Skremmande realistisk frå polarisert Danmark

FILM: Uhyggeleg realistisk om radikalisering og etniske spenningar i Danmark i vår nære framtid.

Publisert: Publisert:

Kan Danmark få ein høgreradikal statsminister som Martin Nordahl (Rasmus Bjerg)? I «Sønner av Danmark» er det ei svært aktuell problemstilling.

Grade: 5 of 6 stars

SØNNER AV DANMARK

Originaltittel: Danmarks sønner. Sjanger: Drama, Thriller. Med: Imad Abul-Foul, Ari Alexander, Ivan Alan Ali, Rasmus Bjerg, Morten Holst, Mohammed Ismail Mohammed. Regi og manus: Ulaa Salim. Nasjonalitet: Danmark, 2019. Lengde: 1 time 58 min. Aldersgrense: 15 år.

Ei bombe eksploderer midt i København. Det største terroråtaket på dansk jord er eit faktum. Korleis slår dette ut i eit stadig meir polarisert Danmark – i nær framtid?

Dette er utgangspunktet for Ulaa Salims debutfilm «Danmarks sønner». Då han først skreiv manuset som fersk filmskulestudent i 2013, fekk han tilbakemeldingar om at historia var for urealistisk. Få år seinare kjennest det som eit deprimerande realistisk og relevant – om enn sett veldig på spissen – innlegg i samtidsdebatten.

Året er 2025. Polariseringa og radikaliseringa har auka på i Danmark, kvite nasjonalistar går til åtak på muslimar og andre innvandrarar. Den ekstreme høgrepopulisten Martin Nordahl er i medvind i valkampen, kan han bli Danmarks neste statsminister?

Midt oppi dette blir 19 år gamle Zakaria rekruttert og radikalisert av folk som vil bruka like ekstreme verkemiddel mot dei ekstreme danskane.

Kva skal 19 år gamle Zakaria gjera i eit Danmark der hatretorikken og valden rammar han og hans familie? Kva skal han gjera for å bidra til at minstebroren får ei betre framtid?

Noko av styrken i «Danmarks sønner» er nettopp at me blir kjende med radikaliseringa på begge sider, at begge polane i polariseringa er representert. Og så skjer det ei vending midtvegs i filmen som du ikkje ser koma, og som snur opp ned på ting.

Det heile er røft filma og klypt, forma forsterkar det realistiske og autentiske preget. Skodespelarprestasjonane er også gode. Særleg vondt er det å sjå korleis uskuldige partar som barn og familie blir virvla inn i hendingar dei ikkje rår over.

Alt i alt er «Sønner av Danmark» eit skremmande aktuelt bidrag i polariseringas tidsalder. Men som i tillegg fungerer godt som film, som politisk actionthriller. Start gjerne 2020-talet med å sjå denne filmen – og sjå kor me definitivt ikkje vil at me skal vera i 2025.

Publisert: