– Eg prøver å trø veldig forsiktig

Professor Marie Smith-Solbakken kvidde seg lenge for å gå inn i Kielland-ulukka. Men dei seks siste åra har ho prøvd å løfta fram stemmene som ikkje blei høyrde då den offisielle norske versjonen blei skriven.

Publisert: Publisert:

Marie Smith-Solbakken trur det vil koma ein ny og samansett konklusjon på kva som skjedde då «Alexander L. Kielland» velta for 40 år sidan. Men så langt sprikar forklaringane. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– 40 år har gått sidan Kielland-ulukka. Veit me i dag kva som eigentleg skjedde?

– Me er usamde om kva som skjedde.

Marie Smith-Solbakken er professor i historie ved Universitetet i Stavanger. Dei siste seks åra har ho forska på Kielland-ulukka og vore sentral i oppbygginga av ein minnebank der vel 300 involverte fortel sine historier. Minnebanken finst i fem bind og er digital.

– I minnebanken ligg alle forskingsnotata og samtalane eg og mine medarbeidarar har gjort på vegen. Her er overlevande, pårørande, journalistar, legar, forsikringsagentar og dykkarar. Mange ønskjer å bli høyrde, at stemma deira skal få syngja. Å få desse stemmene fram, har vore det viktigaste me har gjort, seier Smith-Solbakken.

Før helga blei det kjent at boka ho har redigert saman med fotograf Tord F. Paulsen skal trykkast opp i 30.000 eksemplar og delast ut gratis i prosjektet «Hele Rogaland leser». I boka «Plattformen som ikke kunne velte» møter me 103 involverte i tekst og bilete.

Les også

Heile Rogaland skal lesa om Kielland-ulukka

Framleis strid

40 år etter noregshistorias største industriulukke er det altså framleis strid om kva som skjedde denne stormfulle marskvelden i 1980. 123 menn mista livet. 89 overlevde.

Enkelt sagt finst det fire årsaksforklaringar:

  • Den regjeringsoppnemnde undersøkingskommisjonen, leia av NTNU-professor Torgeir Moan, konkluderte i 1981 med at ulukka skuldast eit utmattingsbrot i eit støttestag. I praksis at feilen låg i produksjonen frå det franske verftet.
  • I 1983 kom ei fransk undersøking til at det var feil bruk av plattforma som var det avgjerande for katastrofen – ikkje berre sveisefeilen. Franskmennene la dermed også skuld til Norge.
  • Ein annan teori hevdar ulukka skuldast ein eksplosjon på grunn av ein nymontert gassentral rundt søyla som ramla av. Førstesideoppslaget i Aftenbladet dagen etter ulukka handla om dette. Ifølgje Smith-Solbakken lever teorien om eksplosjon framleis i det metallurgiske miljøet som var knytt til Universitetet i Oslo, der dei aldri fekk forska ferdig på saka.
  • Den fjerde teorien – som Smith-Solbakken er ein representant for – gir ei samansett forklaring. Den peikar på ein kombinasjon av strukturell kollaps, manglande og mangelfulle inspeksjonar, at ein ikkje praktiserte godt sjømannsskap og braut regelverket for lasting på riggen:

– Sjølve ulukka skuldast at ein fot falt av, og handlar om konstruksjonen. Men katastrofen – at plattforma gjekk rundt i løpet av berre 20 minuttar – skuldast at dører og skott stod opne, slik at det kom inn vatn, seier Smith-Solbakken.

Skråsikker kommisjon

Ho er litt forskrekka over at kommisjonsleiar Torgeir Moan den dag i dag er så skråsikker. Til Bergensavisen sa Moan denne veka at andre spekulasjonar om årsaker til ulukka enn dei kommisjonen dokumenterte ikkje er understøtta av noko som helst prov. «Jeg må nesten le av det,» svarer Moan når han blir spurt om kva han meiner om at Kielland-nettverket vil ha ei ny og uavhengig undersøking av heile sakskomplekset.

– Det tekniske miljøet og leiaren for kommisjonen viser altså ingen tvil 40 år etter. Dei legg berre vekt på den utløysande årsaka, men ikkje på sjøsikringa, seier Smith-Solbakken.

Parallelt med den offisielle, norske forklaringa har det gjennom 40 år vore dei som har opponert mot Moans konklusjonar. Arbeidarar som jobba i Nordsjøen på 80-talet, som observerte stramme ankerkjettingar, feil fortøying, supplybåtar som dunka mot plattformbeina, for hard drift i pionertida i oljebransjen.

– Korleis kan det ha seg at det framleis er strid om forklaringa?

– Eg trur det handlar mykje om prosessen i Norge i etterkant. Den var veldig lukka, svarer Smith-Solbakken.

Les også

40 år etter «Kielland»-ulykken stiller overlevende og etterlatte fortsatt spørsmål: – Hvorfor?

Lukka prosess

Ho var nyleg i Canada og las gjennom store delar av deira gransking av Ocean Ranger-ulukka i 1982. Der deltok både bistandsadvokatar og stenografar i avhøyra av dei involverte, alt blei notert nøye ned.

– Avhøyra i Norge skjedde med undersøkingskommisjonen og politiet. Ingen andre enn oljeselskapet Phillips hadde med seg advokat. Og så blei det i ettertid laga samandrag, utan at du kan lesa spørsmåla eller nøyaktig kva folk svarte. Eg har møtt i alle fall to personar som meiner dei ikkje sa det som blei skrive ned i samandraget, seier Smith-Solbakken.

Fleire overlevande opplevde også at kommisjonen ikkje var interessert i å høyra deira synspunkt på sikkerheita om bord.

– Overlevande Kåre Magne Kvåle sa til dømes i avhøyr at plattforma ikkje var sikra, men då blei kommisjonsleiar Moan sint og sa han ikkje fekk snakka om det. Dette har folk ikkje gløymt. Så nå fortel dei svært gjerne til journalistane og til forskarane.

Les også

– Ulykken på Kielland skjedde like etter at jeg løsnet gangbrua fra Edda

Kvia seg

Overraskande nok skulle det gå lang tid før journalistane og forskarane gjekk grundig og meir kritisk inn i Kielland-materien. Det gjeld også Smith-Solbakken.

– Eg har også lurt på kvifor ein ikkje har gått grundigare inn i dette før. Då eg på 1990-talet skreiv doktoravhandlinga mi om oljearbeidarkulturen, hoppa eg over Kielland-ulukka. Det blei for komplisert. For traumatisk. Eg var småbarnsmor. Eg orka ikkje å gå inn i det.

Då ho seinare var med på å skriva Norsk oljehistorie med oljehistorikar Helge Ryggevik, var dei innom Kielland-ulukka. Men dei gjekk berre inn i den offisielle forklaringa og det undersøkingskommisjonen hadde konkludert med, og kom med noko systemkritikk.

– Eg gjorde det med litt dårleg smak i munnen. Eg tenkte eg skulle gått meir inn i det.

I 2005 skreiv Ryggevik ein kronikk i Dagbladet der han hevda at oppfatninga rundt Kielland-ulukka var for enkel utan å ha med den franske rapporten. Men så skjedde det liksom ikkje meir.

– Eg tenkte vel som andre: «Kva anna kan ein venta av desse franskmennene?» Eg såg på det som ein landskamp – utan at eg hadde undersøkt saka sjølv. Og så var det jo veldig bekvemt å kunna leggja all skuld på Frankrike, seier Smith-Solbakken.

Les også

Alexander L. Kielland-ulykken: Gjorde myndighetene det de skulle?

Fransk forlik

Men så begynte fleire Aftenblad-journalistar å interessera seg for saka. I 2016 fann Aftenblad-journalist og historikar Ellen Kongsnes – som har samarbeida med Smith-Solbakken – eit hemmelegstempla forlik mellom operatøren Phillips, den norske forsikringspoolen og det franske verftet frå 1991. Etter ein ti år lang rettsprosess betalte franskmennene ti millionar kroner til dei norske interessene. Kravet var på 700 millionar.

– Dette var heilt klart eit tap for Norge og den offisielle norske forklaringa, seier Smith-Solbakken.

– Korleis har du blitt møtt når du har gått inn i dette?

– Av arbeidarane og dei pårørande blir eg møtt veldig varmt.

I historiemiljøet møter ho også stor støtte og interesse. Det same gjeld i fagrørsla.

Usynleg motkraft

– Men samtidig opplever eg ei usynleg motkraft. Eg veit ikkje heilt kor ho er eller kva ho består av. Så eg er veldig forsiktig, passar meg. Eg veit eg går inn i eit område der det er mykje pengar, der det er mange kjensler og prestisje. Så eg prøver å trø veldig forsiktig.

– Går det an å bli meir konkret på kva du meiner med «usynlege motkrefter»?

– Folk eg kanskje hadde venta ville kommentera saka, snakkar ikkje. Eg høyrer slengkommentarar om at eg driv med skandalisering. «Dette har me jo høyrt før», seier somme. Men eg påstår ikkje at det eg er med på å løfta fram er nytt. Eg er eit medium som prøver å representera stemmene til dei som har hatt ein liten plass i det offentlege rommet så langt.

Dei døde er døde

Smith-Solbakken meiner mange også har vore meir interesserte i å sjå framover, utvikla nye sikkerheitssystem, læra av kva som gjekk gale på Kielland-plattforma.

– Ein del ser ikkje poenget med å gå inn i det som var. Dei meiner at dei døde er døde. At dei ikkje blir levande igjen av å diskutera Kielland-ulukka, seier ho.

I den grad ein slik katastrofe kan bringa noko godt med seg, handlar det nettopp om dette. Om å læra av det som gjekk gale den kvelden i mars 1980.

– Det norske arbeidslivet kviler på medbestemming, på at arbeidarane også skal vera delaktige, på eit samarbeid mellom arbeidstakarorganisasjonar og arbeidsgjevarar, blant anna for å utvikla nye sikkerheitssystem. Arbeidarane blei ikkje tekne på alvor i undersøkingsarbeidet etter Kielland-ulukka. Dei fekk ikkje uttala seg, blei skulda for å mangla fagleg kunnskap, for å vera konspiratoriske. Slik er det ikkje lenger. Nå lyttar ein også til arbeidaranes innsikter, seier Smith-Solbakken.

– Trur du det nokon gong vil koma ein konklusjon på kva som skjedde med Kielland-plattforma?

– Ja. Prosessen har allereie begynt. Ein går frå den einsidige til ein samansett konklusjon. Men skal me koma heilt i mål, må det trekkjast inn eit internasjonalt fagmiljø som vurderer materialet på nytt.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Dette må du vite om busstreiken

  2. Fire nye koro­nasmit­tede i Stavanger – ett av tilfel­lene har ukjent smitte­kilde

  3. Amerikanske medier: Trump har valgt Barrett til Høyesterett

  4. Flere voldsepisoder, knust busskur og ruskjøring i natt

  5. Kjøkkenet ligger 143 meter over havet – i Stavanger

  6. Flyttet fra leilighet i byen til minihus på landet: - Man må ofre noe for å bo som dette

  1. Alexander L. Kielland-ulykken
  2. Universitetet i Stavanger