Blant asosiale, kriminelle, pøbel og pakk

BOK: Novellesamling med gjennomført outsider-perspektiv, der starten og slutten er sterkast.

Majken van Bruggen sine forteljingar er ofte prega av ein nyansert varme overfor figurane, utan at det blir sentimentalt, skriv vår meldar.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Majken van Bruggen: Utskudd. Noveller. 126 sider. Kolon forlag

Grade: 4 out of 6

Ordet «utskudd» er i overført tyding «noe som er vraket eller skutt ut, kriminell eller asosial person, pøbel, pakk», i følgje Bokmålsordboka. Nynorskordboka kan føya til «ubrukande sortering» og «slyngel, ramp» på lista over nedlatande karakteristikkar. I tittelen på novellesamlinga til Majken van Bruggen (f. 1973, debut 2008) er dette gammalmodige skjellsordet ein slags lun, ironisk fellesnemnar for persongalleriet: På ulike måtar har figurane i novellene hamna på utsida av det gode selskap. Men sidan dei har forteljarperspektivet, får me lesarar sympati for «avvikarane,» og anar at dei på ymse vis er offer for omstenda.

Samlinga opnar sterkt med «Ford Galaxy», der forfattaren byr på nostalgisk 80-talsstemning kombinert med eit klassisk litterært motiv: Den litt for unge jenta og den litt for gamle mannen. Hovudpersonen Vesla har trøbbel i heimen og innleiar eit slags forhold til Ford Galaxy-eigaren, som plar henga utanfor skulen. Sjølv om temaet er velkjent og handlinga ikkje byr på så overraskande vendingar, er forfattaren god til å skapa ei spenning ved å subtilt halda tilbake sentral informasjon om figurane og miljøet. Og heller ikkje dela ut eintydige skurke- og offer-roller.

I avslutningsnovella «Ane Liane» møter me den endå yngre jenta Ane. Ho har nokre av dei same utfordringane hjå sine næraste vaksne, som ikkje gir henne den tryggleiken ho treng. Heller ikkje veneflokken bidrar positivt, tvert imot, og Ane søker trøyst hjå den mystiske nabojenta Miranda. Men kven er ho eigentleg, og kva motiv har ho? Teksten er innimellom prega av litt for mykje vaksenrasjonalisering til å vera fortalt av ei så ung jente. Skildringa av einsemda, i eit klart og reinskore språk, gjer likevel inntrykk, og leiar fram til eit sluttpoeng som er ganske sjokkerande.

Tekstane mellom desse to er meir ujamne, både språkleg og i oppbygging. Van Bruggen kan tidvis gjera premisset for synleg tidleg i tekstane og bli noko referat-aktig. Ved eit anna høve, i «White Beach,» speler ho opp til eit poeng som ikkje kjem, noko som gjer ei spennande kriminalhistorie litt uforløyst. Ofte er derimot forteljingane prega av ein nyansert varme overfor figurane, utan at det blir sentimentalt. Som i «Vikaren,» der ein lengtande rullestolbrukar blir forelska i ein svært utradisjonell heimehjelp.

PS: Tittelordet kan i konkret tyding vera «framstikkande del av noko (…) takskjegg; framspring på hus,» ifølgje dei same ordbøkene. Eit utskudd kan altså òg vera eit tilskudd.

Publisert: