Omstendeleg jakt på seg sjølv

FILM: Det er komplisert når to barndomskompisar må prøva å finna ut om dei har andre kjensler for kvarandre enn berre vennskaplege. Men det blir for omstendeleg fortalt i «Matthias & Maxime».

Matthias og Maxime har vore venner heile livet. Men har dei eigentleg fleire og større kjensler for kvarandre?

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

MATTHIAS & MAXIME

Sjanger: Drama. Regi: Xavier Dolan. Med: Harris DickinsonXavier DolanAnne Dorval. Nasjonalitet: Canada, 2019. Språk: fransk. Lengde: 1 time, 59 min. Aldersgrense: 9 år.

Maxime skal flytta frå heimbyen i Canada til Australia for å jobba i to år. Men før den tid må han ta farvel med ei rusmisbrukande mor han har eit komplisert forhold til. Og så må han ta farvel med kompisgjengen. Blant dei Matthias, som har vore bestevenn sidan barndommen. På pussig vis hamnar dei to i ein situasjon der dei må kyssa kvarandre, noko det viser seg at dei også har gjort ein gong i ungdommen – sjølv om Matt har gløymt det. Kysset får fram kompliserte og undertrykte kjensler. Finst det ei sterkare tiltrekking mellom den strigla advokaten med søt kjærast og den tatoverte bartenderen med vanskeleg familiebakgrunn?

Det handlar altså om store og tunge spørsmål i Xavier Dolans nye film, som var i hovudprogrammet på Filmfestivalen i Cannes, og også har stått på programmet til Filmfestivalen i Haugesund denne veka.

Sjølv om tematikken er ganske tung og eksistensiell, er forma lett og kvardagsleg. Me følgjer både Matt og Max med handhalde kamera – som tidvis kan bli i overkant energisk – gjennom ei rekke situasjonar fram mot avreise. Opptil fleire festar med kompisane, middagar og samtalar med familie, med arbeidskollegaer og sjefar, på hyttetur og heime. Den eventuelle tiltrekkinga mellom dei to er også godt undertrykt i sjølve historieforteljinga. Her er eitt og anna hint, du merkar godt at dei to kvar for seg har mykje å tenkja på, men temaet blir lite snakka ope om.

I lengda blir det litt for langt og lenge, litt for omstendeleg, litt for lite framdrift til at denne meldaren tykte det blei interessant nok til å fylla to timar i kinostolen. Det blir litt i overkant kvardagsleg, litt som å vera med folk du ikkje kjenner i deira interne sjargong og liv. Sånn sett kan ein gi pluss for realismen i det heile, og for å ta tak i ein interessant tematikk, men det blir for omstendeleg, for mykje utanom det som burde vore forteljingas kjerne.

Publisert:
  1. Filmanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Film
  4. filmer
  5. Filmfestivalen i Haugesund

Mest lest akkurat nå

  1. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  2. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  3. Farse har blitt Jærens mest populære lunsjrett

  4. Go-Ahead kutter avganger på Jær­banen allerede fra fredag

  5. Podkast

  6. Åtte forelegg for trafikkforbud i Kongsgata