«Flukt» er ein heilt spesiell dokumentar
FILM: Brennande aktuell - animert! - dokumentar om Taliban, flukt - og kjærleik.
- Jan ZahlKulturjournalist
FLUKT
Kinopremiere: 22.10.2021. Originaltittel: Flee. Sjanger: Dokumentar. Regi: Jonas Poher Rasmussen. Nasjonalitet: Norge / Danmark, 2020. Aldersgrense: 12 år. Språk: dansk/engelsk/dari. Lengde: 1 time, 29 minutt.
Parallelt med Taliban igjen har teke makta i Afghanistan kjem den prisløna, danske - og animerte! - dokumentaren «Flukt» på kino. «Flukt» handlar om 36 år gamle Amin, som hadde ein lukkeleg barndom i Kabul på 1980-talet. Men så tok Taliban makta, og Amirs familie måtte flykta. Når me møter Amin i filmen, bur han i Danmark. Vegen dit har vore lang og smertefull.
Men den sanne historia hans, er det ingen som kjenner - ikkje ein gong kjærasten Kasper. Og det er altså ei historie full av dramatikk, håp, tilbakeslag, familieband, jakta på ein heim - og kjærleik.
«Flukt» er noko så sjeldant som ein animert dokumentarfilm, ispedd ein del autentiske opptak frå Afghanistan. Ein skulle kanskje tru at teikna karakterar ville gjera dei mindre «ekte», mindre truverdige, mindre «dokumentariske» enn «ekte», levande menneske.
Men pussig nok gjer ikkje teiknefilmformatet at dokumentaren virkar mindre truverdig eller autentisk. Litt som i «Searching for Sugar Man», der ein også miksa autentiske opptak med animasjon. «Searching for Sugar Man» vann Oscar for beste dokumentar i 2013. «Flukt» vann prisen for beste dokumentarfilm då han hadde premiere på den prestisjetunge Sundance-festivalen tidlegare i år.
Det blir brukt litt ulike animasjonsteknikkar gjennom filmen. Men hovudgrepet er ein ganske enkel strek, todimensjonale teikningar, «klassisk» teiknefilm, om du vil. Det som løftar uttrykket frå det som kunne vore ein teiknefilm for barn, er historia - og måten historia blir fortalt frå. Animasjonane baserer seg på intervjua filmskapar Jonas Poher Rasmussen gjer med Amir. Intervjua er tette, nære, personlege - og vanskelege. Me får med oss tvilen, stotringa, pausane, vendingane. Amirs måte å fortelja på er ganske nedpå - og tek stadig nye og overraskande vendingar.
«Flukt» er ein heilt spesiell dokumentar. Og definitivt verdt billetten.
Film- og tv-anmeldelser
Denne filmen om ungdommeleg råskap og vennskap bur du sjå
Musikalsk og visuelt fyrverkeri om Elvis
Charlotte Rampling briljerer som alkoholisert og kjip bestemor
Vår anmelder om enda en Jurassic-oppfølger: Nå må det være nok!
Er alle menn like?
Dette er Obama sin favoritt-western. Det kan eg godt forstå
Mest lest akkurat nå
– Vi har alltid stilt opp for selskapet når det trenger det
Regjeringen griper inn med tvungen lønnsnemnd i oljestreiken
Sandnes-gjeng gikk på isbreen tre dager før dødsulykken: – Blir jo helt satt ut
26-åring pågrepet i større narkotikasak på Jæren
Ny rapport: Disse stedene i Stavanger er mest utsatt ved ekstremregn
Tok avskjed med Tor Martin (19) fra Hommersåk: – En gledesspreder