Smart brasilianar

FILM: Original vri rundt tru, brasiliansk samfunnskritikk – og Messias.

Publisert: Publisert:

Sterkt religiøse og familieorienterte Joana strevar med å få barn. Så skjer det noko overraskande. Foto: Diego Garcia

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 of 6 stars

Guddommelig kjærlighet

Originaltittel: Divino amor. Sjanger: Drama. Med: Dira Paes, Julio Machado, Emilio de Melo, Teca Pereira, Calum Rio. Regi: Gabriel Mascaro. Nasjonalitet: Brasil, 2019. Lengde: 1 t. 40 min. Aldersgrense: 18 år

Regissør Gabriel Mascaro ville skildra korleis den brasilianske staten gjennomfører sin religiøse agenda. Men i staden for å gjera det slik filmskaparar og andre kunstnarar gjerne gjer, gjennom å velja seg ein synsvinkel og ein hovudkarakter som er kritisk til det som skjer, valde Mascaro å fortelja historia frå ståstaden til ein karakter som støttar dette konservative, religiøse skiftet med heile sitt hjarte og heile sin kropp.

Det – pluss ei overraskande og smart vending eg ikkje skal røpa her – gjer «Guddommelig kjærlighet» til ein både vakker og ikkje minst intelligent film.

Joana (Dira Paes) er ei sterkt religiøs kvinne som jobbar i det brasilianske byråkratiet. Året er 2027, staten registrerer folk gjennom DNA-koden sin, går du inn i ein butikk eller eit offentleg kontor, registrerer og opplyser sensorar om du er gift eller skilt – eller om du er gravid.

Joanas jobb er å ta imot søknadar om skilsmisse – men er så oppteken av familie at ho prøver å få klientane sine til å droppa skilsmissa og prøva igjen.

Den religiøse sekta «Guddomelig kjærlighet» praktiserer ein del underlege ritual.

Privat strevar denne sterkt religiøse og familieorientert kvinna med at ho ikkje klarer å bli gravid. Ho og mannen gjer alt dei kan, inkludert å delta i ei ganske merkeleg religiøs gruppe kalla «Guddommelig kjærlighet». Der les dei sine bibelvers – men praktiserer også rikeleg med forsøk på forplantning, direkte skildra i filmen.

Leona er dermed i ein vond og paradoksal situasjon. Ho lever i eit sterkt religiøst samfunn, med lett forskrudde tankar rundt forplantning og barn – det er umogleg å sjå dette utan å samtidig tenkja på «A Handmaid´s Tale» – men ho får ikkje barn.

Men så skjer det altså ei vending som gjer det heile endå meir komplisert, som snur mykje på hovudet og gjer det heile veldig interessant. For å seia det sånn: Både Joana og omgjevnadene får testa trua si.

Tidvis går det litt sakte. Bileta er dvelande – men vakre. Filmen gjorde lukke både på Sundance-festivalen og Berlinnalen, og er ein fin og alternativ julefilm til ettertanke også i bibelbeltet i Norge.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik kan du med bevisste valg spare over 10.000 kroner

  2. Lasse Matberg med i Farmen Kjendis

  3. Full isolasjon i koronaperioden for Venstre-leder med sjelden sykdom

  4. Silikon-problemer, sa legene da hun fant en kul. Nå forbereder Waneska seg på å dø

  5. 16-åring brakk nakken da han stupte – nå vil familien advare andre

  6. 882 flere rogalendinger, men folketallet minker i disse kommunene

  1. Film
  2. filmer
  3. Anmeldelse
  4. Filmanmeldelse
  5. Brasil