Jakta på Kielland-svar

Tv: «Katastrofen Kielland» fortel nøkternt, men medrivande, om jakta på svar rundt norgeshistorias verste industriulukke.

«Kian» Reme, til venstre, og Marie Smith-Solbakken har på kvart sitt vis engasjert seg i historia om Kielland-ulukka. Han som pårørande, ho som historikar.
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

I mars er det 42 år sidan norgeshistorias verste industriulukke. 123 menn mista livet då «Alexander L. Kielland»-plattforma gjekk rundt på Ekofisk-feltet.

Andre sesong av «Lykkeland», som hadde premiere på NRK 2. januar, handlar delvis om denne katastrofen, men fortel historia som fiksjon, som tv-drama. «Katastrofen Kielland», som har premiere på TV 2 dagen etter «Lykkeland», fortel historia på tv-dokumentarens vis. Mitt råd er at du ser begge to. Til saman gir dei eit tidsbilete av Norge og Stavanger rundt 1980 og utfyller kvarandre på fascinerande vis.

Ikkje ferdige

Den som måtte tru at me 42 år seinare er heilt ferdige med denne saka, må altså tru om igjen. I «Katastrofen Kielland» møter me både pårørande og overlevande som framleis sit att med mange ubesvarte spørsmål – og ei sorg som ikkje går over. Og så møter me redningsmenn, etterforskarar, tidsvitne og fagfolk som i ettertid har prøvd å finna ut kva som skjedde – og kvifor.

Men hovudtyngda av den nye tv-dokumentaren baserer seg på arbeidet UiS-professor Marie Smith-Simonsen gjennom mange år har stått i spissen for. Og på journalistikken Aftenblad-journalistane Ellen Kongsnes, Tor Gunnar Tollaksen og Tommas Torgersen Skretting har stått bak dei siste fem-seks åra.

Aftenblad-journalistane Ellen Kongsnes og Tor Gunnar Tollaksen har jobba med Kielland-saka gjennom fleire år.

For den som har lese alle bøkene og artiklane som har kome ut av dette omfattande arbeidet – og kanskje høyrt NRKs podkastserie om katastrofen – er det neppe dei store avsløringane eller blanke nyheitene å finna i dokumentarserien. (Her må eg ta atterhald om at eg berre er ein normalt interessert sjåar og lesar, og ingen ekspert på alle detaljane og nyansane i saka.) Men når dette nå blir ein dokumentarserie på TV 2, opnar historia seg for eit større og nasjonalt publikum som neppe har fått med seg dei siste rundane saka har tatt.

Tv-serien legg seg sånn sett tett på forskingsarbeidet og journalistikken som er gjort frå Stavanger, der mykje av poenget har vore å løfta fram ulike stemmer, tankar og teoriar om kva som skjedde og gi folk ei kjensle av å bli høyrt og sett. I så måte spelar også Kielland-nettverket og Odd Kristian «Kian» Reme ei svært viktig rolle i dokumentaren – slik han også har gjort heilt sidan broren Rolf forsvann med plattforma.

Fortid og notid

«Katastrofen Kielland» er nøkternt, men medrivande, fortalt. Serien vekslar mellom notidige møte med pårørande og dei som framleis grev i saka, og arkivmateriale frå tida like etter ulukka. Her er også forsiktige iscenesettingar frå fortidige hendingar. Sånn sett snakkar me formatmessig om klassisk dokumentar-tv utan store formmessige eksperiment.

I 1983 blei vraket av «Alexander L. Kielland» snudd i Gandsfjorden.

Episodane er tematisk delt inn, men grip likevel inn i kvarandre. Eit stort persongalleri har til slutt bidrege med sine perspektiv – og føyer seg slik inn logikken frå Smith-Solbakken og fotograf Tord F. Paulsens bokprosjekt «Plattformen som ikke kunne velte», der me møter 103 personar gjennom tekst og bilete. Boka blei delt ut i 30.000 gratis eksemplar i prosjektet Hele Rogaland leser i 2020.

Samtidig føyer tv-dokumentaren seg inn i rekka av bidrag til Kielland-undersøkingar dei siste åra som heller ikkje kjem med ei endeleg avklaring eller ein tydeleg konklusjon om kva som skjedde den stormnatta i 1980. Du får høyra om dei ulike teoriane, møter dei som prøver å finna svaret, og historia er fortalt på ein måte som gjer at du har lyst til å sjå vidare i neste episode.

Men det endelege svaret som avsluttar historia om Kielland-ulukka og ryddar all tvil av vegen får du ikkje. Heller ikkje denne gongen.

Publisert: