Unge detektivar i skjergarden

FILM: Kanskje ikkje eit veldig stort mysterium at Norges mestseljande bokserie for barn mellom 9 og 12 blir til film?

Cecilia, Une og Leo finn eit lik på stranda, og begynner å nøsta i mysteriet i «Clue: Maltesergåten».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Clue: Maltesergåten

Kinopremiere: 27.08.2021. Med: Julia Mælumshagen Nymoen, Kenza Olympia Iteka, Felix Sollie, Kyrre Haugen Sydness, Andreas Cappelen, Bjørn Floberg, Marte Solem, Lisa Loven Kongsli, Marlon Valdés Langeland, Henrik Mestad, Anne Krigsvoll, Kyrre Hellum, Line Verndal, Gine Cornelia Pedersen. Sjanger: Action / Krim. Regi: Thale Persen. Nasjonalitet: Norge, 2021. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 time, 33 minutt.

Me skal vera glade kvar gong det dukkar opp ein ny, norsk barne- og familiefilm som ikkje er nummer tre, fire eller fem i ein serie av kommersielt seife og formelbaserte filmar for ungane våre.

Samtidig er det vel ikkje heilt usannsynleg at «Clue: Maltesergåten» berre blir den første av fleire. Forfattar Jørn Lier Horst har skrive 13 bøker i det som er den mestseljande bokserien for barn mellom ni og 12 år i Norge – og som det allereie er kapitalisert ganske godt på, både som bøker, teikneserie og høyrespel.

Denne første filmen – som opna familieprogrammet Cinemagi med festpremiere på årets filmfestival i Haugesund denne helga – tek utgangspunkt i dei fire første bøkene. Det er altså mange bøker igjen å laga film av om denne første skulle visa seg å selja mange kinobillettar.

Lik på stranda

Me skal til fiktive og idylliske Skutevika, der me frå første bilete forstår at det har skjedd noko dramatisk i skjergarden. Her bur Cecilia (Nymoen) saman med faren (Sydness), som driv idylliske Perlen pensjonat. Her har ho også bestevenninna Une (Iteka). Saman dreg dei for å bada, men i staden finn dei eit lik i fjæra – og møter Leo (Sollie) for første gong.

Herifrå skal dei tre prøva å nøsta opp i kva som har skjedd, både med den mystiske, døde mannen – og med mora til Cecilia.

Det ligg for så vidt eit clue til korleis bøkene og denne filmen er lagt opp i tittelen på serien. Den tidlegare politietterforskaren Lier Horst kan sitt krimhandverk – på premieren sa han at han ser på skrivinga si som handverk, ikkje kunst. Han legg ut stadig nye leietrådar, som i sin tur fører historia vidare mot eit slags dramatisk høgdepunkt.

Litt for sedat

Samtidig går det tidvis litt for sedat framover i filmen til at du blir sitjande ytst på stolen i spenning, sjølv om her heldigvis er nokre sekvensar som kan vera spennande for dei yngste. Er det spennande nok for actionvane norske 12-åringar? Tja.

Dei unge og uerfarne skodespelarane klarer seg greitt. Samtidig kan det tidvis bli noko litt stivt og mekanisk over det heile. Eg blei til dømes sitjande og lura på kvifor ungane ikkje reagerer sterkare på å finna ein drukna mann på stranda. Hadde eg – og/eller ungane mine – funne eit lik på stranda når me skulle ut og bada, trur eg det hadde sett oss ut ganske kraftig og ganske lenge.

For dei vaksne karakterane kan det tidvis vera ein balansegang du ofte ser i barnefilm, mellom å vera tydelege og karikerte.

Men «Maltesergåten» er altså ikkje eksistensiell film eller eit djuptloddande psykologisk drama, men heller ei forsøksvis spennande krimgåte for dei mellomyngste. Om enn ganske formelmessig, ja.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Punken var visst ikkje død

  2. Absurd frå eit USA i forfall – men alle vil nok ikkje le

  3. Absurd, provoserende og originalt om sex-tape på avveie

  4. Går det an å både le og grina av kreft og tragedie? Absolutt

  5. Rørende og vakkert om kjønns­identitet

  6. Still­ferdig japansk drama om mor­skapets dilemma

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. filmer
  3. Film