (Gaga), sekretær i farens lastebilfirma, tilfeldig møter Maurizio Gucci (Driver), einearving til halve motehuset. Patrizia viser seg å vera svært så målbevisst i å sjekka opp Maurizio, men faren (Irons) er ikkje begeistra. Som igjen fører til at Maurizio blir kasta på gata.

Sidan skal ekteparet posisjonera seg på måtar som gjer at dei igjen når toppen – med Patrizia som den kanskje viktigaste drivkrafta. Det blir masse konfliktar, intrigar og dramatikk av sånt.

Og Lady Gaga viser – igjen – at ho er ein særs dyktig skodespelar, og er kanskje den viktigaste drivaren av handlinga i filmen. Driver er også god som sjarmerande og eksentrisk, men samtidig litt fjernare. Og så er det jo stas når legender som Al Pacino og Jeremy Irons er med.

Handlinga vekslar mellom Milano og New York (og litt Sveits). Scott har valt å la skodespelarane snakka engelsk med italiensk aksent, sikkert for å få dei til å verka meir autentisk italienske. Det er litt corny. Særleg blir søskenbarnet Paolo (Leto) nesten til ein parodi heller enn eit menneske av kjøt og blod.

To timar og 40 minutt er sjølvsagt for langt for dei aller fleste filmar, og også her kunne ein knipe inn. Men du får deg nokre timar med god underhaldning frå motens merkverdige verd.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Denne krigs­filmen fekk prestisje­pris i Berlin

  2. Lady Gaga i under­haldande Gucci-drama

  3. Her er filmen om tennis­stjernene Venus og Serena Williams sin veg mot toppen

  4. Disney leverer magi til jul

  5. Den første filmen i Venom-serien var ikkje det store. Den andre er dårlegare

  6. Vil du sjå ei plaga mann, sjå denne

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Lady Gaga
  5. Gucci