Einsam vandrar

Publisert: Publisert:

kleiva.jpg

  • Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Ein kan ha så mange grunnar for å reisa. Men enten ein nå reiser frå noko eller til noko, eller bare befinn seg sånn midt imellom og i limbo, er ein heile tida med sjølv. Og som vi veit, den som gjer ei reise, har alltid noko å fortelja.

Rønnaug Kleiva (1951, debut 1985) reiser mykje og aleine. Ho gjer det for å sjå kva ho får sjå, og ho reiser «når alt blir for vanskeleg Det er derfor eg reiser så mykje.» Ikkje at vanskane gløymest når ho reiser, men «Ein får nye vanskar å hanskast med. Alt det praktiske som må ordnast, til dømes.» Slik får ho mykje å gjera, og mykje å fortelja etterpå.

Det som til å begynna kan sjå ut som små lettvektige kunstjournalistiske reisebrev og poengterte situasjonsrapportar — dei er elles fikse nok, ballar under vegs på seg så dei får samanhengande skap av ein (sjølvbiografisk) roman. Det blir særleg tydeleg der kapitlet «Saranda, Albania. Ei ung kvinne fortel» blir følgt av dei korte titlane «Då far min døyr», «Gravenstein, Ingrid Marie, Summerred» og «Mor mi ut av livet», alle tre på mindre enn éi side kvar.

Med sekk på ryggen og overlevingskniv i sidelomma er einegangaren Kleiva fjernt frå den romantisert flegmatiske flanøren. Ho er tøff, kjenslevar (for fleire enn seg sjølv), pragmatisk og lakonisk, ironisk og sarkastisk. Her er mange vakre møte med menneske som held ut sine liv utan faktar, og også elegante avkledningar av privilegert sentimentalitet. Og ho gjer opeøygd opp sitt eige bestikk: «Det er ikkje farleg.»

Den rytmisk lydspelande tittelen «Armenia, Albania, Argentina» med sitt bokstavrim og sine firestavingsord kling godt, men skjuler samstundes at forfattaren på si ferd også tar lesarane med til Georgia, Tyrkia, Bulgaria, Hellas, Makedonia og Kroatia. Dei lesarane har mangt å gle seg over, i lag med ei motig og tøff kvinne og ein forfattar som tar eg-romanforma heilt ut, i møte med menn og annan røff kultur. Og natur.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Gjestfriheten overfor bobilturister varierer, men et sted skiller seg ut som klart best

  2. Kafé i Sirdal legger ned driften

  3. Dagen før dette bildet ble tatt, fikk Anne Marit og Terje dødsdommen

  4. Skulle landet på Sola forrige uke: Nå har New York times skrevet om nordmannens spesielle reise

  5. «Donald Trump nekter å bli med i en eksklusiv klubb som vil ha ham som medlem»

  6. Vil beholde 110 km/t i Rogfast: - Kan ikke spare oss til fant

  1. Bokanmeldelse
  2. Litteratur
  3. Anmeldelse