Norge i raudt, kvitt og grått

BOK: Ein roman med like mykje spenst og brodd som ein gjennomsnittleg 17. mai-tale.

Maria Horvei debuterer med romanen «Gratulerer med dagen».
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Maria Horvei: Gratulerer med dagen. Roman. 184 sider. Gyldendal.

Har du flytta frå heimbygda di, kome heim igjen til 17. mai og treft klassekameraten din frå oppveksten? Og kanskje reflektert, i ljoset av høgtida, at me to må då ha mange felles røter, som har hatt så mykje saman i si tid. Og så funne ut etter mindre enn to minutt og tre-fire replikkar i kvar retning at det me har til felles i dag er … i realiteten null og niks.

Kanskje har du ikkje opplevd noko slikt, eller kanskje synest du ikkje ein slik situasjon seier så mykje. Men eg trur han seier litt om debutromanen til Maria Horvei (f. 1988). «Gratulerer med dagen» handlar om fire personar som møtest i bygda dei har vakse opp i, under feiringa av Grunnlovsdagen i 2015. Birger vender heim for å halda tale, Bjørg er leiar for 17. mai-komiteen og er den tidlegare læraren hans, Laila er dottera hennar, Arnold er den omstridde, omflakkande forfattaren. Romanen vekslar mellom å gi synsvinkelen til desse fire.

Horvei er ut frå cv-en ein svært reflektert og erfaren skrivar og tenkar. Kanskje har det blitt for mykje tenking her. Eg vil tru at ønsket hennar med denne romanen er å seia noko kløktig om sånn omtrent kva identitet betyr i skiljet mellom tradisjon og modernitet. Dessverre er «kva identitet betyr i skiljet mellom tradisjon og modernitet» (sånn omtrent) ei problemstilling eg vil tru er lettare å belysa i ei master-oppgåve i idéhistorie. Eg skal ikkje påstå at det er umogleg å gjera det i ein roman. Men eg påstår at Horvei ikkje klarer det i dette tilfellet. 

«Gratulerer med dagen» er prega av at forfattaren prøver å pressa dette tunge tankestoffet inn i ei romanform, utan å ha bearbeidd det nok. Det gir ein papirknitrande stil og ein bismak av sakprosa og pensum: «Ja visst var det sublimt, men Birger ynskte seg ikkje det sublime. Han ville ha det pittoreske.» For mykje blir sagt og tenkt, for lite skjer. Personane er i for stor grad talerøyr for langtrekne og generelle utlegningar, gjerne av statsvitskapleg art. Den lettbeinte, folkelivsskildrande ramma rundt er for lun og kaklande til å gi klangbotn for det svært teoretiske temaet. Det gjennomgåande dilemmaet verkar på same tid for utterpa og for snevert til å bera ein heil roman. Arnold er til tider eit friskt bidrag, med oppmodingar om at heimbyen hans gjerne kan «suge den same pikken som i si tid rævkøyrde han.» Og det kjem eit fint, litterært avsnitt på side 183. Synd me må venta så lenge, i ein roman som kan minna litt om det tannlause preget ein 17. mai-tale ofte har.

Publisert: