Svak roman frå etablert forfattar

BOK: Barndomsskildring som gir lesaren nesten null og niks.

Kristian S. Hæggernes si nye bok er ikkje vellykka, meiner vår bokmeldar.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

Kristian S. Hæggernes: «Flo & fjære». Roman. 238 sider. Cappelen Damm.

Bergensaren Kristian S. Hæggernes (f. 1972, debut 2004) nærmar seg 20 års ansiennitet som skjønnlitterær forfattar, både innan lyrikk og prosa. Tidlegare har han fått varierande tilbakemeldingar i denne spalta; svært god for ein roman for fire år sidan, medan samlinga «Fotballspillet og andre fortellinger» i fjor var under middels.

I romanen «Flo & fjære» er hovudpersonen ein ti år gammal gut ved namn Daniel. Han reiser på hyttetur med familien, deriblant farfaren, som er sentral i livet til ungguten. Handlinga går truleg føre seg tidleg på 90-talet. Gjennom leiken og fantasien, særleg rundt lego-figurane Daniel alltid har med seg, prøver Hæggernes å gi eit innblikk i barndommen og eit blikk på oss sjølve, sett gjennom auga til ein tiåring.

Forsøket kan ikkje seiast å vera vellykka, verken i oppbygging, innhald eller språkleg utføring. Sjølve handlinga er omtrent ikkje-eksisterande, og byr knapt på hendingar eller vendingar før dei aller siste kapitla. Ein kan ana eit tilløp til intrige etter rundt 200 sider, men hendinga som gjer eit sterkt inntrykk på Daniel inntreff først heilt på slutten. På dei siste sidene klarer forfattaren å gripa lesaren ved å skildra Daniels reaksjon på det dramatiske som skjer. Det framstår som eit forteljemessig feilgrep at denne hendinga er lagt til slutten. Elementet som kunne ha skapt ei utvikling, kjem altfor seint til å utgjera noko vesentleg. 

Heller ikkje språkleg synest eg romanen held mål. Forfattaren prøver å få til eit slags barnleg blikk gjennom Daniels skildringar. Enkelte gonger lykkast denne strategien, til dømes med betraktningar som «Hytten er mindre enn huset vårt.» Men for det meste skin det for tydeleg gjennom at dette er ein vaksen som prøver å skriva som eit barn, utan å få til ein naiv og undrande stil. Resultatet blir i staden trivielt, flatt og banalt: «Jeg spiser et hardkokt egg, som jeg har delt opp i skiver med eggdeleren og lagt på brødskiven. Siri spiser et bløtkokt egg. Det er ekkelt å se sølet av plommen som renner nedover skallet og klistrer seg til eggeglasset.»

Det er merkeleg at ein lyrikar har ei språkføring nærast utan metaforisk kraft, kreativ ordbruk eller underleggjerande grep. Eg vågar å påstå at Hæggernes har fått utgitt denne romanen meir på bakgrunn av tidlegare prestasjonar enn kva han får til denne gongen. «Flo & fjære» verkar som ei unødvendig utgjeving.

Publisert: