Brutalt og vakkert om menneskets råskap

FILM: «The Painted Bird» går inn i menneskets aller mørkaste sider. Det er både vondt og vakkert å sjå på.

Publisert: Publisert:

Den vesle, jødiske guten prøver å overleva i eit ugjestmildt landskap.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6

The Painted Bird

Med: Udo KIer, Stellan Skarsgård, Harvey Keitel, Barry Pepper, Julian Sands.
Sjanger: Krigsfilm. Regi: Václav Marhoul. Nasjonalitet: Tsjekkia, Slovakia, Ukraina, 2019. Aldersgrense: 15 år. Språk: Interslavisk. Lengde: 2 timar, 49 minutt.

Okei, eg innrømmer det: Eg er blant dei som ikkje akkurat kjenner det kribla i kroppen av glede og lyst når eg høyrer om ein nesten tre timar lang film i svart-kvitt der dei – i den grad noko blir sagt – snakkar slavisk. Men «The Painted Bird» gjer alle mine fordommar og min skepsis til skamme. Dette er rett og slett ein fantastisk flott – om enn grufull – film.

For det første: Det er sjeldan du ser ein film på det store lerretet der nesten kvart einaste bilete kunne blitt printa ut og hengt på veggen som fotokunst. «The Painted Bird» er filma av den tsjekkiske meisterfotografen Vladimír Smutný, på 35 mm svart-kvittfilm. Det gir ein sølvtone, eit detaljnivå og ei djupn i bileta som er heilt spesiell. Det er rett og slett ei estetisk nyting å sjå bileta som spelar seg ut på lerretet – same kor fælt det som skjer er.

«The Painted Bird» viser menneskeleg råskap i alle slags fasettar. Det er både vondt og vakkert å sjå på.

Filmen er basert på ein kontroversiell roman frå 1965, skriven av den polsk-amerikanske forfattaren Jerzy Kosiński (1933–1991). (Romanen «The Painted Bird» blei forboden i Polen fram til Berlinmurens fall i 1989 fordi han blei definert som «anti-polsk»). Handlinga er mørk, dystopisk og brutal: Me er mot slutten av 2. verdskrigen. Ein liten – jødisk? – gut (Petr Kotlár) er sendt ut på landet for å bu hos ei gammal fostermor i eit forblåst, karrig, austeuropeisk landskap. Når fostermora så døyr, er guten overlaten til seg sjølv.

Han legg ut på vandring. Men i staden for hjelp og sympati, møter han vondskap, vald, vankunne og overgrep av alle tenkjelege slag på sin veg. Det er som om han sjølv også bringar ulukke med seg på si vandring. Ingen kjem godt ut av å ha møtt den vesle, herja jødiske guten – som på merkeleg vis gjennom all brutaliteten og jævelskapen held si stoiske, rolege maske.

Gutungens ferd gjennom krigslandskapet er som ei lang, grufull reise gjennom bestialitetens historie og menneskets råskap. Og den råskapen er felles, enten ein er tyskar eller polakk, nazist eller kommunist, mektig eller undertrykt. Her er langt mellom dei snille, det finst mørke og smerte i dei aller fleste, og det viser regissør Mahoul grundig og usminka fram. Her er scener som vil få det til å velta seg i magen hos enkelte.

Det er krig, vondskapen er total.

Samtidig er det ei historie om å overleva, om gutungens ulike strategiar og tilpassingar for å koma seg gjennom alt det fæle som skjer. I det perspektivet finst her eit element av håp, av eit slags lys i mørket.

Midt i denne vandringa gjennom det utpinte, austeuropeiske landskapet fullt av slaviske fjes du neppe har sett før, dukkar plutseleg overraskande kjende og internasjonale ansikt opp i fleire av rollene. Tyske Udo Kier som sjalu og valdeleg ektemann. Svenske Stellan Skarsgård som tysk soldat. Amerikanske Harvey Keitel som prest. Britiske Julian Sands som bonde.

«The Painted Bird» er nok ikkje ein film for alle. Du må tola mørke, brutalitet, dystopi og råskap på film for å kunna setja pris på dette. Men toler du det, og er du i stand til å setja pris på uendeleg vakre bilete og ei frykteleg sterk historie, bør du koma deg på kino.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Risikerer å gå glipp av kunnskap om både Stavangers historie og norgeshistorien

  2. Arvid Mæland vil hogge ut hodet til kong Harald i fjellet og sette opp «Sound of music» ved Ørsdalsvatnet

  3. Kollapset i løp: Nå har Jakob Ingebrigtsen funnet ut hvorfor

  4. Kvinne på biltur fra Midt-Norge smittet familiemedlemmer i Sandnes

  5. Slår Oilers tilbake mot Sparta?

  6. Svensk studie: Alle koronasmittede utviklet antistoffer

  1. Anmeldelse
  2. Filmanmeldelse
  3. Film