Bygdedyret og arvesynda

BOK: Når pådytta arvesynd får kveik, raserest heile bygdelag i Berit Rødstøls nye roman.

Publisert: Publisert:

Berit Rødstøl skaper ein vakker roman av alt det fæle og vonde, skriv Aftenbladets meldar. Foto: Oda Berby

  • Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker

Grade: 5 out of 6

Berit Rødstøl: Etter punktum. Roman. 255 sider. Samlaget.

Berit Rødstøl (1979) debuterte for ti år sidan med den stilsikre og stiliserte romanen «Himmelreisande», med handling frå romfartens tidlege år, då russarane i det mest avanserte eksperimentet så langt og som dei første sende eit pattedyr i bane rundt jorda: Gatehunden Laika hadde ikkje gjort noko anna gale enn å bli fanga inn til det bruk. Han brann i hel – som fysikarane den gongen i 1957 på førehand jo visste ville skje.

Det dei ikkje visste, var om pionerhunden ville overleva sjølve oppskytinga og slik fyka i brodden for seinare menneskereiser. Moralen i eksperimentet fekk andre ta seg av – slik t.d. Berit Rødstøl drøfta i kunstnarleg form med «Himmelreisande». 

Hovudpersonen i hennar andre roman, «Etter punktum», der handlingsrommet spenner over eit tidsrom frå tidleg 1990-tal fram til 2018, er også heilt uskuldig i den kjenslemessige massakren som blir resultatet av ei dødsulukke i byrjinga av romanens tidsrekning: Då Stine var bare ein jentunge, var far hennar bussjåfør for ein gjeng fotballungdommar som veninna hennar ikkje kom levande frå.

I tida etter blei dei utsette for hat, og hemnreaksjonar, vald, utfrysing og skuldingar som i bokstaveleg tyding gjorde det uleveleg for sjåførens vesle familie. Då romanen opnar i mai 2017 har Stine etter mange år nettopp flytta tilbake til den nedsarva foreldregarden. Mor og far er døde. Faren heldt ikkje ut skuldkjensle og hatet han opplevde; mora svann hen. Garden ligg brakk og forfell.

Men då Stine som vaksen kvinne nå kjem tilbake for å restaurera praktiske og kjenslemessige ruinar, får ho oppleva at godt som heile bygda er trufaste hatarar: Dei har ikkje sett punktum tjue-tretti år etter dødsulukka. I minna til Stine om det som ein gong hende, og åra fram til ho vågar seg heim att, teiknar Berit Rødstøl eit samfunn som halsar fram på ryggen av bygdedyret. 

Arvesynd kan aldri setja punktum, men veks som kreft der ingen lyder Herrens bøn: «forlat oss vår skuld, som vi forlèt våre skuldmenn». Med litterært kammerspel og nokre få stillferdige røyster klarer Berit Rødstøl det kunststykket der er å skapa ein vakker roman av alt det fæle og vonde som «Etter punktum» elles er så nådelaust spekka med.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Risikerer å gå glipp av kunnskap om både Stavangers historie og norgeshistorien

  2. Arvid Mæland vil hogge ut hodet til kong Harald i fjellet og sette opp «Sound of music» ved Ørsdalsvatnet

  3. Kollapset i løp: Nå har Jakob Ingebrigtsen funnet ut hvorfor

  4. Kvinne på biltur fra Midt-Norge smittet familiemedlemmer i Sandnes

  5. Slår Oilers tilbake mot Sparta?

  6. Svensk studie: Alle koronasmittede utviklet antistoffer

  1. Roman
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Litteratur
  5. Bok